Opplev Hovefestivalen med Ludvig

Osenbandens Ludvig Løkholm Lewin drog ikkje på festival for å oppleve musikk.

Hoves HMS ansvarleg Ludvig Løkholm Lewin

– Folk blir så slepphendt med hygiene og sånn, seier Ludvig og hintar til Hovefestivalen som nettopp er avslutta. Nokon må passe på at forholda rundt eit slikt arrangement held stand. For når så mange kåte og unge mennesker samlast på éin plass i éi veke for å i hovudsak gi beng i drikke- og røykeloven, er det ikkje godt å seie kva som kan skje. 

Til dagleg jobbar Ludvig i Osenbanden på P3 under slagordet: Fornuftens røst i galskapens tid. Han fekk i oppdrag å sjekke helsa, miljøet og sikkerheita på Hovefestivalen.

– Det gjekk forholdsvis bra. Det var mykje å ta tak i som for eksempel utbreidd kasting av kondomar i naturen. Slik forsvinn ikkje av seg sjølv og eg ville introdusere den første kondomen som er laga av grisetarm.

-Eg fekk faktisk eit kjærastepar til å prøve det:

Sjå innslaget her:

Les heile artikkelen her.

Kva er ditt beste konsertminne frå festivalen?

– Nei, eg hadde ikkje tid til å gå på konsert. Her var det kun jobbing for å ivareta andre si sikkerheit poengterer Ludvig kjapt. Og seier seg veldig fornøgd med innsatsviljen og samarbeidet med Hovefestivaldeltakarane.

Sjå resten av reportasjane til Ludvig her:

Blind på festival

Silje fekk drittkortet tilbake

Ludvig tømmer dassen til Jay-Z

Den store smakstesten: Fisk på pinne

Vil du sjå konsertopptak i reprise frå Hovefestivalen? sjekk ut P3s eventkanal.