Martin skal lede årets «Gullsnutten»-utdeling

No kan du stemme fram dine favorittar til prisutdelinga!

mP3-programleiar Martin Holmen (25) skal lede showet når norske internett-stjerner skal bli heidra. Gullsnutten 2018 går av stabelen 14. april klokka 20:55.

– I år skal stjernene sjølv bli ein større del av utdelinga. Dei skal både få raud løpar, og det blir nok bittelitt konfetti der òg, røper Holmen.

Gullsnutten, som blir arrangert for fjerde året på rad, er ei prisutdeling som gjer stas på dei beste internett-personlegdommane gjennom året. Kvelden skal feire det dei får til på deira Youtube-, Instagram- og Facebook-kontoar.

– I år skal vi løfte utdelinga endå eit hakk opp. Vi vil at youtuberane skal føle seg akkurat som musikk- og filmstjerner gjer på sine prisutdelingar, og at dette verkeleg er ein fest for dei, seier Holmen.

NOMINER OG STEM PÅ DINE FAVORITTAR HER.

Første gong i Store studio

Showet vil skje i Store studio – eit lokale Holmen alltid har drøymt om å vere programleiar i.

I fjor vann Malin Nesvoll prisen for årets livsstil og videobloggar. Foto: Thomas Brun

– Eg elskar Store studio, det er jo Norge sitt svar på Radio City. Det er majestetisk og har så mykje historie, det var der Nora Brockstedt song «Voi Voi» liksom, seier han lidenskapeleg.

Sjølvsagt blir det også mykje plass til publikum. Totalt ni prisar skal delast ut i løpet av kvelden, og i størsteparten av kategoriane er det fansen sjølv som nominerar sine favorittar.

Kategoriane er «Årets Video», «Årets Serie», «Årets Meiningsbærar», «Årets Stjerneskot», «Årets Gamer», «Årets Beauty», «Årets Morosamaste», «Årets Videobloggar» og heidersprisen «Årets Youtuber».

Sjølv har Holmen ingen favorittar, sjølv om han brukar Youtube ein del.

– Det blir nok vanskeleg å finne dei beste i alle kategoriane, folk er så utruleg flinke. Men eg vil at vinnarane skal juble. Vi vil ha mykje jubel, smiler han.

Martin Holmen gler seg til å gjere stas på gjestene. Her er han programleiar under VG-lista. Foto: Fredrik Bedsvaag/NRK
Stem fram dine favorittar

Frå og med 2. februar klokka 09.00 til og med 12. februar klokka 09.00 kan ein stemme fram sine favorittkanalar, både på Youtube, Facebook og Instagram. Ein nominasjon er det same som ei stemme. Det einaste kriteriet er at opphavspersonen er norsk eller bur i Norge.

Men ein kan berre stemme éin gong i kvar kategori og difor må ein logge inn med Google, Instagram eller Facebook for å kunne stemme.

Holmen rår folk som vil stemme til å rett og slett nominere dei kanalane ein synest er best.

– «Follow your heart», seier han og ler.

Dei nominerte i kvar kategori blir vurdert av Gullsnutten-juryen. Gullsnutten er ei uavhengig stifting med representantar frå NRK, Westerdals og Nordic Screens i styret.

Kategorien for «Årets YouTuber» er ikkje open for nominasjonar, men alle norske youtuberar er automatisk nominert. Det er juryen som bestemmer kven som skal bli gjort stas på. I fjor var det Herman Dahl som fekk denne prisen. Tidlegare har den blitt delt ut til Prebz og Dennis i 2015 og BaiBai og Huginn i 2016.

Vinnaren av Årets Youtuber i fjor, Herman Dahl feirar med Gullsnutten 2017-programleiar Lars Berrum. Foto: Thomas Brun