Topp 10: Hekser

Dei største heksefavorittane frå filmlerretet og TV-ruta!

Vi i Filmpolitiet elskar halloween! Og enten du er ein skrekkentusiast som føretrekker seriar som gir deg frysningar, eller ei litt meir sart sjel som har behov for lunare filmar som halloween-underhaldning, så kan dei fleste av oss vere einige om éin ting: Hekser er gøy.

14 TIPS: Filmar og seriar til halloween-kosen!

Frå Den vonde heksa frå Vest, til trioen frå Eastwick, den usette heksa i «The Blair Witch Project», eller flinkis-heksa Hermione Granger i «Harry Potter» – film og TV-seriehistoria er ei gryte som boblar over av gode og vonde hekser som har engasjert oss.

HEKSEBONANZA: Serien «Agatha All Along» har mange referansar til hekser frå filmhistoria. FOTO: Chuck Zlotnick/MARVEL/Disney.

Kva hekser som har hamna oppi dette brygget av ei toppliste har vore svært vanskeleg å pønske ut. Og det hadde vore lettare å få «Strålande» i transfigurasjon, aritmantikk og eliksirar på Galtvort, enn å bestemme meg for rekkefølga.

Berre kortlista var på over 30 eminente hekser. Boblerane som ikkje nådde heilt til topps kan eg nemne blant anna Mary Poppins, Storheksa frå «Heksene» og Melisandre frå «Game of Thrones».

Og ikkje minst blodheksa Mortiana, som skremte vitet av meg som barn i «Robin Hood – Tyvenes prins», Heksa kvit frå «Legenden om Narnia» som fekk meg til å skjønne alvoret om å ikkje ta imot godsaker frå framande, og Nancy Downs i «The Craft» som gjorde meg nysgjerrig på heksekunstar da eg blei litt eldre.

I november skal vi også få bakhistoria til sjølvaste Elphaba, Den vonde heksa frå Vest i den nye storfilmen «Wicked», og ho hadde kanskje klart å kare seg inn på denne lista.

Men enn så lenge – mine personlege favorittar – topp 10 hekser frå film og TV!


Ursula – «Den lille havfruen»

SONGGLAD SJØHEKS: Ursula stel stemma til Ariel i «Den lille havfruen». FOTO: ©The Walt Disney Company.

Det er mange hekser å ta av frå Disneys magiske teiknefilmar, og det var vanvitig vanskeleg å skulle velje ut berre éin!

Den største Disney-boblaren Madam Mim, er ei legende som står bak ein av dei artigaste trolldomsduellane i filmhistoria, men det er ei anna ikonisk heks med sansen for godt kroppsspråk som dyttar henne ut av denne topplista.

Havheksa Ursula er så snill og sjenerøs at ho hjelper stakkars nedbrotne sjeler med kva det måtte vere. Heilt utan baktankar! Eller, korleis var det der igjen? Ariel er kanskje ikkje heilt einig.

Med fabelaktig stemmeskodespel frå Anne Grete Preus i den norske omsettinga, leverer Ursula ein av dei beste Disney-skurkesongane gjennom tidene. Ho kan også skilte med den heftigaste heksegryta og dei heitaste hofterørslene.

Kven: Ursula
Kva: Filmen «Den lille havfruen»
Kor: Disney+ og der du leiger/kjøper film


Willow – «Buffy the Vampire Slayer»

HEKSE-VENNINNE: Willow (Alyson Hannigan) spelte den smarte venninna til Buffy (Sarah Michelle Gellar) i «Buffy the Vampire Slayer». FOTO: 20th Century Fox Film Corp. / Everett Collection / NTB.

For ei oppleving det var å følge Willow Rosenberg (og skodespelar Alyson Hannigan) frå ein sjenert, men dyktig nerdemedhjelpar til ei mektig heks i «Buffy the Vampire Slayer».

Ho var den smarte bestevenninna som alltid hadde ei løysing på lur da Buffy trong det som mest, og etter dei to innleiande sesongane av serien hadde ho begynt å få kontroll over sine magiske evner.

Som så mange av seriane som kom ut på 90-talet, er det ikkje alt med «Buffy the Vampire Slayer» som har tolt tid og alder like godt. Dei feministiske elementa i serien blir opplevd som noko hòle sett med dagens auge, men i ei tid der det ikkje var mange skeive rollefigurar i TV-ruta, var Willow eit kjærkomme tilskot.

Forholdet hennar med Tara var kanskje den mest romantiske og ikkje minst dramatiske kjærleikshistoria i serien.

