nrk.no

Bergensk rockehåp: – Ting kan for all del vere harry

Etter førstesingelen var Of All Things redd dei ikkje skulle klare å følge opp forventningane til bransjen. Kva kan eit ferskt band gjere for å halde på momentumet?

Går ein opp i tredje etasje av kulturhuset Bergen Kjøtt i Skuteviken i Bergen, finn ein Duper Studio. I denne sagnomsuste institusjonen har fleire av landets mest kjende låtar blitt til:

Kaizers Orchestras «Ompa til du dør», Sondre Lerches «Two way monologue» og Razikas «Oslo». Lista er lang. Duper er ikkje eit ubetydeleg omgrep i den vestlandske musikkscena.

No er det det relativt ferske bandet Of All Things som har booka ei veke til å skape magi her, i dette nokså store rommet fylt med forsterkarar, instrument og ein drøss mikrofonar og kablar. Kvifor vel eit ferskt band dette studioet? Korleis ser ein arbeidsdag ut her? Og har dei lagt lista for høgt for seg sjølve?

Alle i arbeid

Gitarist Lars Ystebø (21) er i ferd med å legge gitar på vekas tredje av fire låtar saman med produsent Anders Bjelland. I ein sofa i hjørnet slår resten av bandet i hel tida med å produsere klistremerke.

Nærfoto utandørs av Emma. Ho har langt raudt hår, runde briller og kvite klede.
I FRONT: Nokre kjenner kanskje Emma som bassisten til Michelle Ullestad («Årets Urørt» 2022), men i Of All Things står ho i front. Foto: Kim Erlandsen, NRK P3

Vokalist og gitarist Emma Putnam (21) har vore på marknadsføringskurs og lært om kor effektiv ein god strategi er for band i startgropa, så dette skal bli gjort riktig. Eit knippe skrifttypar og design i ulike storleikar blir testa ut. Bandet har ei unison oppfatning av seg sjølve som mørkeblå. Estetisk, ikkje politisk.

«Alle» skal vite at dette er eit Of All Things-klistermerke, og då må designet sitte.

– Det hadde vore fint om dei var nedbrytbare og miljøvenlege, då, seier bassist Uma Bustos Reksten (19), men det er det ikkje verd å betale 3000 ekstra for, svarar Marius Wæhle Iversen (19), bandets trommis.

Nærfoto utandørs av Uma. Ho har halvlangt, mørkt hår og ser i kamera. På seg har ho ei kvit- og blå-stripete skjorte over ei kvit trøye med logoen til bandet Sklitakling
MILJØBEVISST: Uma synest at Of All Things kan legge litt ekstra pengar i ein grøn promoplan. Foto: Kim Erlandsen, NRK P3.

Dei pengane kan dei få meir nytte av andre stader. Til dømes kan dei bruke det på meir studiotid.

Dessutan har dei jo base i Bergen, og kva om regnet bryt ned klistremerka, og med det heile promoplanen, over natta? Det hadde blitt for dumt.

Harry på den kule måten

Like ved har Lars spelt same gitarlinja om att og om att i lang tid. Det er ikkje nok med eitt enkelt nokolunde greitt opptak for Of All Things. Ikkje i dette studioet.

Det er noko heilt spesielt med å kome seg inn der, ifølgje Emma. Det sit noko i veggane.

Of All Things og Anders Bjelland i Duper Studio. Veggen bak har mange vindauge og mange keyboard og synthesizerar står inntil. Til venstre ser Lars og Anders på dagens opptak, Marius sit i midten med eigen laptop og til høgre sit Emma.
I ARBEID: Lars, Anders, Marius og Emma tar ein gjennomgang av dagens arbeid i Studio Duper. Foto: Sjur Systad Tyssen, NRK P3.

– Romkjensla har enormt mykje å seie. Det inspirerer og gir innfall ein ikkje ville fått andre stader.

I tillegg har dei leigd inn den bergensbaserte studioringreven Anders Bjelland som produsent. Ifølgje bandet har han erfaringa til å utfordre dei og let bandet høyre det når det dei leverer, er kjedeleg. Ikkje minst har han skjønt kva uttrykket til Of All Things er.

Det er heilt til han gjer eit forsøk på å legge ein harmonerande gitar oppå opptaket til Lars.

Thin Lizzy, seier produsenten. Papparock, seier Emma. Det vert raskt nedstemt.

