Trist snekker

I 2011 fekk The Avett Brothers beskjeden om at bassist Bob Crawford si dotter var kreftsjuk. Det gjorde mørkt låtmateriale endå mørkare.

The Avett Brothers er fronta av brødrene Seth og Scott Avett frå North Carolina i USA. Sidan 2002 har dei gitt ut album fylt av bluegrass og country. Etter kvart som åra har gått har dei blitt eldre, meir modne og meir skjeggete.

– Eg har ikkje klipt håret sidan me kom tilbake frå turnéen i 2011. Det er symbolsk, fortel Scott.

Symbolikken bak det veksande håret og skjegget er den same som ligg bak fjorårets album, The Carpenter. Å bygga seg sjølv opp igjen etter motgang.

The Avett Brothers spelte live i Lydverket. Høyr «Through My Prayers» her:

The Avett Brothers – Through My Prayers live i Lydverket

Sangen om tapet

Bassist Bob Crawford fekk i 2011 beskjeden om at dottera var kreftsjuk. Beskjeden påverka heile bandet, og endra perspektivet på livet totalt.

– Allereie før den beskjeden hadde me skrive låtene til The Carpenter. Me gjekk alle gjennom store endringar i livet, og Bob sa at me bygde kvarandre opp, og me vil halda fram med å bygga kvarandre opp. Det sitatet festa seg hjå Seth, fortel Scott.

– Eg har ikkje klipt håret sidan me kom tilbake frå turnéen i 2011.

– Me byrja å innsjå at heile vegen gjennom plata kunne me sjå igjen metaforar for bygging. Metaforar er me veldig glad i, legg Seth til.

Høyr intervjuet med The Avett Brothers i Lydverket her:

The Avett Brothers i Lydverket

– You’re covered in turkey shit!

Scott Avett, med kortare hår enn han har i dag. (Foto: Scanpix, AP Photo, Gerald Herbert)
Scott Avett, med kortare hår enn han har i dag. (Foto: Scanpix, AP Photo, Gerald Herbert)

Brødrene Avett snakkar gjerne om dei mørke sidene av livet, og skriv sangtekstar med ein ærleg penn.

– Me er mykje på turné, så når me spelar inn ei låt er sjansen veldig stor for at me må spela sangen veldig mange gonger. Det er me som må leva med det no, og det er etterkommarane våre som høyrer på musikken vår for å vita kva me gjorde. Difor må tekstane vera ærlege, og basert på noko me trur på fullt ut, forklarar Scott.

Ærlegheita har enda opp i mange såre tekstar, til dømes «Through My Prayers» som dei spelte live i Lydverket.

Alle tekstane er likevel ikkje like alvorlege, og brødrene fortel like gjerne om den gongen dei vart dekka i kyllingdrit.

– Heilt i starten av karrieren var me på ein miniturné, og ein dag sto me heilt fast. Bilen var kaputt, me ville aldri rekka konserten, og ingen hadde mobiltelefon. For å gjera alt verre, køyrde ein bil med kyllingar forbi og spraya oss full av bæsj.

– At vondt har blitt verre på den måten har skjedd oftare enn me tør tenka på. Ikkje akkurat kyllingbæsj, men likevel.

Hendinga brødrene fortel om er foreviga på albumet Mignonette, på slutten av sangen «One Line Wonder».

– Er dagane med nedbrutte bilar og kyllingbæsj bak dykk no?

– No er det nedbrutte bussar og avlyste fly, ler Scott.

– Du kan aldri stola på at alt går på skinner, men det er ein del av moroa. Det er ikkje berre raud løpar for The Avett Brothers, held Seth fram.

– Luksus og gyldne dusjhovud er ikkje noko for oss. Det einaste som skal vera luksuriøst, er musikken på scena.