Og sjølv om Willow kunne vere omsynslaus og sugen på meir makt, var ho (bortsett frå eit ørlite sidespor der ho ville øydelegge verda) ei snill heks som praktiserte magi i det gode si teneste.

Kven: Willow Rosenberg
Kva: Serien «Buffy the Vampire Slayer»
Kor: Disney+


Winifred Sanderson – «Hocus Pocus»

SØSTRENE SANDERSON: Mary (Kathy Najimy), Winifred (Bette Midler) og Sarah (Sarah Jessica Parker) elskar å ete små barn! Her i «Hocus Pocus 2». FOTO: Matt Kennedy / © 2022 Disney Enterprises, Inc.

Det er mange søstrer på denne hekselista, og trioen i «Hocus Pocus» må sjølvsagt nemnast.

Filmen er fast tradisjon i «spooky season», for det blir ikkje halloween før tenåringsguten Max uheldigvis hentar fram dei tre Sanderson-søstrene frå Salem frå dei døde – Winifred, Mary og Sarah Sanderson!

Det er sjølvsagt herlege barnesjeler som er den beste remedien for å vinne ungdommelegheten tilbake for slitne heksekroppar, og Bette Midler, Sarah Jessica Parker og Kathy Najimy speler dei frykteleg vonde, men også rasande festlege heksene med glans.

Men når eg skal velje éin av dei er det ingen tvil om at sansen min for frekke kommentarar og hjarte for musikalar peilar meg inn på leiaren i søstreflokken.

Bette Midlers ikoniske framføring av «I Put a Spell on You», der Winifred forheksar gjestene ved halloweenballen i byen gjennom song, er grunn nok aleine til å gi henne ein plass på topplista!

Kven: Winifred Sanderson
Kva: Filmen «Hocus Pocus»
Kor: Disney+ og der du leiger/kjøper film


Prue Halliwell – «Charmed»

MAKTA TIL TREEININGA: Søstrene Piper (Holly Marie Combs), Prue (Shannen Doherty) og Phoebe (Alyssa Milano) var dei kulaste heksene på TV i serien «Charmed». FOTO: ZUMAPRESS / MEGA / NTB.

Frå ein trio til ein annan – eg var besett av søstrene Halliwell som tenåring. For ei fantasyinteressert jente som voks opp på 90-talet, var «Charmed» på eit tidspunkt det beste som hadde skjedd på TV nokosinne.

Tre kule søstrer, ein viktoriansk villa med eit spennande loft, magiske krefter, demonar, spøkelse og skytsenglar? Det kunne jo ikkje bli betre.

Prue (Shannen Doherty), Piper (Holly Marie Combs) og Phoebe (Alyssa Milano) var kule på kvar sin måte, men det var den eldste søstera eg så mest opp til.

Den kjølige Shannen Doherty var så tøff i rolla som Prue! Ho hadde spennande jobbar som både kunstekspert på ei auksjonsforretning, og seinare som fotojournalist. Og med telekinetiske evner verka ho ofte som den sterkaste heksa i flokken. Sjølv om søstrene sjølvsagt var sterkast når dei stod saman med «the power of three».

Doherty, som dessverre døydde av kreft tidlegare i år, berre 53 år gammal, blei skrive ut av serien etter den tredje sesongen, da ho skal ha fått sparken etter press frå medskodespelar Alyssa Milano.

Da dukka den tidlegare ukjente søstera Paige opp, spelt av Rose McGowan. Ho var ein spennande rollefigur, men serien blei aldri heilt det same utan Prue.

Kven: Prue Halliwell
Kva: Serien «Charmed»
Kor: Pluto TV


Kiki – «Kikis budservice»

LUFTIG ANIMASJON: Kiki flyg saman med katten Jiji for å slå seg ned i ein ny by i «Kikis budservice». FOTO: Arthaus.

Det er ikkje like mange hekser i Studio Ghiblis eventyrkatalog som hos Disney, men det var framleis vanskeleg å velje ut berre éin!

Det stod mellom den grådige og namnestelande spaeigaren/heksa Yubaba, frå «Chihiro og heksene», og den nysgjerrige, snille og godhjarta heksejenta Kiki. Men det er trettenåringen som flyttar heimanfrå for å fullføre heksetreninga si som ligg mitt hjarte nærast.

I «Kikis budservice» flyttar Kiki og katten Jiji til ein by som ligg idyllisk til ved sjøen. Her skal ho starte sitt nye liv, men Kiki slit omgåande med å passe inn i mylderet til storbyen av menneske. Kven er ho blant desse menneska, og kva skal heksegeskjeften hennar eigentleg vere?

