nrk.no
Anna står på plattingen framfor inngangspartiet. Det er halvferdig og mangler nokre plankar. Døra er ei verandadør og innanfor den står ein gammaldags stålampe. Det er rotete rundt i inngangspartiet.

– Eg har ikkje lyst til å leva dette sjuke luksuslivet som me i Vesten lever

Anna Mykkeltvedt (28) omtalar seg sjølv som «ein opprørsk jævel». Helst vil ho leva uavhengig av samfunnet.

– Eg hadde dreadlocks, og så var eg skalla. No har eg minihuset. Så eg er van med å skilja meg ut, eg har alltid gjort det.

– Har det blitt di komfortsone?  

– Det er nok det … Ja, veit du kva? Dette må eg sjå på og ta tak i.   

Så kjem latteren. Han ligg alltid og lurar, uansett kva som er samtaletema.

Telt, campingvogn og så minihus

28 år gamle Anna Mykkeltvedt er fødd og oppvaksen i vestlandsbygda Voss. Ho har levd heile livet sitt her, og no har ho også bygd sin eigen heim: 

Eit hus utan adresse, som er 17 kvadratmeter stort og som ikkje er påkopla straum eller vatn. 

– Eg har alltid hatt lyst på eit eige hus, der eg på ein måte er heilt trygg. Eg har alltid vore på leit.

Og når leilegheiter og hus berre blir dyrare og dyrare, valde Anna å ta saka i eigne hender.

Minihuset er mørkebrunt og har eit smalt vindauga på langsida. Det er ein stige festa på veggen og solcellepanel på enden.

Ein video på YouTube var gnisten som starta minihusdraumen. Men dette er ikkje den raraste plassen ho har budd.

For fleire år sidan budde Anna ei lita stund i campingvogn, før ho våren 2019 budde to månadar i telt for å spara pengar. Det var «kaldt som faen», særleg fordi det var på denne tida at ho barberte hovudet sitt.

No har ho innsett kor mykje kroppsvarme ein får av å ha hår på toppen.

Etter at ho gav opp teltet, budde ho eit par år i campingvogn igjen. Det var no at minihuset vart bestilt og byggeprosessen starta.

Desember 2019 sette ho i gang med prosjektet som ho trudde ville ta tre månadar.

– Eg krangla med pappa før dette gjekk føre seg, og han sa: «Det kjem til å ta lang tid.» Eg svara: «Nei, nei, nei, eg har sett på YouTube!» Så, ja, eg overvurderer meg sjølv. Det var tre lange år. 

Vener og familie hjelpte heldigvis til.

Hadde dei lyst til å henga med Anna, så måtte dei bidra. For det var i minihuset ho brukte det meste av fritida si.

– Familien og vennane mine er jo veldig positive, men eg ser at folk synst det er rart. Nokre av dei på jobben synst det er heilt «spaced», haha! 

Det at ho aldri hadde bygd noko før, gjorde at prosessen var ekstra langdryg. Heile vegen viste far hennar korleis ho gjorde noko, og så skulle Anna gjera resten.

– Du må læra alt på vegen. Du gjer ting feil, og så må du bruka to dagar på å gjera det om igjen. 

Våren 2022 var huset endeleg ferdig, og eitt år seinare fekk ho seg ein sambuar: katten Ronja.

Men sjølv om minihuset endeleg var mogleg å bu i, så vart ikkje alt slik som Anna hadde håpa.

Det var Avisa Hordaland som fyrst omtalte Anna og minihuset.   

«Utanfor nettet» 

Då Anna fyrst starta minihusprosjektet sitt i 2019, var ho fast bestemt på å leva «off the grid», uavhengig av offentlege ytingar.   

– Det betyr vel eigentleg at du ikkje er påkopla straum eller kloakk. Du har din egen mat, og ja … at du liksom kan leva heilt utan samfunnet, då, forklarar 28-åringen.   

Anna sit ved kjøkkenbenken og et middag frå ei skål. Bak ein ser ein hemsen der ho søv, resten av kjøkkenet og badet.

I eine enden av minihuset går det eit røyr frå taket og ned til ein stor, kvit dunk.

I den andre enden heng det to store solcellepanel som lagar straum.

Regnvatnet frå dunken går til vasken, men drikkevatn må ho henta frå jobben, vener eller familien.   

Det er fyrst i år at Anna fekk billappen. I lang tid køyrde ho ATV, med ikkje særleg plass til anna enn ho sjølv.

– Fy faen, no skjønar eg ikkje at det er mogleg. Eg har køyrt tusen turar – opp og ned, opp og ned for å henta vatn, liksom, seier ho oppgitt og ler.

På badet har Anna forbrenningstoalett og badekar som ho fyller med regnvatn.

Ein vedomn står midt mellom «stova» og kjøkkenet.   

– Det blir fort varmt når ein fyrer, men det blir òg fort kaldt att. Litt som i ei hytta.

Men sidan solcellepanela ikkje produserar nok straum, særleg når det blir mørkare, blir det for kaldt å bu her på vinterhalvåret. Ho flytter derfor inn i leilegheita til kjærasten på hausten når kulda kjem og er tilbake i minihuset rundt påske.  

Så halve delen av året er ho «on the grid», slik som alle andre.

Å bu i eit minihus er kanskje ikkje det vanlegaste valet for nokon på bygda, men å ha ei hippiemor og ein pønkarfar har forma Anna på fleire måtar.

Ho ser på seg sjølv som ein slags «notidas hippie».

– Føler du at nokon dømmer deg for å bu sånn her?  

– Nei … Skal dei dømma meg for at eg er så jævlig flink? Eg er liksom så stolt av det eg har fått til at dersom folk dømmer meg, så legg eg ikkje merke til det.

Eit luksusliv

For å kunna leva skikkeleg «off the grid» i Noreg trur Anna at ein må bla opp med eit par millionar. Til no har ho brukt under ein million på heimen sin, der nokre hundre tusen av dei har gått til «off grid»-utstyr.

Då folk rådde Anna til å løysa straumen eller vatnet på ein annan måte, så høyrde ho ikkje på dei.

Men den eigenrådige 28-åringen måtte til slutt bita i det sure eplet og innsjå at ho enn så lenge ikkje kan leva heilt utan samfunnet.

– Altså, eg kunne framleis tenkt meg det. Eg er jo ein sånn opprørsk jævel, då. Eigentleg så føler eg ofte at eg har ikkje lyst til å vera ein del av dette. Eg skjønar ikkje kva dei tenker … Kva er det som går føre seg, liksom? 

Med det siktar 28-åringen til blant anna krigane, maktmisbruk og dei store forskjellane i levestandard i verda.

– Eg har ikkje lyst til å leva dette sjuke luksuslivet som me i Vesten lever, men eg gjer det jo likevel. Eg har kjøleskap, varmtvatn, internett og Netflix.  

– Men det er jo mange som ville tenkt at dette verkeleg ikkje er luksus?  

– Dersom du samanliknar meg med verdas befolkning, så er jo dette luksus! På alle måtar, meiner ho.

Katten står på kjøkkenbenken omringa av mat og krydder mens ho luktar på eit lokk.

Noreg ligg på andreplass for FN sin indeks for menneskeleg utvikling, ifølge rapporten for 2023–24. Indeksen måler forventa levealder, utdanning og inntekt, og er ein indikator på levestandarden i alle verdas land.

Ein rapport frå tidlegare i år viser også at forskjellane mellom rike og fattige land aukar meir enn det har gjort på lenge.

Minimalt med shopping

Vossingen treng ein stige for å komma seg opp til hemsen der ho søv. Det er også her ho har mykje av tinga sine.

Mykje av det Anna eig er kjøpt brukt, men ho er glad i kjøpa ting av god kvalitet når ho først treng noko.

Klede er ein luksus Anna sjeldan bryr seg om. Det er ikkje ofte ho shoppar, men i vinter gjekk ho på ein sjeldan storhandling og kjøpte truser, sokkar og tre par med tights.

Fram til det levde ho på klede som vennane ikkje ville ha lenger – og stolne truser. Det har også hendt at folk har kjøpt noko til ho.

– Vennane og søskena mine har hele tida lyst til å kle meg opp og hjelpe meg med å sjå bra ut.  

Anna står og rører i gryta med mat mens ho snakkar. Bak ein ser ein andre halvdelen av minihuset, som består av ein benk og ien hems.

Ifølge Redd Barna er det meir enn 160 millionar barn som lever som barnearbeidarar. Bruk av barn som arbeidskraft i klesindustrien er ein stor årsak til at Anna prøver å unngå shoppinga.

– Eg skjønner ikkje poenget heller! Eg har jo klede. Det er jo ikkje sånn at eg går naken, seier ho oppgitt etterfulgt av latter.

Leve meir autentisk

Anna er ikkje åleine om å ville klara seg utan samfunnet.

– Eg har inntrykk av at denne måten å leva på blir attraktivt for stadig fleire.

Dette meiner Emil Mortensrud Øversveen, som er sosiolog ved Manifest analyse. Han fortel at unge som ønsker å klara seg utan samfunnet kan vera motivert av fleire ting, men at ein årsak kan vera mistillit til styresmaktene.

– Det kan jo også vera eit ønske om å leva på det som blir oppfatta som ein meir autentisk måte. Å komma seg ut av forbrukarsamfunnet og ha meir kontakt med jorda, meiner han.

Eit prideflagg som er festa på utsida av minihuset flagrar i vinden

Sosiologen trur at utfordringane unge møter for tida kan henga saman med ønsket om å leva meir uavhengig. Det kan vera ting som auka pensjonsalder, meir usikker jobbsituasjon eller å ikkje føla seg høyrd av politikarane.

– Eg trur ein del føler på ein kollektiv avmaktsfølelse, om det er Gaza, klima eller kva det skal vera. Ein vil veldig gjerne, men ein slit med å føla at dei meningane faktisk tel.

Nokre råd til korleis du kan engasjera deg

KOPLA DEG AV

Dersom du er stressa og slit med å få kvardagen til å gå opp, kan det vera lurt å ta eit steg tilbake. Om du greier å leva litt enklare, kan du få meir energi til å engasjera deg i det du bryr deg om.

MELD DEG INN I NOKO

Det kan vera eit politisk parti, ein organisasjon eller noko anna. Når fleire jobbar saman mot eit mål, utviklar ein sosiale ferdigheiter, og du lærer deg korleis det er å jobba med andre og forholda deg til folk du er ueinig med. Det er viktig for demokratiet at folk organiserer seg og ikkje berre prøver å utgjera ein forskjell åleine.

Kjelde: Emil Mortensrud Øversveen, sosiolog

Øversveen viser til at fleire undersøkingar peiker på at folk har mindre tru på demokratiet og framtida enn det ein hadde før.

– Eg tenker jo at dersom ein er bekymra og ikkje har særleg trua på moglegheita for å handtera desse tinga politisk, så vil ein kanskje berre trekka seg ut og prøva å leva uavhengig, utanfor samfunnet, utanfor det sosiale, fortel han.

Ein ny draum

Sjølv om Anna framleis kunne tenkt seg å leva «off the grid», har ho skjønt at det kan vera både dyrt og vanskeleg. Men under bygginga av minihuset har ho lært mykje og innsett kor evnesterk ho er.

– No er draumen å kjøpa meg eit falleferdig småbruk, og så bruka resten av livet på å …

Katten Ronja mjauar høgt og avbryt Anna midt i setninga.

Anna held opp katten til ansiktet hennar, slik at halve fjeset hennar er skjult bak ho. Ho ser til sida alvorleg og har ein prestekrage bak eine øyra.

– Eg kunne kjøpt noko som er heilt falleferdig som det ikkje går an å bu i ein gong, og så bu i minihuset der mens eg pussar opp, fortset ho. 

På det framtidige småbruket vil den tidlegare veganaren ha gris, høner og andre dyr på garden.

Helst vil ho læra korleis ho kan slakta dyra sjølv.

– Det er stor sjans for at den grisen vil bli 100 år gammal då, haha!

Anna sit framfor minihuset sitt i ein plaststol. Det er to andre plaststolar og eit stort bord. Minihuset er brunt, har ein stige opp langs eine veggen, solcellepanel og ein stor kvit hengar framfor seg. Det er grønt i graset rundt og skyer dekker fjellet bak ho.

I tillegg vil vossingen dyrka eigen mat og sanka frå skogen. Hennar største ønske er å ha sitt eige plommetre.

Men uansett kor lite eller stort hus Anna bur i, kjem noko til å vera som det alltid har vore:

Ho vil klara seg med minst mogleg og leva mest mogleg «off the grid».

Foto og tekst: Marit Eide, NRK P3

LES MEIR:

Siste fra P3.no: