nrk.no

Ønsker å reise miljøvennleg i jula: – Det er ganske lite ein kan gjere i klimakampen

Ofte kostar togturen det same som flyturen. Da kan valget mellom 3 og 17 timars reise kjennast enkelt.

Kvar fjerde nordmann skal feire jul i ein annan del av landet enn der dei bur. Av desse skal éin av tre reise dit med fly. Det viser ei fersk undersøking utført av Norstat for NRK.

Jusstudenten Anna Elise Pedersen (23) studerer i Oslo, men reiser heim til Ballstad i Lofoten til jul. Ho er ein av dei som skal ta fly i jula. Men da ho skulle kjøpe flybilletten, måtte ho betale over 1800 kroner for éin veg.

Ikkje eit reelt alternativ

– Eg reiser heim 20. desember fordi eg har eksamen 19. Eg har ikkje moglegheit til å reise før, seier Anna.

Nærbilde av Anna. Ho har brunt langt hår, blå auge, og har på seg ein mørkeblå genser med høg hals. Det er planter i bakgrunnen, og puter i sofaen ho sitt i,
LANG REISEVEG: Anna Elise Pedersen må bruke minst 17 timar på heimreisa om ho ikkje tek fly. Foto: Marie Blindheim, NRK P3

Om ein er heldig, hamnar eksamen tidlegare i desember, eller så tidleg som i slutten av november. I dei tilfella kan ein ta eit tidlegare fly, og ein finn kanskje noko til ein god pris. Men i år er ikkje Anna ein av dei.

Ho skal ta fly til ein flyplass ti minutt unna der ho kjem ifrå. Alternativet er å ta tog, noko som ikkje fristar for jusstudenten.

– Eg skal ikkje late som om tog er eit reelt alternativ for meg i år, men søstera mi har vore flinkare. Om sommaren har ho teke tog, forklarer 23-åringen.

Anna påpeikar at å reise med tog om sommaren er meir aktuelt, sidan ein ofte har lengre ferie da enn i jula. No tek turen i tillegg enda lengre tid enn tidlegare.

Skjermdump av eit kart over Noreg. Ei rett linje går frå Oslo til Ballstad i Nordland. Med svart skrift står avstanden mellom stadane, som er 940,60 kilometer.
OSLO TIL BALLSTAD: Det tek lang tid om Anna skal reise med tog heile vegen heim. Foto: skjermdump, Google Maps

Ei togreise frå Oslo til Bodø kan ta frå 17 til 19 timar, og for å kome seg frå Bodø til Ballstad, må ein ta båt eller ferje, for så å køyre bil i mellom ein halv og éin time. Prisane på togturen kan variere, men i jula er det vanskeleg å finne billettar til under tusenlappen.

Den turen meiner ikkje Anna prisen er verd.

– Tid er også pengar, på ein måte. Eg kan kome meg heim på tre timar. Det har jo også ein verdi i jula, seier ho.

Eit privilegium ikkje alle har

Anna meiner at tog for henne først og fremst ville ha vore idealistisk motivert, sidan ein ikkje sparar pengar på det.

– Ein gjer det for å reise miljøvennleg, men da har ein berre gjort det av prinsipp, forklarar Anna.

Ho er usikker på kva løysinga skulle vore, men nemear nokre ting som kunne gjort det enklare å velje tog.

– Hadde billettane vore betydeleg billegare i forhold til flybillettane, og hadde det gått hakket raskare, hadde det vore lettare å vurdere, seier nordlendingen.

Anna sitt i ein beige sofa. Ho har blå genser med høg hals og svarte bukser. Det er eit brunt rundt bord ved sofaen, og putene er blå, gule og beige. det er planter i eit hjørne. Ho smiler inn i kamera.
KJEM GODT MED: 1800 kroner for éin veg kan vere mykje pengar for ein student. Foto: Marie Blindheim, NRK P3

Anna har ein deltidsjobb ved sidan av studiet og kan derfor sette av pengar til heimreisa. Men jusstudenten er bevisst på at det er eit privilegium ikkje alle har.

– Hadde eg berre levd på stipend, hadde eg jo slite, tenkjer ho seg fram til.

Engasjement for miljøet

Når psykologistudenten Helle Emilie Osestad skal reise heim til jul, er ho ein av dei som vel å ikkje ta fly.

I staden tek det over ni timar med buss og tog frå ho reiser frå kollektivet sitt i Bergen til ho går inn døra heime i Mandal.

Berre 14 prosent av dei som skal reise til ein annan stad i jula, vel å reise dit med tog, ifølge Norstat-undersøkinga. 6 prosent vel buss.