Etter kvart tar ho sopelimen fatt og startar ein luftig bodservice, og begynner å hjelpe befolkninga i byen med både smått og stort.

«Kikis budservice» er, som alle filmane til animasjonsmeisteren Hayao Miyazaki, vakkert animert. Og historia er ei forteljing som handlar om krafta som ligg i å ha tru på seg sjølv.

Det er eit søtt, sårt og oppmuntrande eventyr om å legge barndommen frå seg og å tre inn i vaksenlivet, som verkeleg bevegar.

Kven: Kiki
Kva: Filmen «Kikis budservice»
Kor: Netflix, Filmoteket og der du leiger/kjøper film


Sally Owens – «Practical Magic»

MAKTA TIL MAGIEN: Det er nydeleg når Sally (Sandra Bullock) leikar seg med trolldom og heksekunstar i «Practical Magic». FOTO: Suzanne Tenner/Warner Bros. REUTERS/NTB.

«Practical Magic», eller «Magiens makt» som han heiter på bokmål, er den perfekte oktoberfilmen for deg som liker halloween-filmen din med ei klype lunheit, ein god dose romantikk og eit lett dryss av død og forderving.

Sandra Bullock og Nicole Kidman speler Sally og Gillian Owens, to søstrer som kjem frå ei lang linje med mektige hekser. Gillian er ein håplaus romantikar, men Sally har svore å aldri forelske seg.

Grunnen er ei forbanning som rammar alle menn som elskar ei Owens-kvinne, og etter døden til foreldra da jentene var små kasta ho ein kjærleiksformel som skulle vere umogleg å oppfylle.

Som vaksne har Gillian omfamna kreftene sine til det fullaste, mens Sallys største ønske er å ha eit normalt liv. Men ekte heksekrefter kan sjølvsagt ikkje undertrykkast, spesielt ikkje når ho må redde veslesøstera etter at Gillian kjem i trøbbel med den psykopatiske kjærasten sin.

Sally vinn plassen på denne topplista på grunn av hennar omsorgsfulle hjarte, på grunn av Sandra Bullocks lune glimt i auget, og ikkje minst på grunn av kreftene ho faktisk viser når ho tør å la sin eigen heksekultur utfalde seg!

Kven: Sally Owens
Kva: Filmen «Practical Magic»
Kor: Der du leiger/kjøper film


Sabrina Spellman – «Chilling Adventures of Sabrina»

SATANS DOTTER: Kiernan Shipka er fandenivaldsk god som heksa Sabrina i «Chilling Adventures of Sabrina». FOTO: Netflix.

Sabrina Spellman er ein rollefigur som først gjorde sitt inntog i Melissa Joan Harts skikkelse i 90-talsserien «Heksen Sabrina». Ein legendarisk tenåringsserie som kombinerte high school-komediens fengande form med fantasi og fortrylling.

Eg sat slavisk klistra til TV-skjermen da serien gjekk etter skoletid. Og berre så det er sagt, viss dette var ei toppliste over beste heksefølgesvein så hadde Salem frå «Sabrina the Teenage Witch» vunne førsteplassen. Legende.

Som rollefigur og ikkje minst heks blei likevel Sabrina mykje meir spennande da ho fekk lov til å utforske dei mørkare sidene ved seg sjølve i serien «Chilling Adventures of Sabrina».

Basert på den blodige og tidvis ganske morbide teikneserien med same namn, som igjen var inspirert av den opphavlege TV-serien, blei plutseleg Sabrina Satans dotter i den nye versjonen.

Det er ei meir fandenivaldsk Sabrina vi møter i denne utgåva, som skodespelar Kiernan Shipka portretterer som ei smart, driftig og sjarmerande heks som er kjapp i replikken. Ho er verkeleg gøy å følge gjennom serien, som er ein campy liten godbit!

Kven: Sabrina Spellman
Kva: Serien «Chilling Adventures of Sabrina»
Kor: Netflix


Lamia – «Stardust»

HERLEG VOND: Heksa Lamia (Michelle Pfeiffer) gjer kva som helst for å behalde den vakre utsjånaden sin i den gøyale eventyrfilmen «Stardust». FOTO: ©2024 Paramount.

Du hadde vel ete ei stjerne for å halde deg ung? Sjølv om den stjerna er ei kvinne av kjøtt og blod som har falle ned frå himmelen? Det er det Michelle Pfeiffer prøver å gjere i rolla som heksa Lamia.