Nærfoto av Lars. Han har kort, lyst hår lagt litt bakover og på seg ei dongerijakke.
IDÉFYREN: Mykje av det Of All Things lagar startar med Lars. Foto: Kim Erlandsen, NRK P3.

– Vi verkeleg hatar ting som er harry, forklarar Lars.

Når Uma minner han på at dei har spelt «Smells like teen spirit» av Nirvana live, og at det vel må kvalifisere til harry, erkjenner han at dei kanskje ikkje kan vere så kategoriske.

– Men det er ein god type harry! Det er eit skilje der. Ting kan for all del vere harry, men om ein får assosiasjonar til skinnbukser og lange krøllar, blir vi sånn «æsj!»

– Ei heil verd på fire minutt

Men når krona er svak og støyete alternativrock ikkje er ei notorisk pengemaskin – kva er det som får eit band i startgropa til å legge ekstra pengar i å leige ein erfaren produsent og eit studio som Duper Studio?

– Ein kan arbeide med billege folk i billege studio og få eit heilt greitt produkt, men no får vi arbeide med nokon vi kjenner kvaliteten til, som har arbeidd med andre vi synest er kule, seier Emma.

Verdien ligg i å ta idéane så langt dei går og innfri alt potensialet dei måtte ha.

Of All Things fotografert inne på puben Bruun-Larsen i Oslo. Dei sit på rekke på ein benk.
Foto: Kim Erlandsen, NRK P3

– Det er jo realisering. Ei stadfesting av at ja, den idéen var faktisk god. Det er noko med å starte med noko småplukk og bygge det ut til ei heil verd på fire minutt som folk kan få oppleve. Å få sjå den idéen frå start til slutt og at det faktisk blir bra. Det er ei kjensle eg ikkje finn nokon annan stad, forklarar Lars.

Emma er heilt samd:

­– Vi lagar jo bra låtar sjølv, men det handlar om å få den ekstra spicen som gjer at noko ikkje berre er fett, men jævlig fett.

La lista høgt

Bandet fekk ein solid start då dei debuterte i fjor haust med låten «Tainted». Låten fekk god rotasjon på NRK P13, og i forkant av konserten deira på Verkstedet under Bylarm gjekk rykta om det lovande bandet. Oppmøtet var av den typen at det i hovudsak var dei fremste radene som faktisk fekk sett noko av konserten i det smale lokalet.

Hadde dei uvitande gått for hardt ut og lagt lista for høgt?

– Det var skummelt som faen. Då vi gav ut «Tainted» og han gjorde det så bra, vart det sånn «dette kjem vi jo aldri til å toppe». Vi var redde for å bli ein «one-hit wonder», seier Marius.

Stressnivået har lagt seg, men dei har merka seg interessa frå bransjen. Først er det ein prioritet å bygge vidare på momentumet den gode starten gav dei. I så måte kjem det godt med at dei er «Månadens Urørt» i juli med låten «Disco biscuits».

– Vi arbeider heile tida for å bli ei betre utgåve av oss sjølve. At kvar konsert er hakket over den før, og at vi ikkje når eit platå. Den store frykta er jo at vi blir stuck og ikkje klarer å forbetre oss, seier Lars før Emma legg til:

– Og så er det noko med å ikkje gjere ting for fort og begynne å stresse. Det er viktig å ha litt is i magen. Bransjen er jo litt sånn at om folk går lei, så går dei veldig lei.

Det er viktig å ikkje mette folk for tidleg, og som med låtane, er det viktigaste i denne omgangen at bandet blir så bra som det kan bli.

Etter endelause opptak av gitarlinja til Lars og ein kjapp runde med perkusjon frå Marius, seier Of All Things seg nøgd med opptaksdag tre av fem. Kva skjebne vekas fire låtar får, om det blir album eller kva dei skal bli til, er for tidleg å seie. Eit steg mot ein sterkare katalog er uansett unnagjort.

Den store suksessen får vere si eiga sak, ifølgje Lars. Dei kan berre fokusere på det dei har direkte kontroll over.

– Vi skal i alle fall gjere ting ordentleg. At vi møter opp når vi skal og ikkje er eit sånt band som ramlar inn ein time før konsertstart og droppar lydsjekk. Det er viktig at folk synest det er fint å forhalde seg til oss og at produktet er er ordentleg. Alt er ein bonus no. Vi forventar ingenting, men kjem det, så kjem det, og det er nice.

MER OM «URØRT»:

Siste fra P3.no: