– Kva gjer me dersom låta vinn?

Årets Eurovision-bidrag frå Makedonia minnar veldig om ein låt frå ei norsk rockegruppe.

– Me er samla her fordi eg har blitt gjort merksam på at ein av årets Grand Prix-låtar liknar veldig på ei av våre låtar, seier vokalist i rockegruppa DDE, Bjarne Brøndbo.

Låta det er snakk om er Makedonias bidrag til årets Eurovision Song Contest: Kaliopi med «Dona».
Me reiste til Namsos for å sjekke om rockegruppa sjølv kunne høyre kva låt Makedonias bidrag kunne minne om. Dommen var einstemmig:

– Det er jo «Vinsjan på kaia», bryt Bjarne ut etter få sekund.

Resten av gjengen bekreftar dette – det fins ingen tvil om at desse låtane minnar om kvarandre.

– Kva gjer me dersom denne låta vinn? seier gjengen spøkefullt.

Høyr heile Eurovision-bidraget til Republikken Makedonia i videoen under.

Og «Vinsjan på kaia» her:

Plagiat?

Dette er langt frå den første Eurovision-låta som liknar på anna musikk. Seinast i januar i år måtte Freddy Kalas endre MGP-bidraget sitt fordi låta hans likna for mykje på ei tidlegare låt han hadde laga. I Sverige vart ein deltakar diskvalifisert på grunn av pagiat.

Når det er sagt har DDE ingen planar om å anklage Makedonia for plagiering av låta deira.

– Det er lett å høyre at låtane liknar, men utover det kjem me ikkje til å gjere noko, seier Eskil Brøndbo.

Andre låtar som har blitt samanlikna:

Sjå Eurovision med P3!

På laurdag ser Silje, Ronny og Markus i P3morgen Eurovision-sendinga saman med deg, og kommenterar undervegs. Sendinga startar klokka 20:20 på laurdag, på NRK3 og P3.no. Sjølve Eurovision-sendinga startar 21:00. Der blir det tilbakeblikk frå tidlegare Eurovision-høgdepunkt. Og nokre nedturar. Dette blir ei alternativ Eurovision-sending der P3morgen kommenterar og lagar plingfest.

Bruk #ESCNRK3 for å dele innhald med oss.

Last ned P3morgens poengskjema HER.

Markus Ekrem Neby, Ronny Brede Aase og Silje Nordnes er klare for årets Eurovision Song Contest. (FOTO: Kim Erlandsen/NRK P3).
Markus Ekrem Neby, Ronny Brede Aase og Silje Nordnes er klare for årets Eurovision Song Contest. (FOTO: Kim Erlandsen/NRK P3).