Matthew Vaughns eventyrlege «Stardust» er eit skikkeleg undervurdert eventyr. Filmen, der Tristan (Charlie Cox) reiser til det magiske riket Stormhold for å finne ei fallen stjerne til jenta han er forelska i, er ein av favoritt-eventyrfilmane mine gjennom tidene.

Det oppstår både romantikk og trøbbel når Tristan finn ut at stjerna heiter Yvaine (Claire Danes) og er ei vakker kvinne. Men Yvaine blir jakta av fleire som er ute etter hennar magiske kraft, blant anna den eldgamle Lamia, som berre treng ein liten bit av hjartet hennar, bokstaveleg talt.

Det ser ut som Michelle Pfeiffer storkoser seg i rolla som den forferdelege heksa som er både vakker, stygg, forførande og vond.

Eg elskar korleis Lamia elskar seg sjølv når ho ser ung og vakker ut. Og den nådelause vondskapen hennar, som lèt henne miskunnlaust gjere kva som helst for å nå målet sitt, er særs underhaldande.

Kven: Lamia
Kva: Filmen «Stardust»
Kor: Der du leiger/kjøper film


Minerva McGonagall – «Harry Potter»

LEGENDE: Maggie Smith vil for alltid bli hugsa for den fantastiske prestasjonen sin i rolla som Minerva McGonagall i «Harry Potter». Her i si svarte heksehatt, med Dolores Umbridge (Imelda Staunton), professor Trelawney (Emma Thompson) og Filch (David Bradley) i «Harry Potter og Føniksordenen». FOTO: Warner Bros. Discovery,

Ein sjeldan gong dukkar det opp ein skodespelar som klarer å lekamleggjere ein elska rollefigur frå litteraturen på ein så god måte at du begynner å sjå for deg personen når du les.

Ian McKellen klarte det med Gandalf – Maggie Smith har klart det med Minerva McGonagall frå «Harry Potter».

Den strenge, men rettferdige transfigurasjonsprofessoren på Galtvort, er ikkje berre ein ivrig rumpeldunkfan, ho er ei formidabelt dyktig heks som alltid har ein skarp kommentar på lur.

Ho er kanskje ikkje så god på å slå ut håret, men det er dermed desto meir rørande når ho blir verkeleg engasjert, eller viser sitt mjuke hjarte.

Som når McGonagall kallar Galtvorts statuar til kamp i «Harry Potter og Dødstalismanene – Del 2» med trylleformularet «Piertotum Locomotor!» Før ho med ærefrykt innrømmer: «Eg har alltid drøymt om å bruke den formelen». Eg græt kvar gong.

Etter eit langt liv og ein rik karriere gjekk den imponerande skodespelaren bort tidlegare i haust. Kjære Maggie Smith, tusen takk for alt du har betydd for meg!

Kven: Minerva McGonagall
Kva: «Harry Potter»-filmane
Kor: Max, og tilgjengeleg hos Apple/Viaplay/der du leiger og kjøper film


Agatha Harkness – «Agatha All Along» og «WandaVision»

EIN HEKSE-FAVORITT: Agatha (Kathryn Hahn) er ei sjølvsentrert og herleg frekk heks, som vil få deg til å kaste kleda og danse i skogen under neste fullmåne. FOTO: Chuck Zlotnick/ 2024 MARVEL/Disney.

Eg har gått nokre rundar med meg sjølv for å vere sikker på at Agatha Harkness faktisk fortener førsteplassen på topplista av dei beste heksene i film og på TV – at ho ikkje berre er nyast og dermed mest spennande.

Men den dama her har dansa rundt i heksebevisstheita mi sidan ho spankulerte inn i Wanda Maximoffs heim, som den nasevisa, nysgjerrige nabokona i Marvel-serien «WandaVision» i 2021.

Kombinasjonen av humor og sylskarpe slengmerknader, som skodespelar Kathryn Hahn leverer med stor fryd, gjer henne til vanvitig underhaldande selskap i TV-ruta. Det er aldri kjedeleg når Agatha er i rommet!

Og sjølv om vi gjennom den nye serien «Agatha All Along» har fått vite meir om kvifor Agatha har blitt som ho har blitt, og at det er eit hjarte langt inni der ein plass, så får ho framleis lov til å vere den egoistiske og slemme heksa vi alle elskar.

Med eit smil om munnen, men eit farleg glimt i auget ER Agatha farleg. Og ikkje kom og fortel meg at det finst ei meir sassy heks enn denne heksa frå Salem – det må du ta sopelimen og fly lenger ut på landet med!

Kven: Agatha Harkness
Kva: Seriane «WandaVision» og «Agatha All Along»
Kor: Disney+