nrk.no

Usexy, ukrydra og upraktisk?

Vil den urnorske maten og alle bestemødrer sitt favorittreiskap overleva TikTok-generasjonen?

– Eg er glad i å visa folk norsk mat, men det er jo ikkje akkurat så veldig mange … sexy rettar?

24-åringen står på det vesle kjøkkenet der han lagar dei fleste TikTok-ane sine. Fleire kjenner han kanskje betre som Ketilko enn Ole Sirnes.

Frå hybelen i Skostredet i Bergen har han nådd fleire millionar med videoar der han lager pho, corn dogs, dumplings, kengurupølse og ørten forskjellige typar burgar.

Dette er altså ein internasjonal fyr i matvegen, og snart skal han komma med ein dyster spådom.

Forundra og småsjokkert

Eg (underteikna journalist) veit ikkje heilt kva eg gjer her i kåken til Ole. Det er eg ærleg om, med både han og fotografen som eg har dratt med meg.

Det einaste eg veit, er at eg, i ein alder av 28, har oppdaga at omtrent halvparten av folk eg kjenner, ikkje veit kva ei steiketakke er. Dei har ikkje eingong høyrt ordet før!

Om du tilhøyrer den halvparten som les dette ordet for fyrste gong, skal du få ei kjapp innføring.

Ei steiketakke står på ein benk. Den er rund, stor, sølvfarga og har ei stor svart steikeflate. På flata ligg ei lefse som er rive og heng litt utfor kanten. Det er ei teikna gul pil som peikar på takka. Ei gammal dame brukar ein lang tredings til å løfte lefsa med.
TIL DEI UVITANDE: Dette er ei steiketakke. Vanlegvis er lefsa i litt betre stand og litt betre plassert enn denne her. Foto: Marit Eide, NRK P3

Steiketakka er ifølgje Wikipedia ei plate til å steika mat på og er ei norsk oppfinning frå 1955. Før den elektriske kom, brukte ein takka over open eld.

Som regel er ho mellom 40–60 centimeter i diameter, og veg mellom 6 og 9 kilo. Den minste sorten passar perfekt inn under ein sofa (etter mi erfaring) og kan nok funka som vekt når du skal ta knebøyg.

Ho er rund, finst med og utan feittkant og kostar nokre tusenlappar ny.

Om du trur at bruksområdet til takka er snevert, må du tenka om att! Ho er ikkje berre for sveler, flatbrød og lefser, men kan brukast omtrent som ei steikepanne – til å steika hamburgar, pannekaker, grønsaker og mykje meir.

Sånn, då er alle informerte.

(P)Tre svar på spørsmålet: «Veit du kva ei steiketakke er?»

Arian ser sjokkert ut, med open munn. Ho sit i eit radiostudio, og har på seg øyreklokker og ein mikrofon framfor andlete.

ARIANRHOOD «ARIAN» ENGEBØ

Programleiar i «StudioP3», frå Førde, 29 år

– Ei steiketakke? Ja, er ikkje det sånn til å laga svele og slikt på? Slik som SFO og barnehagen hadde for å laga svele i langfriminutta. Ganske sikker på at pappa og har ei han har arva.

Foto: NRK P3

ERLEND MØRCH

Programleiar i «Radio Mørch», frå Oslo, 28 år

– Ein steiketaka? Nei.

Foto: Henriette Dæhli, NRK

Erlend ser alvorleg inn i kamera mens han held to dukkehovud og ein gullmikrofon.
Tete smilar manisk. Han har ei maske på toppen av hovudet og eit paintballgevær i hendene.

TETE LIDBOM

Programleiar i «P3morgen» og «Heia fotball», frå Trondheim, 37 år

– Ei steiketakke? Ja, eg trur det. Det er ei stor panne, eller ei stor steikeflate som er flyttbar. Det er det eg ser for meg, i alle fall.

Foto: Kim Erlandsen, NRK P3

Det at mange ikkje veit kva ei takke er, fekk meg til å lura på korleis det står til med norsk tradisjonsmat. Er me på veg til å gløyma alt som bestemødrene våre laga, no når me har internasjonale handelsavtalar og FoodTok?

I mai sa forskar John Spilling til NRK.no at me nordmenn har blitt «veldig globale i matvegen». Til ingen sitt store sjokk.

Bygdekvinnelaget, derimot, kunne i same artikkel melda om at fleire begynner å fatta interessa for norsk tradisjonsmat att. Men det at fleire vil læra seg å laga potetlefse på kurs, betyr ikkje nødvendigvis at folk også vil begynna å byta ut pizza og taco med spekesild og kålrulettar.

Me skal snart tilbake til ei levande legende i bygdekvinnelag-kurssamanheng, men først meir om mat og mindre om takka.

Den eksotiske jalapenoen

Utfordringa for norsk mat er at dei internasjonale rettane veks så fort, ifølgje forskar Spilling.

Og ein av dei som er med på å bygga hypen for utanlandsk mat, er jo nettopp TikTok-kokken Ole Sirnes.

Ole flippar ei lite tacolefse opp frå steikepanna. Rundt han er det teikna gule bananer.
APEN KETIL AKA OLE: Ole har kalla opp TikTok-brukaren sin etter ein ape (Ketil) og nokre andre dyr (& ko) som han måla på veggen til nokre kompisar. Foto: Markus Indrebø-Langlo, NRK P3

Fyren frå Hardanger meiner at det har tatt heilt av kor påverka me nordmenn blir av andre land når det kjem til mat.

– For ti år sidan visste eg sikkert ikkje kva ein jalapeno var, det er jo no me har fått så mykje import. Eller, om det er ti år sidan veit eg ikkje, sikkert meir enn det. Men poenget er at med sosiale medium får du så sjukt mykje inspirasjon frå andre land, meiner 24-åringen.

Mobbeofferet

Grunnen til at eg hamna hjå Ole, alias Ketilko, er at sjølv om det går aller mest i asiatisk, amerikansk og andre ikkje-norske rettar, har eg sett han laga jordskokksuppe, kjøttpudding og sveler på TikTok.

Han har også laga den norskaste burgaren eg har sett: med brunost, tyttebærsylte, skogsbacon og hjortekjøtt.

Så eg spør om kva han synest om norsk mat.

– Det er det som ligg meg nærast. Eg har jobba på restaurantar der det er mykje fokus på å bruka norske råvarer og å laga norske rettar, seier han, før han ler litt og fortset:

– Me blir jo mobba av andre land for at me har så kjedeleg og usmakleg mat, men eg synest me har såpass gode råvarer at me ikkje treng å drukna dei i masse krydder. Mange gongar treng ein eigentleg berre salt og pepar for å få fram den gode smaken.

Ole si krydderhylla består av små glas som alle har ulike namn klistra på seg. Over krydderet er det teikna ulike stjerner.
SPICE UP YOUR LIFE: Ole elskar asiatisk mat med mykje krydder, men det betyr ikkje at han mislikar «traust» tradisjonsmat heller. Foto: Markus Indrebø-Langlo, NRK P3

Ansvarsfråskrivinga

– Føler du noko ansvar for å formidla norsk mat til dine følgarar?

– Eg føler ikkje noko ansvar for det, men eg føler eg kan gjera ein innverknad og inspirera andre. Slik som på hausten har me norske grønsaker og lam som er i sesong, så då synest eg det er gøy å tenka på kva eg kan gjera med lammelår i staden for berre å heilsteika det.

Ok, så norske råvarer er nais, men eg er meir interessert i rettane som bestemor lagde. Plukkfisk og hønsefrikassé!

Trur Ole at slik norsk tradisjonsmat vil halda seg i live dei neste åra?

– Ehm … Ja, eg trur kanskje det. Eller, kanskje ikkje i like stor grad, men eg har vakse opp med kjøttkaker i brun saus og alle desse tinga, og det er sånt folk vil ta med seg og servera til sine barn igjen.

Ole brukar ei brun vinflaske til å kjevle ut ei tacolefse. Han har tatoverte hender og fingrar. Det er teikna to hender som visar rockesymbol ved sida av han.
TØFF OG KUL: Kokkar med røff stil og tatoveringar blir gjerne omtalt som «rockekokkar». Ole har tatoveringar over heile kroppen, og alle har han tatovert på seg sjølv. Det at han brukar ei vinflaska som kjevle hjelper også på rockeimaget. Foto: Markus Indrebø-Langlo, NRK P3

Han meiner at sidan me ikkje lagar kjøttkaker så ofte lenger, blir det jo nesten som ein luksusrett dei gongane me et det.

– Og med sosiale medium kan ein alltids finna dei igjen, seier han, men med noko nølande stemme.

Phu, det er jo bra at i det minste kjøttkakene vil leva vidare. Men kva med mitt hjartebarn, steiketakka?

Ole sin deprimerande konklusjon

– Trur du steiketakka kjem til å forsvinna meir og meir?

– Ja, det gjer ho nok. Det er trist å seia, men det trur eg.

– Kvifor trur du det?

– Nei, kven er det som skal bruka ho, liksom?

– Du kan bruka ho til å laga tacolefser på.

– Ja, hadde eg hatt plass.

Ole står midt i ei skeiv, gammal gate i Bergen. Han har hendene i lomma og ser til sida. Over han er det teikna fire spørsmålsteikn.
BAD IKKJE OM DETTE: Ole er berre ein hyggeleg, dialektforvirra 24-åring frå Hardanger som ikkje heilt skjønar kva som er poenget med denne saka. Det gjer ikkje eg heller. Foto: Markus Indrebø-Langlo, NRK P3

– Eg har mi under sofaen.

– Folk skal jo ha det så jævla kjapt og enkelt! Dei skal ha minst mogeleg, og tinga dei har, skal gjera mest mogeleg. Kven skal ha ei steiketakke då? Røska ho opp når dei skal steika noko, liksom?

– Trur du ikkje at når dei som er i 20-åra no, bikkar 40 og blir nostalgiske, at dei kjøper seg då?

– Nei, ho er rett og slett for stor til at folk gidd å ha ho. Det høyrest ut som om du har lyst til at eg skal seia noko anna.

– Ja, det vil eg. Men eg skal ikkje legga føringar!

Heldigvis kan me ikkje trekka ein konklusjon ut frå ein meir eller mindre tilfeldig kar i Bergen.

Gunda sin litt mindre deprimerande konklusjon

Derfor spør eg den tidlegare nemnde bygdekvinnelagslegenden Gunda Mortensen (81).

Ho er om lag 60 år eldre enn folkene som P3.no vanlegvis intervjuar, men sidan ho har halde takkebakstkurs heilt sidan 70-talet gjer eg eit unntak.

Potetlefsene hennar er trass alt legendariske i Jessheimsområdet på Austlandet. (Hah, der ser de, alle de som trur at lefser og takker er ei vestlandsgreie!)

Eg blir med ho og Eidsvoll bygdekvinnelag på potetlefsekurs. Og i denne gjengen er stemninga langt meir positiv enn i hybelen til Ole.

Gunda brukar ein trepinne til å brette lefsa. Ho har kort, kvitt hår og briller. Rundt ho står folk og ser interesserte på det ho gjer.
LEFSGURUEN GUNDA: Å brette potetlefsa riktig er ein kunst – og ikkje ein lettlært ein. Foto: Marit Eide, NRK P3

– Trur du at steiketakkene vil bestå i framtidige generasjonar? 

– Ja, eg trur dei vil få interesse for det.

– Korleis? 

– Gjennom kurs. Eg har hatt ungdommar på kurs som bakte lefser til sin eigen konfirmasjon. Barnebarna og oldebarna mine er også veldig interesserte i baking på takke.  

Då var stillinga 1–1.

Så det siste og avgjerande slaget kjem frå eit noko uventa hald. Sjølv om nokon arvar takka frå bestemora si (slik som eg), så bør salstalet vera ein god indikator på om steiketakka er på veg inn i gløymselen, eller ikkje.

TAKKE SEG TIL: I ordboka finn ein ikkje steiketakke, der må ein ta seg til takke med takke. Skjermdump: 05.07.23

Derfor fyrar eg av garde ein e-post til kommunikasjonsansvarleg i Jernia.

Vedkommande svarar kjapt at salstalet på steiketakker held seg stabilt, og det har faktisk auka med 10–15 prosent dei siste tre åra! Det må jo lova godt, sjølv om eg trur at halvparten av befolkninga vil vera minst like uvitande om takka sin eksistens om 20 år som dei er i dag.

Sidan rockekokk Ole har vore så sporty med å stilla opp til tidenes mest ukonkrete og uobjektive intervju, synest eg han skal få siste ordet i saka.

Noko meir du vil seia om steiketakker, norsk tradisjonsmat eller andre ting?

– Nei.

Hei!

Så kjekt at du las heilt ned hit. Tidlegare har eg fortalt historia om Styrk som vart redda av ekstremsport, om Lovise som vart mamma som 17-åring, aseksuelle «Dina» og Magnus som har valt ei unik retning i livet.

Har du tips til spanande unge menneske eller tema du meiner eg bør skriva om?

Send meg gjerne eit tips til marit.eide@nrk.no!

LES MEIR:

Siste fra P3.no: