Kunne du delt kjærasten din med andre?

Å vere i eit forhold med fleire på samme tid er utenkeleg for dei fleste av oss, men føles som ei stor frigjering for Ask (20).

Poly betyr fleire og amor betyr kjærleik. Er du polyamorøs kan du med andre ord ha kjærleik til fleire enn berre éin person om gangen.

Ask (20) er blant dei som lever i eit litt annleis parforhold enn folk folk flest.

– Eg hadde tenkt på polyamori før eg blei saman med Kaisa. Men eg var usikker på om det var noko for meg, fortel han.

No lever Ask i eit polyamorøst forhold saman med Kaisa (21) og Filip (25). Medan Ask har eit romantisk forhold til begge, er Kaisa og Filip berre venner.

Når «det vanlege» ikkje funkar

Normen er at folk lever saman to og to. Får vi følelsar for andre, går lei, eller er utru, endar det som regel med at vi går frå kvarandre. Det blir slutt. Men kva om det fins ei anna løysing?

Då Kaisa og Ask blei kjærastar var det tydeleg at dei begge tenkte at eit «vanleg» forhold ikkje passa for dei. Men begge mangla språk for å snakke om det, og i ein periode var dei ikkje sikre på om dei var kjærastar.

– Til slutt fann vi ut at vi begge ønska eit forhold der vi hadde fridom til å ha andre romantiske og seksuelle relasjonar, fortel Ask.

Sjå Ask, Kaisa og Filip fortelje om korleis det er å leve i eit polyamorøst forhold i videoen under.

https://www.youtube.com/watch?v=VQDtl43JyMQ

Kjærleik med plass til fleire

– Poly eller polyamori er ein måte å organsisere kjærleik, romantikk og seksualitet på. Ein stad der det er plass til fleire enn én person av gangen, seier Anita Skrautvol. Ho er psykolog og spesialist i klinisk psykologi og klinisk sexologi ved Institutt for klinisk sexologi og terapi.

Å vere polyamorøs er ikkje det same som den type polygami eller fleirkoneri som vi gjerne forbind med religiøse tradisjonar og miljø. Å gifte seg med fleire er ikkje lov i Norge akkurat no, men mange polyamorøse ønsker at dette skal bli mogleg i framtida. Men då utan dei religiøse tradisjonane.

– Gjensidig samtykke, respekt og openheit er hovudelementa i god polypraksis, seier Anita.

Psykolog Anita Skrautvol håper meir informasjon om polyamori vil få folk til å oppdage samlivsforma. (FOTO: AGNETE DAAE-QVALE HOLMEMO/NRK)
Psykolog Anita Skrautvol brenn for meir kunnskap og informasjon om poly som eit alternativ til det tradisjonelle parforholdet. (FOTO: AGNETE DAAE-QVALE HOLMEMO/NRK)

Ifølgje ho er det ei vanleg misforståing å tru at det handlar om å viske ut alle grenser og ha masse sex med flest mogleg folk.

– Dette stemmer ikkje. Du finn like mange variantar av seksuell appetitt og ulike personlegdomar i poly-verda som i den monogame verda, seier ho.

I september 2016 blei PolyNorge skipa. Ein frivillig interesseorganisasjon for folk som kjenner at den tradisjonelle tosemda blir for smal.
For dei som ønsker å utfordre samfunnet med eit nytt syn på kva forhold kan vere. Organisasjonen har i dag 150 registrerte medlemmer og jobbar med samfunnsopplysning og rett for familiar i fleirforhold.

LES OGSÅ: Lynn har elskere – ektemannen har kjæreste.

– På same måte som den skeive rørsla jobba for at alle skal kunne elske kven dei vil, jobbar PolyNorge for at folk skal få elske korleis dei vil. Det er eit veldig viktig arbeid, seier Skrautvol.

Ho brenn for meir kunnskap og informasjon om poly som eit alternativ til det tradisjonelle parforholdet.

– Meir kunnskap vil gjere det lettare å unngå at folk sklir inn i monogame samlivsformer på autopilot, uavhengig av om det passar for personen eller ikkje.

Det handlar om fridom

Korleis er det mogleg å ikkje døy av sjalusi når du delar kjærasten din med andre?

– Du må vere ekstremt open og tillitsfull, seier Christina (29).

Ho definerer seg sjølv som polyamorøs, og er medlem av PolyNorge.

Christina er polyamorøs og fortel at den største misforståinga ho møter er at polyamorøse berre vil ha masse sex. (FOTO: NRK P3)
Christina er polyamorøs og, men møter ofte folk som ikkje forstår kva greia er. (FOTO: NRK P3)

– Mange forbind det å vere polyamorøs med ei veldig seksuell greie og klarar ikkje forstå at det også handlar om følelsar.

Christina har fleire gangar prøvd å leve i monogame forhold, men blei fort rastlaus.

– Eg kjende meg fanga. Eg tenkte det må vere noko feil med meg som ikkje klarar dette, fortel ho.

Via bekjente som lever i opne forhold blei Christina kjent med konseptet polyamori. Og dermed fall også brikkene på plass.

Når Christina skriv at ho er polyamorøs på Tinder opplev ho ofte at folk ikkje skjøner greia. Sjå ho fortelje i videoen under.

Den største misforståinga er at polyamorøse berre vil ha masse sex.

– Bortsett frå den seksuelle delen handlar polyamori om at det er greit å bli betatt av ein ny person. Det er nemleg dømt til å skje før eller seinare når du er i eit lengre forhold, fortel Christina.

https://www.youtube.com/watch?v=TxuPgl21KKg