P3morgens store vegetarburgartest

Ronny og Markus har ete seg gjennom vegetarburgar-Oslo.

I to veker har Ronny Brede Aase og Markus Neby frå P3morgen valt vekk kjøtt så ofte som mogleg. Dei to kjøttglade gutane har brukt desse vekene til å bli betre kjend med vegetaralternativ, og no har dei også reist ut for å finne den beste vegetarburgaren hovudstaden har å by på.

Sjå Ronny og Markus si jakt på den beste vegetarburgaren i Oslo øvst i saken!

– Et meg, eg er ein frekk burgar!

P3morgen ville finne dei beste vegetarburgarane i Oslo, og ba om hjelp frå lyttarane. Mange har delt sine tips, og Markus og Ronny har valt åtte ulike hamburgarar som dei smakar på i denne uoffisielle testen. Vegetarburgarane har så fått ein score mellom 1 og 10 på vegetarburgar-barometeret, basert på smaksopplevinga.

Det er ikkje første gong Ronny og Markus er på burgartur, tidlegare i november reiste dei til Rennebu for å teste Nato-burgaren.

Døgnvill: Not today, Dagros

Ein burgar av blomkål, quinoa, linser og brødsmular. Toppa med gulrotchips, avokado med chili og chilimajones.

Dette framstår litt som ein vanleg burgar, men ein kjenner at det ikkje er kjøtt. Brødet er godt, men det som verkeleg gjer susen her er avokadoen og chilimajonesen. Dette er ein ekstremt smakfull burgar.

– Ein verdig start!, seier Ronny Brede Aase.

8 av 10 på vegetarburgar-barometeret.

Ronny og Markus gir Døgnvill-burgaren 8 av 10. Foto: Hanne Mjelstad/NRK P3

Burger Joint: The Spicy purest

Falafelburgar toppa med chipotle-majones, grilla paprika, stekt løk, tomat, salat og tzatziki.

Her er falafelen hovudpersonen, og ein saknar ikkje kjøttet. Det er ein massiv burgar som kan bli noko klønete å ete, men den er veldig smakfull. Tilbehøyret er ikkje det mest spanande, men smaken er god.

– Et meg, eg er ein frekk burgar!, seier ein fornøyd Ronny Brede Aase.

8 av 10 på vegetarburgar-barometeret.

Ronny likar den «frekke» burgaren på Burger joint. Foto: Hanne Mjelstad/NRK P3

McDonalds: Veggie McSpice

Spicy bønneburgar av grønsaker, brødsmular og bønner. Toppa med smelteost, isbergsalat og spicy tomatsaus.

Denne vinn ikkje på utsjånaden, og heller ikkje på smak. Dressingen har noko føre seg, men smakar litt billig. Kjøtterstatninga er noko syntetisk, og konsistensen minner om gummi. Det er litt krydder der, men den når ikkje opp til forventingane.

– Den her synast eg lite om, seier Markus Ekrem Neby.

2 av 10 på vegetarburgar-barometeret.

Ronny og Markus er ikkje imponert over Veggie McSpice. Foto: Hanne Mjelstad/NRK P3

Max: Chili ‘n’ Cheese

Burgar av soya, grønsaker og korn. Toppa med raudløk, isbergsalat, smelta cheddardip, cheddarost, jalapeño og originaldressing frå Max.

Burgaren frå Max har ei god lukt, og smakar som ein fast food-burgar. Her er det meir krydder, og ein kjenner at det er sterkt også i ettersmaken. Ekte cheddar drar også opp. Definitivt den beste av gatekjøkkenvariantane.

– Ja, Max, dette var betre! Vinnaren blant gatekjøkkenburgarane, seier Ronny Brede Aase.

4 av 10 på vegetarburgar-barometeret.

Vegetarburgaren fra Max når ikkje heilt opp. Foto: Hanne Mjelstad/NRK P3

Troy’s: Veggis

Vegetarburgar toppa med cheddar, dressing, salat, tomat, løk og jalapeños.

Dette er ein saftig og digg burgar. Kjøtterstatninga er veldig god, og har ein fin, kompakt konsistens. Den er ikkje så fancy, men alle komponentane funkar veldig godt saman, og burgaren er delikat og smakfull. Enkle smakar, men alt funkar.

Dette er Ronny sin personlege favoritt.

9 av 10 på vegetarburgar-barometeret.

Vegetarburgaren frå Troy’s ender opp som Ronny sin personlege favoritt. Foto: Hanne Mjelstad/NRK P3

Munchies: Vegan

Veganburgar med sylta løk, tahini-dressing, basilikumhummus, salat og tomat.

Dette er den einaste veganske burgaren i testen, og er også blant dei friskaste på smak. Tilbehøyret er godt og crispy, men det blir litt keisamt. Munchies sine burgarar er elles veldig populære i testpanelet, men denne skuffar litt. Det er ikkje éin ting som manglar, men ei totalpakke som ikkje når heilt opp.

– God, men manglar WOW-faktor, seier Markus Ekrem Neby.

6 av 10 på vegetarburgar-barometeret.

Burgaren frå Munchies manglar WOW-faktoren. Foto: Hanne Mjelstad/NRK P3

Wünderburger: Spinat- og tofuburgar

Spinat- og tofuburgar med urtemajones, parmesan, cheddar, stekt løk og sopp, avokado, tomat og salat.

Her får me ein burgar som ser veldig grøn og sunn ut. Burgaren er både smakfull og saftig. Den har mange lag og ser freistande ut. Generelt veldig digg!

Dette er Markus sin personlege favoritt.

8 av 10 på vegetarburgar-barometeret.

Burgaren frå Wünderburger er Markus sin personlege favoritt. Foto: Hanne Mjelstad/NRK P3

Illegal: Cheese royale

Ein vegetarburgar med cheddar, tomat, salat, løk, sylteagurk og Illegal island (dressing).

Her er det ei veldig god totalpakke, og den desidert beste kjøtterstatninga. Burgaren er veldig god. Heilt topp. Cheese royale er kanskje ikkje den mest spanande burgaren, men på Illegal kan alle burgarane serverast i vegetar, og dei vil tilbake for å smake sin personlege favoritt i vegetarvariant.

– Med denne særs truverdige kjøtt-parodien er det håp for veggis-burgaren!, seier Markus Ekrem Neby.

9 av 10 på vegetarburgar-barometeret.

Burgeren frå Illegal faller i smak. Foto: Hanne Mjelstad/NRK P3

Konklusjon

Etter ein dag med mange burgarar har Ronny og Markus konkludert med at det ikkje handlar om den beste kjøtt-etterlikninga, men om den beste smaksopplevinga. Og det er mange gode vegetarburgarar i Oslo! Etter våre åtte utvalde, sit dei igjen med ein delt førsteplass, mellom Troy’s sin Veggis og Illegal sin Royale cheese. Men det var også mange veldig gode «runner’s up». Det er med andre ord fullt mogleg å bli mett på vegetarburgar i hovudstaden.