To rumenske kvinner med pelskrager og tungt, edelt metall i øyra røyker tungt, drikker brunsprit, og snakkar om den eines vaksne son, og korleis han øydelegg livet sitt ved å ikkje vere glad i mora si.

Med lettare dokumentarisk kamera får eg ei slags kjensle av at dette kan vere opninga på ein episode av Rumenske Hollywoodfruer.

Akkurat det er nok litt med vilje, når regissør Calin Peter Netzer utforskar skiljet mellom nyrike og fattige i Romania – eit land han måler som gjennomsyra av korrupsjon og overflatisk glede – i familiedramaet Mor og Sønn.

Mor og Sønn. (Foto: Tour de Force)
Barbu, spela av Bogdan Dumitrache. (Foto: Tour de Force)

Anmelding: 4 måneder, 3 uker, 2 dager: – En film uten skjerming

Gnistrande hovudrolle

Det er nok i ei slags beste meining at Cornelia forsøker å kontrollere Barbu – eventuelt skjemme han bort – mot ei betre framtid, vekk frå ei bortskjemt kone, og eit liv utan ambisjonar. Så hender det plutseleg ei ulukke. Sonen har køyrt uforsiktig, treft ein ung gut frå ei fattig familie, og drepe han augneblinkeleg.

Cornelia set alle klutar til verks, heile sitt nettverk av legar, politisjefar og advokatar, for å få han reinvaska. Om den traumatiserte sonen ynskjer dette er ei anna sak.

Det gnistrar av Luminita Gheorghiu, som spelar hovudrolla som den kontrollerande krafta i Barbus liv. Ho vekslar meisterleg mellom den overbeskyttande mora og den papirmølleskapande byråkraten som har kontaktar med folk som kan alle krinklar, krokar og smotthol i det offentlege systemet – utan omtanke for rettferdet, berre med omtanke for å kome inn igjen i sonen sitt liv.

Kanskje er det i ein tanke for å forsterke distansen mellom mor og son, men eg skulle gjerne ha sett meir av sonens indre liv, spela av Bogdan Dumitrache. Ein har knappast sympati for mammaguten før ein er eit godt stykke ut i filmen – og då er det nesten for seint.

Anmelding: Crulic – stemmen fra graven: – Om å vere fortapt i Aust-Europa sine byråkratiske system

Mor og Sønn. (Foto: Tour de Force)
Den overdådige, nyrike delen av Romania er i sterk kontrast til den fattige. (Foto: Tour de Force)

Legg for mykje vekt på samtalane

Politisystemet i Romania er harskt beskrive, med politifolk som eigentleg vil gjere jobben sin etter boka, men som etter ein telefon frå høgare hald plutseleg er mistenkjeleg ettergivande når det gjeld «bevisets stilling», og andre standardfraser.

Den beste scena i Mor og sønn er dog eit møte med eit vitne som Cornelia mest av alt ynskjer å overtyde om å endre forklaring. Han er ein anna nyrik herremann, som ikkje treng meir pengar, berre kjensla av makt over andre personar – noko av det som kanskje forsvann etter kommunismens fall på 90-talet.

Anmelding: Gylne tider: – Om kommunismens absurditeter

Mange scener har godt dialoginnhald, men i lengda går det ut over dynamikken i filmen når den i så stor grad legg vekt på samtalane utan noko anna mellom. Handhalde kamera med lange strekk utan klipp forsterkar «verkelegheita» i filmen, men fungerer godt berre i enkeltscener.

Lenge får me hovudsakleg sjå eliten i Romania, før filmens avslutning trekk historia ut på det fattige bondelandet. Det er her kameraet får verke på sitt beste, i ei ordlaus avslutningsscene.

Om FILMEN

Mor og sønn
  • Mor og sønn
  • Slippdato: 20.12.2013
  • Regi: Calin Peter Netzer
  • Utgiver: Tour de Force
  • Originaltittel: Pozitia copilului
  • Sjanger: Drama