– I det store og heile kjennest det ut som det er ganske lite ein kan gjere i klimakampen. Så dette er ein måte for meg, seier Helle Emilie.

Helle Emilie ser inn i kamera og smiler. Ho har på seg ei grøn lue, ein raud og kvit ullgenser og ein vest. Ho står på ein togplattform. Ved sidan av henne er det ein benk, og ved den andre sida hennar er togskinner. I bakgrunnen skimtar ein ei gravemaskin og ulike bygg.
LITE POPULÆR REISEMÅTE: Fleire tek fly enn tog og buss når dei skal reise heim til jul. Foto: Benjamin Dyrdal, NRK

Interessa hennar for miljøet kom da ho lærte om det på vidaregåande. Her fekk ho høyre at det allereie er mange som flyktar grunna klimakrisa, og at den globale oppvarminga vil få store konsekvensar for verda.

– Viss ein berre innser alvoret, så trur eg jo dei aller fleste ville brydd seg meir om miljøet.

– Gi dei eit lite spark bak

Helle Emilie har fått med seg fleire på å reise miljøvennleg heim til jul. Da ho flytta til Bergen, der også bror hennar bur, overtalte ho han til å bli med på buss- og togturen.

– No er han like interessert i å ta det som eg. Og veldig miljøbevisst, seier ho.

Helle Marie står på ein togplattform vendt bort frå kamera. Ho ser på eit grønt tog som suser forbi på togskinna. Over henne heng ei klokke, og det er ein benk ved sidan av henne. Ho har kledd godt på seg, med lue, ullegnser og vest, og det er snø på bakken rundt henne, men ikkje akkurat der ho står.
HELDIG MED PRISANE: Helle Emilie betalar mindre for tog- og bussbillettane enn ho hadde betalt for flybillettar. Foto: Benjamin Dyrdal, NRK

I tillegg til broren har psykologistudenten prøvd å få med seg vennar til å reise saman med henne. Men 21-åringen seier at det er viktig å ikkje pushe for hardt og ikkje dømme dei som vel å reise med fly.

– Å gi dei eit lite spark bak er fint, seier ho og ler.

Studenten i Bergen kan ta fly heim til om lag same pris som buss og tog, men ho sparar litt på det meir miljøvennlege alternativet.

– Det er eit pluss. Det skadar jo ikkje at det er billegare, seier ho.

Langvarige reiser er dyrare i drift

Prisane på all transport har auka dei siste åra, ifølge SSB. Men kva er det eigentleg som bestemmer kva du skal betale for ein togtur frå Oslo til Bodø? Har det noko å seie på prisen om turen er klimavennleg?

Askill Harkjerr Halse arbeider som forskingsleiar i Transportøkonomisk institutt. Han seier at prisen på billetten ikkje er særleg påverka av om reisa er miljøvennleg eller ikkje.

– Dei som bruker drivstoff, betalar ei CO2-avgift for utsleppa, men det utgjer ein ganske liten del av dei samla kostnadane, forklarar han.

Grunnen til at tog ikkje er spesielt billig samanlikna med fly, er at langvarige turar krev meir materiell og større personale.

– Så det er ikkje sånn at prisen blir sett for å kompensere for at det er klimavennleg eller det er eit dårleg tilbod. Prisen blir eigentleg bestemt av kva kostnadane er.

Bilde av Askill. Han har blondt kort hår og lysegrøne auge. Han smiler eit vagt smil. Han har på seg ein svart genser.
LITE KLIMAVENNLEG VURDERT: Askill Harkjerr Halse seier at kostnadane for turen avgjer prisen på billettane. Foto: Privat

Men Askill trur at ei endring i transportprisane ikkje er utenkeleg.

– Prisen for CO2-utslepp vil antakeleg gå opp over tid, så det vil jo slå litt ut på billettprisen på ikkje-klimavennleg reise. Viss ein klarer å få eit betre togtilbod, sånn at fleire tek toget, vil ein kunne selje fleire billettar billeg og likevel få det til å gå rundt, seier forskingsleiaren.

«Driving Home for Christmas»

Om ein vel den langvarige heimreisa i staden for å fly, kan det bli kjedeleg dersom ein ikkje har noko å gjere. Helle Emilie sit med fleire tips til tidsfordriv for dei som har mange timar på hjul eller skjener framfor seg.

– Det beste er å reise med nokon andre, seier ho.

Ho foreslår også å høyre på musikk eller podkast.

– Og spesielt heim til jul kan ein høyre på julemusikk, som «Driving Home for Christmas». Det er ein sjarm med det, smiler studenten frå Mandal.

MER SOM DETTE:

Siste fra P3.no: