nrk.no

Yasmin (24) frå Stovner blir etterlikna av kjendisar med millionvis av følgarar

Yasmin Hassan sin TikTok-video har nesten 19 millionar visningar, og trenden har blitt kopiert av blant anna Khloe Kardashian. Men kan ein eigentleg eige ein trend?

På ein kafé i Oslo sentrum møter P3.no Yasmin Hassan (24). Ho småpratar med dei som lagar kaffien og fortel oss at ho er stamkunde, sidan ho har kontoret sitt like ved. Ofte vel ho matcha, men i dag blei det iskaffi.

Saman med tre vennar driv ho eit digitalt produksjonsselskap, i tillegg til at ho kallar seg kreatør på TikTok, fordi ho produserer innhald frå sine eigne idéar.

Det er tydeleg på kleda til Yasmin at ho er interessert i mote. Og det er blant anna denne interessa Stovner-jenta har brukt til å skaffe seg over ein halv million følgarar på TikTok.

VENTAR MED UTDANNING: Yasmin gjekk rett ut i ein kreativ jobb etter vidaregåande. (Skjermopptak: yasminheroo 03.07.2024)

Med forloveden David Vu (25) bak kamera leikar Yasmin med ulike vinklar og finn nye måtar å filme videoar på, under namnet Yasmin Hero.

Fleire av videoane har fått mange millionar visningar og blitt etterlikna av store TikTok-kjendisar. No opplever ho å bli kjend att, ikkje berre i Noreg, men til og med på ferietur til Japan.

Då ein verkeleg stor kjendis etterlikna ein populær trend Yasmin skal ha laga, utan å kreditere henne, var det mange som trudde det var denne kjendisen som hadde laga han. Kven kjendisen var (det er ikkje Khloe Kardashian vi snakkar om no), kjem vi fram til seinare.

Korleis kan ein ta eigarskapen til ein trend, og kan ein seie at ein eig ein TikTok-trend, dersom «alle» etterliknar han?

Frå dans til mote

Yasmin kjem frå Stovner i Oslo, og det var der ho prøvde seg på foto og film for første gang.

– Vi hadde ein ungdomsklubb som lånte oss eit kamera og sa vi kunne gjere det vi ville med det. Det var det som gjorde at eg visste kva eg skulle gjere seinare, seier ho til P3.no.

Yasmin hadde dans som hobby i oppveksten. Etter kvart bytte ho ut dansen med interessa for mote og fekk blant anna jobbe med å style artistar.

Kjærasten David er regissør og regisserer sine eigne dansevideoar. No har han ein nesten like stor TikTok-profil som Yasmin og legg hovudsakleg ut dansevideoar.

Og då han i 2021, med nokre tusen følgarar, lagde ein dans til Yasmin sin favorittlåt, «Get Into It (Yuh)» av Doja Cat, skulle det gi karrieren deira ein kraftig rykk.

KAMERAMANN: Stort sett alle videoane Yasmin lagar, er filma av David, som er dansaren til høgre i videoen. (Skjermopptak: yasminheroo 03.07.2024)

Trenden som oppstod, gjekk ut på å danse denne dansen til denne spesifikke låten, og det var mange som ville prøve seg. Dette skal ha gjort at låten klatra opp på Billboard 100, fortel Yasmin. På Wikipedia-sida til låten står det at låten nådde topplister i fleire land på grunn av ein TikTok-trend.

– Det gjorde songen til ein av dei mest populære songane på albumet, meiner Yasmin.

På grunn av «Get Into It (Yuh)»-trenden fekk både Yasmin og David mykje merksemd, og videoane deira begynte å bli sett av mange fleire enn tidlegare. Dette gjorde at Yasmin ville begynne å finne idéar til eigne videoar.

No ville ho bevege seg inn imot si andre interesse: mote. Og det skulle vise seg å vere ein god idé.

Ville vise antrekk på ein ny måte

– Eg følte ikkje det var så mange som viste eit antrekk på ein kul måte «in one go», seier Yasmin.

Tidlegare hadde ho berre sett videoar der ein måtte trykke stopp på kamera og lære seg å klippe saman videoar, for å lage kule antrekk-videoar. No ville ho gjere dette på ein gøy måte, utan å måtte stoppe kamera.

– Det som er lettast å gjenskape, er det som folk kjem til å teste og prøve ut, seier ho.

Og då ho lagde ein video som var mogleg for vanlege folk å lage, utan mykje klippekunnskap, blei han så stor at til og med dei skikkeleg store stjernene ville prøve han ut.

KREDITERING: Yasmin synest det er viktig å skilje mellom inspirasjon og gjenskaping. (Skjermopptak: yasminheroo 03.07.2024)

Yasmin har ikkje eit offisielt namn på denne trenden, men vi kallar han «360-trenden». Han går ut på at ein filmar seg sjølv, og på eit tidspunkt slepper ein kamera medan det filmar vidare på avstand, før personen tek tak i kamera igjen.

– Det er kanskje den mest kjende tingen vi har laga, seier ho.

POPULÆRT: Denne videoen har blitt vist nesten 19 millionar gongar. Dersom ein følger lyden i videoen til Sofia Richie på TikTok, finn ein haugevis av gjenskapingar av trenden. (Skjermopptak: yasminheroo 03.07.2024)

Ein dag i 2023, rundt ein månad etter at ho hadde posta sin første versjon av «360-trenden», såg Yasmin at ho hadde fått fleire kommentarar under videoane sine: «Sofia Richie gjorde trenden din.»

– Eg visste eigentleg ikkje kven Sofia Richie var, men eg veit kven Lionel Richie er. Det er dottera hans, seier ho om den 25 år gamle modellen og sosiale medium-profilen med over 3,7 millionar følgarar på TikTok og over 11 millionar på Instagram.

«Sofia Richie-trenden»

Under Sofia Richie sin video med «360-trenden» til Yasmin, stod det ikkje kven som var skaparen av trenden. Dermed var det fleire som begynte å kalle han «Sofia Richie-trenden».

– Ho er så stor. Kanskje folk såg han og tenkte: «Det er noko nytt Sofia Richie gjorde,» seier Yasmin.

TikTok-videoen til Sofia Richie Grainge har no over 34 millionar visningar.

Yasmin fortel at under dei fleste videoar, der folk etterlikna trenden og skreiv «Sofia Richie-trend», kommenterte forloveden og andre folk at det var Yasmin som hadde laga han.

– Å gi kred til den som har laga noko er ein oppriktig ting å gjere. Eg føler folk som prøver ut trendar, prøver å finne ut kven som lagde det, seier ho.

Yasmin forklarar at ein kan finne ut kven som har laga ein trend ved å sjå kven dei har tagga, og følge det bakover heilt til ein finn den opphavlege skaparen.

– Eg føler nok at folk til slutt skjønte kvar han kom frå, seier Yasmin om «360-trenden».

VISTE STØTTE: Sofia Richie kommenterte seinare på ein video av trenden som Yasmin la ut. (Skjermopptak: sofiagrainge 05.07.2024)

Men korleis kan Yasmin vite at ho er den aller fyrste til å lage noko nytt, når det er så mange millionar av videoar som blir publisert kvar einaste dag?

– Det er jo veldig vanskeleg å seie, men når eg lagar mitt «content», så ser eg ikkje på sosiale medium. Eg tar meg tid utanfor og utforskar sjølv, så det eg gjer, føler eg liksom kjem frå mitt hovud. Det kan hende andre har gjort det før, men det er ikkje der eg får inspirasjon frå. Ein veit jo aldri, men så lenge eg har gått gjennom heile prosessen sjølv, så er det jo eg som har laga det, forklarar ho.

KREDITERING I KOMMENTARFELT: bilete frå kommentarfelta til Khloe Kardashian og Sofie Richie sine videoar med 360-trenden. Siste bilde viser Sofia sin kommentar på ein av Yasmin sine videoar. (Skjermdumpar sofiagrainge / khloékardashian, 05.07.2024)

Det var også andre store kjendisar som etter kvart prøvde ut 360-trenden. Blant dei var Khloe Kardashian og Anne Curtis.

Yasmin synest det er viktig at den som har laga trenden blir kreditert. Men er det mogleg å «eige» ein trend på ein så stor plattform som TikTok?

Trendskaparen forsvinn i mengda

TikTok-forskar ved Universitetet i Oslo, Emilie Maeve Owens, skriv i ein e-post til P3.no at det er veldig vanleg at den originale trendskaparen «forsvinn» i mengda av gjenskapingar.

Owens seier at ein idé aldri kan tilhøyre nokon på TikTok, og at spesielt store trendar og lydar kan bli for store til at nokon kan ta eigarskap til dei.

– På eit visst nivå blir dei allmenne og tilhøyrer alle, forklarar ho.

TIKTOK: Owens trur at kva som slår an, ofte er eit spørsmål om god timing og flaks. Foto: Håvard Steffensen NRK P3

Ho seier at ho nyleg prøvde å spore tilbake ein «lydmeme» på TikTok, og synest det var ganske vanskeleg.

– Den originale videoen var mykje mindre populær enn ein som var laga dagen etter med same lyd, seier TikTok-forskaren.

Det er spesielt typisk at den originale trendskaparen forsvinn dersom større profilar gjenskapar ein trend, fordi dei har eit generelt større publikum.

– Kjendisar adopterer dei ofte som ein del av deira breiare innhald, seier Owens.

På eitt vis var det dette som skjedde med Yasmin, då Sofia Richie lagde sin versjon av 360-trenden. Men sjølv om Sofia sin versjon blei større, hadde Yasmin eit inntrykk av at folk visste at det var ho som hadde laga han.

Yasmin vil at folk skal vite kven skaparen av trendane er. Likevel veit ho også at det ein legg ut på sosiale medium, ikkje er enkelt å ta eigarskap til.

Skapar-perspektiv

– Det som er vanskeleg med sosiale medium, er at når du legg ut noko, er det ikkje ditt lenger. Det er internett sitt, seier Yasmin.

Ho trur det derfor er eit poeng i at ein må ta eigarskapen til trenden sjølv, dersom ein vil at folk skal hugse kven som lagde det. Og for henne er det viktig at folk veit at ho er hjernen bak det ho lagar.

– For det første er det noko ein planlegg og brukar tida si på. For det andre er det slik ein får jobbar.

Yasmin fortel at ho tidlegare har vore med på fleire kampanjar for ulike klesmerke, blant anna «UGG-sesong», fordi dei har sett det ho har laga på TikTok.

MYKJE INNHALD: Yasmin trur det er enklare å vise seg som trendskapar ved å lage fleire av liknande videoar. (Skjermopptak: yasminheroo 03.07.2024)

Men 24-åringen er også bevisst på at alt er subjektivt, og at det kan sjåast på ulike måtar, ut ifrå om ein er skapar eller brukar. Yasmin ser på det ho lagar frå eit skapar-perspektiv. Derfor tenker ho at ho eig idéane ho lagar, sjølv om ho veit at sjølve videoane er TikTok sine.

Ho trur at ein vanleg TikTok-brukar ikkje tenker over at det er ein person bak trenden, men at han berre har oppstått på plattforma.

– Og ingen av dei er feil, understrekar ho.

Det at folk liker ein trend og gjenskapar han, betyr berre at folk liker det ein har lagd, meiner Yasmin.

– Og det er noko å vere stolt over, uansett om ein får «credsfordel» eller ikkje. Og så tenker eg at dei som er ekstra interesserte, leiter etter kven som har laga trenden, for der kan du finne meir inspirasjon.

Yasmin har kort, krøllete mørkt hår. Det når ikkje skuldrene og ha har det i midtskill. Ho har briller med gjennomsiktig innfatning og går utan sminke. Ho smiler forsiktig til kamera.
STOLT: Det å bli kopiert av andre er eit ekte bevis på at folk liker det du lager, meiner Yasmin.

LES MEIR:

Siste fra P3.no: