nrk.no
Ka2 - Live, Slottsfjell

På Slottsfjell er alle kvarandre sin tjommi

Ka2 jaga bort dei grå skyene og inviterte til fest og allsang.

Dei utsmykkar kanskje Instagram-kontoen sin med spørsmålet «hvem faen er Ka2», men spørsmålet er vel i ferd med å bli nokså utdatert.

I dag er spørsmålet mest noko dei brukar til branding.

For dei siste åra har duoen både fått folk til å danse, danse, danse med ein tjommi, bli fakked på byn og blitt lagt grunnlaget for mang ein sommarflørt.

Ka2-vokalisten og gitaristen i bandet står mot hverandre og synger. I bakgrunenn er det to fluesopp, og vi ser og Sonny Alven som spiller keyboard. Ka2 har på seg en grønn rutetet skjorte, og har langt flagrende hår.
Foto: Tom Øverlie, NRK P3

Går ein laus på Ka2 med mål om å finne ei djupare intellektuell meining er det eigentleg bortkasta arbeid.

Musikalsk flytande ein stad mellom psykedelisk diskopop og skamlaus tekno er det like greitt å gjere det enkelt: Alt som ikkje gjeld fest og smittande glede skal vike i jakta etter den reine, euforiske stemninga.

Flugesopp og romvesen

Tidlegare på dagen rakk ei hissig regnbye av det slaget berre ein austlandsk solskinsdag kan provosere fram å væte ut det meste av festivalgjengarar. Og like før konsertstart gjer ei ny mørk sky eit ærleg forsøk på å repetere seansen.

Ka2 står foran et sølv romvesen. I bakgrunnen er det masse sopp-propps og blått og grønne tegninger. Ka2har på seg en bå bukse og en rutete grønn skjorte. Han holder en mikrofon og har langt, langt hår,
Foto: Tom Øverlie, NRK P3.

Ein skal vere rimeleg frisleppen for å assosiere styrtregn med fest, og det er derfor høgst spanande om bekymringane har overgått partyhumøret når konserten startar.

Overraskande nok er det heller bandet, med Didrik Thulin i spissen, som treng mest tid for å verkeleg kome i støyten i det «Den jeg vil ha» opnar showet.

Det verkar som at han er meir bekymra enn publikum for korleis konserten skal utarte seg.

Nærbilde av vokalisten i Ka2. Han har på seg grønne solbriller og holder hånden ut. Han har langt hippie-hår. Rutete skjorte. Og holden en mikrofon inntil ansiktet..
Foto: Eskil Olaf Vestre, NRK P3

Så lenge må ein ikkje vente, og innan «Gatelangs» rungar ut over konsertområdet, er superlaget publikum og Ka2 eit faktum.

Då er det ingen veg attende. Omgitt av flugesopp og tidvis av dansande romvesen, brukar ikkje Thulin tid på dei lange monologane.

Han snirklar seg heller lettkledd rundt på scena og dirigerer forsamlingen gjennom låtar som «Stjal du hjertet mitt» og «Tror du at han bryr seg» (Ka2 bryr seg, forsikrar han).

Mange tjommiar

Det går hakk i hakk, og ofte takast det ikkje eingong pause mellom låtane.

Medan «Fakked på byn» er i ferd med å avslutte, fortel Thulin om det erkebergenske uttrykket «tjommi». Ein god, varm ven, som berre vil deg vel.

På Slottsfjell er alle kvarandre sin tjommi, og låten går umiddelbart over i «Danser med tjommi», til massiv respons.

Nærbilde av vokalisten i Ka2. Han har på seg solbriller, grønne sådan.. Han har langt hippie-hår. Rutete skjorte. Og holden en mikrofon inntil ansiktet..
Foto: Eskil Olaf Vestre, NRK P3

45 minutt er i knappaste laget, men Ka2 brukar tida effektivt og oppnår det dei kom til Tønsberg for å gjere.

Når allsongen rungar og hendene strekker seg mot himmelen til avslutningslåten «Blomsterdalen» har sola for lengst vunne slaget om festivalværet og den euforiske stemninga er sikra. Dette var det ein glede å vere vitne til, Ka2.

Sjå Ka2 spele live på Neon-festivalen tidlegare i sommar her!

LES FLEIRE ANMELDELSAR:

SISTE FRÅ P3.NO:

Siste fra P3.no: