Ein kjenning av politiet

P3 DOKUMENTAR: Theo (18) slutta på skulen for å jakte på blålys.

P3dokumentar på TV:

Dokumentarserie i fem delar.

Historiar om ung, norsk verkelegheit.

Ny dokumentar kvar veke:
19.09: Ekkokammeret.
26.09: Langt til bloggtoppen.
03.10: Skyldig, jeg?
10.10: Spor 19.

Han er høg, han er mørk i håret. Pur ung, og med eit lurt smil om munnen. Alltid på vakt, med eit kamera rundt halsen. Theo Aasland Valen (18) trivst best der blålysa blinkar.

– Det heile starta ein gong me kom forbi ei ulukke i Porsgrunn, i 2013 var det vel. Eg tok bileter av det heile og sendte det inn til ei avis i nærområdet.

Theo fortel ivrig om korleis bileta vart knipsa med telefonen han hadde i lomma, før han sendte dei vidare til lokalavisa. Kort tid seinare kunne ein sjå bileta på nett. Under stod det “FOTO: Theo Aasland”.

– Det var gøy å sjå namnet sitt der i avisa. Det vekka noko i meg, fortel han.

At Theo tilfeldigvis kom køyrande forbi ulukka den dagen i 2013 fekk alt å seie for dei kommande åra av livet hans.

Sjå dokumentaren om blålysjegeren Theo øvst i saka.

Theo Aasland Valen (18) droppa ut av skulen til fordel for ein jobb med gjennomsnittleg løn på 29 kroner timen (FOTO: Ekkofilm).
Theo Aasland Valen (18) droppa ut av skulen til fordel for ein jobb med gjennomsnittleg løn på 29 kroner timen (FOTO: Ekkofilm).

Alder ingen hindring

Theo er tilsynelatande ein vanleg, ung mann. Storebror til tre smårollingar. Glad i å reise. Tilbringer mykje av fritida si saman med venner.

Men å vere i fulltidsjobb i så ung alder er kanskje ikkje noko alle kan skilte med. Jobb er liksom noko som skjer når ein blir vaksen. Og vaksen er ein vel ikkje som 14-15-åring. Eller?

Avgjerdsla om å droppe ut av skulen skjedde iallfall tidleg for Theo sin del. Han hadde berre eit halvt år på vidaregåande før han vart blålysjeger på fulltid. Han droppa skulen til fordel for ei gjennomsnittleg timeløn på 29 kroner.

– Eg byrja på vidaregåande etter ungdomsskulen, men på den tida var eg så utruleg skulelei. Og jobben blei det jo berre meir og meir av. Dessuten syntes eg det var mykje kjekkare å jobbe, derfor var valet enkelt, fortel Theo.

Etter kvart vart blålysturane til Theo så hyppige at avisa han hadde jobba litt for kjøpte ein politiradio til han. Den vart hans faste følgesvenn.

– Eg gjekk alltid med ein plugg i øyra. Eller, ikkje på skulen då, sjølvsagt. He, he. Der fulgte eg heller med på Twitter, men det hendte eg stakk frå skulen i friminutta om det skjedde noko. Eller så sa eg til læraren at eg berre skulle på do.

Men kva gjer ein tiandeklassing utan det store utvalet i framkomstmiddel når han brått treng å komme seg til andre sida av byen?

– I byrjinga tok eg faktisk buss. Deretter gjekk eg over på elsykkel, og når eg vart gamal nok firehjuling og bil.

Men, rakk du fram i tide dei gongane du tok buss?

– Ja, som regel rakk eg det akkurat, sånn at eg iallfall fekk teke eit bilete.

Kameraet er ein fast følgjesvenn for Theo når han er ute på blålysjakt  (FOTO: Ekkofilm).
Kameraet er ein fast følgjesvenn for Theo når han er ute på blålysjakt (FOTO: Ekkofilm).

Kjenning av politiet

Sjølve jobben som blålysjeger framstår som forholdsvis ukomplisert: vêr der blålyset er. Men å følgje etter lyset er meir utfordrande enn ein kanskje skulle ha trudd.

– Det inneber for eksempel å alltid vere på vakt, telefonen må alltid vere med.

Å vere saman med venner, vere heime med familien, sjå ein film. Alt skjer i ei evig uvisse av at det plutseleg kan komme inn ein melding om ei ulukke, eller kanskje ein slosskamp. Ein må med andre ord alltid vere klar til å springe ut døra – dag som natt.

Theo har alltid telefonen med seg, i tilfelle det plutseleg skjer noko han kan rykke ut på (FOTO: Ekkofilm).
Theo har alltid telefonen med seg, i tilfelle det plutseleg skjer noko han kan rykke ut på (FOTO: Ekkofilm).

På nyttårsafta for eit par år sidan tikka det inn ei melding på telefonen til Theo: ein bil hadde køyrd ut i eit vatn.

– Klokka var ikkje langt unna midnatt, men eg kasta meg likevel i veg. På veg til ulukkesstaden ringte eg politiet, og då viste det seg at det var ein feilmelding. Heldigvis rakk eg akkurat heim til tolv.

Theo fortel om arbeidskvardagen sin. For han er helgene den aller travlaste tida på jobb, og han har nesten ikkje teljing på kor mange slosskampar han har vore vitne til.

– Det skjer noko nesten kvar einaste helg. Mykje av det er vald.

Sjølv om det berre er eit kamera Theo har i handa er det ikkje risikofritt å møte opp på åstadar.

– Ein gong kom eg fram før politiet, det var ei utrykking til ein mann som hadde køyrd i rusa tilstand. Då han såg meg med kamera i handa bad han meg dra til helvete, og trua med å drepe meg.

Theo tok likevel sjansen og køyrde litt unna slik at han ikkje skulle bli sett. Deretter knipsa han eit par bileter. Samstundes forstår han veldig godt at folk reagerar når det dukkar opp ein fotograf der det nettopp har skjedd ei ulukke.

– Mange trur eg er der for å ta bileter av skiltnummera deira, eller dei er redde for å bli gjenkjende. Dei veit ikkje at me ikkje har lov til å publisere ting som gjer at dei kan bli gjenkjende, fortel Theo, og legg til:

– Så nokre gongar må ein berre ta bileter utan at dei innblanda ser det.

Du var jo ikkje særleg gammal då du byrja å jakte etter blålyset… Korleis reagerte politiet på å ha ein tenåring til stades kvar gong det hadde skjedd ei ulukke?

– Eg var jo veldig ung, og når eg då kom valsande på ein elsykkel midt på natta under ein væpna aksjon var det klart at dei såg rart på meg. Men no veit dei fleste kven eg er. Dei veit at eg kjem.

Sidan Theo ofte er blant dei første som kjem til åstaden har han vore vitne til mykje. Då kan ein godt forstå eit bekymra mammahjarte.

– Ho var veldig bekymra i byrjinga, og likte ikkje at eg som fjortenåring reiste ut midt på natta. Men etter kvart forstod ho at dette var noko eg verkeleg brant for, fortel Theo.

Han hugsar veldig godt første gongen han såg eit lik.

– Det kom melding om at det låg ein død person i elva. Eg bur like ved, derfor kom eg fram på likt med alle naudetatane. Eg kunne sjå at personen hadde vore lenge i vatnet… Kroppen såg ikkje ut, huden var grå og ekkel.

Theo rykker ut på alt frå slosskampar til dødsfall, men arbeidet er tidkrevande, og ofte ender oppdraga i bileter han ikkje får solgt (FOTO: Ekkofilm).
Theo rykker ut på alt frå slosskampar til dødsfall, men arbeidet er tidkrevande, og ofte ender oppdraga i bileter han ikkje får solgt (FOTO: Ekkofilm).

Det verste som kunne skje

Lenge var det slik at privatpersonar kunne kjøpe sin eigen politiradio og lytte på det som vart sagt over sambandet. På den måten kunne Theo alltid vere tidleg ute når det skjedde noko stort. Men i løpet av dei siste åra har ting endra seg.

Politiet har gått over til naudnett, noko som betyr at ingen lenger kan høyre det som blir sagt. Theo beskriv det som det verste som kunne skje.

LES OGSÅ: Jakter blålys

– Eg hadde kanskje langt fleire bomturar før, ein rykker jo ofte ut utan at det er noko å skrive heim om. Men eg fekk langt fleire vellukka oppdrag før.

No er Theo avhengig av Twitter for å kunne gjere jobben sin. Men ifølgje han tek det ofte lengre tid før varslane kjem ut der. Uansett er no livet som blålysjeger på fulltid over.

– Eg skjønte etter kvart at eg ikkje kunne leve av den jobben. Det er jo ein veldig utrygg kvardag, og lønna er opp og ned. Ei veit aldri kor mykje jobb det blir, fortel 18-åringen.

Eit par heftige år på buss, elsykkel, firehjuling og bil er forbi. No er han tilbake på skulebenken han ein gong forlot, i første klasse på vidaregåande. Draumen er å bli politi.

– Eg må jo nesten ha meg ein fast jobb når eg blir større! No er det nok å ha blålysjakt som deltidsjobb.

Men kva om det smeller? Stikk du frå skulen, då?

– Skjer det noko stort som eg veit eg kan tene mykje pengar på, då trur eg at eg vil ta meg ein tur ut. Sjølvsagt ikkje om eg er midt i ein viktig time, men du skal ikkje sjå bort frå at det blir eit par timar på meg, sjølv om eg no har blitt student.

Theo er ferdig med fulltidsjobben som blålysjeger, men vil framleis jobbe litt i helgene og på fritida (FOTO: Ekkofilm).
Theo er ferdig med fulltidsjobben som blålysjeger, men vil framleis jobbe litt i helgene og på fritida (FOTO: Ekkofilm).
  • Øistein Ihle

    Filmen Nightcrawler anyone?

  • 050986

    Pass deg for fyrer; de kan fyre løs. Det er mange fyrer på Vestalandskysten, farlige greier!