nrk.no

– Skulle aldri drive med musikk igjen

I tiårsalderen ville Victoria Nadine legge opp som artist. I dag har ho millionar av streams.

Victoria Nadine

I tiårsalderen ville Victoria Nadine legge opp som artist.

I dag har ho millionar av streams.

– Skulle aldri drive med musikk igjen

– Det var det. Eg vart så lei meg at eg aldri skulle drive med musikk igjen.

Victoria Karlskås Andersen (21), mest kjend som Victoria Nadine, tar P3.no med attende til ein dag i 2011. Det vart arrangert ein songkonkurranse for barn i Skien, og Victoria melde seg på med ein sjølvskriven song. Ho var ikkje blant dei heldige som gjekk vidare.

Ein tung beskjed å få for ein ung songar, og eit nederlag som festa grepet så godt om ho at karrieren nesten kunne enda der. Millionar av streams seinare, er 21-åringen glad ho ikkje let 11 år gamle seg bestemme den gongen, men ho kan framleis kjenne på frykta for å bli så skuffa igjen.

I artikkelserien «Festivalstemning» tar P3.no deg med på konsert rundt om i det langstrekte landet vårt, med artistar og band i ulike sjangrar. Denne gongen er vi i Skien, der vi møter Victoria Nadine.

Ein må ta sjansar for å lukkast

– Nokre år seinare kom sjansen til å melde seg på Idol, og eg nekta. Eg hugsa framleis kor knust eg vart den gongen i 2011, og sa «nei nei nei, eg skal ikkje». Eg sat i sikkert ei veke med påmeldingsskjemaet, men til slutt lukka eg auga og gjorde det likevel. Då gjekk det.

16-åringen det norske folk vart kjende med under Idol-deltakinga i 2016, var livredd for å skulle opptre på fjernsyn. At nervøsiteten nærast vart ei greie, og hennar karakter, gjorde det ikkje enklare å rive seg laus.

Victoria torde likevel å hoppe i det, og enda til slutt på ein høgst respektabel fjerdeplass. Då lærde ho at ein må pushe seg sjølv om ein skal oppnå måla sine.

Victoria Nadine står framfor Telemark Museum.
SPØKELSESHUS: Telemark Museum er visst nok heimsøkt. Det såg ikkje P3.no noko til. Foto: Markus Indrebø-Langlo, NRK P3.

Eit velfungerande knep er å minne seg sjølv på at ho gjekk heilt til topps hjå Spotify Norge med singelen «Be Okay».

– Det er jo det som har leia meg hit. Eg tenker mykje på det, kor redd eg var, og det var første gong eg verkeleg måtte trasse den frykta. Når eg stressar eller har det tøft, er det lett å gi opp. Då minner eg meg sjølv på at eg tenkte slik før førsteplassen med «Be Okay» også. Ein må gi seg sjølv eit klapp på skuldra i blant.

Tett band til lyttarane

Victoria erkjenner at ho i dag har beina godt planta i det rolege landskapet, men veit at ho enno er ung og har god tid til å ekspandere på sikt.

For Victoria er sikker på at det er mykje meir å hente.

– Det er ikkje slik at eg har hatt noko plan om å bli ein balladeartist, men nett no er det slik, så det får våge seg. Draumen er å kunne gjere alt som inspirerer meg, utan at nokon tenker det ikkje er meg. At eg kan gjere kva eg vil. Eg vil treffe så breitt og så mange med musikken at folk kan like ulike sider av meg.

Victoria Nadine poserer under ein paviljong.
EKSKLUSIV LÅTPREMIERE: Låten Victoria Nadine framfører for P3.no er heilt ny. Foto: Markus Indrebø-Langlo, NRK P3.

Framtida er forhåpentlegvis lys, for så langt har Victoria treft mange, og opparbeidd seg ein lojal fanbase. Sjølv om planane for framtida er diffuse, kan ho i alle fall love at fansen skal få bli med på reisa.

– Eg er veldig tilknytt lyttarane mine og brukar mykje tid på dei i sosiale medium. Dei veit kva som skjer i livet mitt. Sidan musikken min er så personleg forankra, kjenner dei ofte tematikken litt ekstra godt. Eg føler dei forstår meg, og vert nesten venene mine. Det er veldig fint.

Eksklusiv premiere på ny låt

Då Victoria Nadine fekk i oppgåve å velje seg ein song å framføre for P3.no, gjekk ho i ei anna retning enn dei andre vi har treft så langt i artikkelserien. Med fleire store hits å vise til, kunne ho ha spelt på det trygge, men ho henta heller fram ein heilt fersk låt, «Strangers Again».

Ein song som i utgangspunktet ikkje var tenkt at skulle ut no, men då hennar lojale fans reagerte positivt på ein teaser i sosiale medium, tenkte ho at dette var ein strålande sjanse til å gi dei resten av låten.

Ei eksklusiv premiere, her på P3.no.

Victoria Nadine poserer i ei trapp, med graffiti i bakgrunnen.
VARIERTE LOKASJONAR: PM5-bygget er berre éin av stadene P3.no vitja i Skien. Foto: Markus Indrebø-Langlo, NRK P3.

Som resten av låtane hennar, er den skriven med utgangspunkt i hennar eige liv og erfaringar, og tar for seg ein vond situasjon som kan oppstå når ein forsøker å fylle eit emosjonelt tomrom.

– Det er ekstremt egoistisk, og ikkje minst teit, men ein kan ta seg sjølv i å kontakte nokon ein har hatt noko med tidlegare, berre for å drepe einsemda ein sjølv slit med. At det ein hadde eigentleg er heilt over, men så plukkar ein opp tråden att etter lang tid.

– Den andre personen trur kanskje du er ute etter meir, og taklar det heilt annleis. Ein gjer sitt eige problem til noko den andre må deale med, og ein vert sånn: «Dette vart heilt feil, vi må berre bli framande att».

I artikkelserien «Festivalstemning» tar P3.no deg med på konsert rundt om i det langstrekte landet vårt, med artistar og band i ulike sjangrar. Sist møtte vi Skaar på Stord, og i neste og siste utgåve skal vi til Bergen. Følg med!

Tekst: Sjur Systad Tyssen
Video og foto: Markus Indrebø-Langlo

LES MEIR OM MUSIKK:

LES MEIR FRÅ P3.NO:

Siste fra P3.no: