Norske SJUR skal erobre Rådhusplassen med Isac Elliot

Første artistslepp ute til VG-listashowet i Oslo!

– Det å få lov til opptre på Rådhusplassen er ein draum som går i oppfylling!

Det seier den norske super-DJ-en SJUR til P3.

22. juni står han på scenen saman med Isac Elliot når Nordens største gratiskonsert går av stabelen på Rådhusplassen i Oslo. VG-lista Topp 20 samlar norske og internasjonale stjerner til eit forrykande show, og SJUR ft. Isac Elliot er første namn ut av dei som skal lage fest denne junikvelden.

– Eg har vore gjest på VG-lista eit par gonger, men i år skal eg spele sjølv – så det blir spennande! For meg er VG-lista på Rådhusplassen ein perfekt start på festivalsommaren, seier SJUR.

Kva kan dei 70 000 publikummarane forvente seg når de går på scenen?

– 70 000!? Du seier det, ja… Nei, veit du kva, dei som kjem kan forvente seg eit heidundrande bra show av Isac Elliot og meg.  Eg gler meg stort!

Finske Isac Elliot har spelt utselde show over heile Skandinavia dei siste åra. Sist 17-åringen besøkte Rådhusplassen tok han eit hylande publikum med storm.

– Det begynner å bli ei stund sidan eg spelte i Noreg no, så eg gler meg til å gå på den magiske VG-lista-scenen. Noreg og norske fans har ein spesiell plass i hjartet mitt – det er på ein måte min andre heim, seier ein spent Isac Elliot.

Kva er det beste med å spele på VG-lista?

– Det er ein heilt spesiell energi der, alle er i godt humør og ynskjer kvarandre godt. Det er ein skikkelig «feel good»-happening. Viss eg i tillegg får kasta rundt nokon klemmar til norske jenter, så har vi oppskrifta på eit heilt perfekt Norges-besøk.

Med SJUR med på laget tippar vi den unge sjarmøren møter ei minst like høglytt folkemengd foran scenen som sist. SJUR har på rekordtid vorte ein ettertrakta DJ med remixar og sjølvproduserte låter som er enormt populære blant både det norske og det internasjonale publikumet.

I år sleppte dei to låta Rich & Famous saman, som allereie har millionar av strømmingar.

Vi gler oss til å sjå dei to saman på scenen i juni!

Etter konserten i Oslo får desse byane besøk av VG-lista-turneen:
4. juli – Bergen
11. juli – Tromsø
18. juli – Trondheim

Vil du vinne ein draumedag på Rådhusplassen for deg og ein venn? Sjekk ut P3-konkurransen her: