KOMMENTAR:– Å stilla dette spørsmålet er det verste du kan gjera mot meg

Hei, mitt namn er Marit – og eg er ein rødmar.

  • Marit Eide (25) er journalist i P3, men har tidlegare erfaring som ansiktsmålar på Smalahovefestivalen og frå foreldras møbelbutikk på Voss. Ho har også jobba i TV 2, «Matkontrollen» og «God morgen Norge». Denne teksten gir uttrykk for hennar personlege meining.

Eg kjem aldri til å gløyma den fyrste presentasjonen min på ungdomsskulen. Eg gjekk i 8. klasse, faget var engelsk og eg skulle prata om tigrar.

Heilt åleine stod eg oppe ved tavla, mens pulsen hamra så hardt at eg så vidt høyrde orda som kom ut av munnen min. Og med orda kom raudfargen. Fjeset mitt var glovarmt, og eg såg korleis klassekameratane mine fniste og kviskra om meg.

Illustrasjon av ei jente med blondt hår som er raud i fjeset og ser sjokkert ut.

Etter at eg hadde fått stotra fram den siste faktasetninga om tigerstamma i Asia takka eg høgare makter for at eg endeleg kunne gå tilbake til pulten, mens pulsen framleis dunka i øyra.

Spørsmålet eg fekk i friminuttet etterpå hugsar eg som om det var i går: «Presentasjonen din var bra, men kvifor var du så raud i trynet?»

Godt spørsmål, for akkurat det same lurte eg på.

Superevna ingen ynskjer seg

Gjennom heile oppveksten har eg hatt evna til å bli knall raud i fjeset, i tide og utide. Det er nesten som ei slags superkraft som ingen i verda ønsker seg.

Då eg var lita elska eg X-man filmane. Eg drøymde om å kunne gå gjennom veggar slik som Kitty, eller å kunne forvandla meg til kven som helst, slik som Mystique.

Det skjedde dessverre aldri – men eg vart derimot skjenka evna til å bli forvandla til eit tomatfjes kvar gong eg tok opp handa i klasserommet.

Problemet med å vera ein rødmar, er at ein føler seg aleine, for rødmarar tør ikkje stå fram. Me held oss i bakgrunnen i håp om å unngå alle situasjonar som kan føra til rødming, og det med god grunn.

Men det er det slutt på no, for eg er her for å fortelja deg at du ikkje er åleine!

Gøymde meg på do

Heldigvis var eg ganske solbrent i andletet då eg fekk mitt fyrste kyss på diskoteket under Norway Cup. Vedkommande såg sikkert ikkje forskjell på ansiktet mitt før og etter kysset, men raudt var det i alle fall.

Det var i overkant mykje tunge òg, men det er ei anna sak.

Illustrasjon av to raude kirsebær på ein stilk, der den eine ser sjokkert ut, mens den andre prøver å kysse hen.

Gjennom alle tre åra på vidaregåande kom eg meg sjeldan gjennom ein skuledag, utan å rødma. Det var mitt største stressmoment i kvardagen. I den tida der hormona fylte kvar krik i kroppen, førte den minste kommentar til at eg vart raud frå topp til tå.

Eller rettare sagt – frå hårfeste til kragebein.

Derfor vart fleire av lunsjane avbrote av at eg brått reiste meg opp og småsprang til doen. Der stod eg lenge nok til at fjeset fekk normal farge igjen, så eg kunne gå tilbake til kantina og lata som ingenting.

Kvifor rødmar me?

Kvifor rødmar me eigentleg? Kvifor vil vår eigen kropp oss så vondt? Eg spurde Kristina S. Moberg, psykologspesialist og forfattar:

– Rødming er eigentleg eit lite mysterium, psykologisk sett, begynner ho.

Ho forklarar at reint fysisk blir me raude i ansiktet fordi blodgjennomstrauminga aukar, blodårene utvidar seg, og dette skin gjennom huda.

PLAGSAMT: Psykologspesialist Kristina S. Moberg har sjølv erfart kor plagsamt rødming kan vera i ungdomstida. Foto: Renate Torseth

– Det same skjer dersom me er fysisk aktive eller veldig varme, men rødming er litt meir komplisert enn å bli raud under trening. Det er fordi rødming er knytt til følelsar, men me veit ikkje heilt kva for nokre følelsar, seier Moberg.

Forskarane trur at skam, sjenanse, flauheit eller det å brått få merksemd, kan trigga rødming.

– Rødming er ein heilt ufarleg reaksjon, men dessverre kan nokon få store vanskar, fordi dei ikkje ynskjer å lysa opp som ei gloheit pæra, eller fordi dei ikkje vil at andre skal tenka på dei som ein «flau, sjenert person».

Flau = raud?

Men kvifor er det nokon som aldri får kjenna på audmjukinga av å stå ved tavla med gloheite kinn?

– Forskarar har stussa på kvifor det har blitt sånn, at nokon av oss rødmar mens andre slepp. Nokon rødmar, men det berre viser ikkje så godt. Andre rødmar, og det viser veldig godt. Det handlar litt om hudtypen, seier Moberg.

Enkel illustrasjon av to store uskyldige auger som ser opp, med ei lita nase og munn, og roser i kinnene.

Ho forklarar at det òg er individuelle forskjellar i kor sjenerte me er, men svaret er ikkje nødvendigvis så enkelt at sjenanse = rødming.

– Rødming er komplekst. Det finst ekstroverte engasjerte pratekoppar, som også blir tomatfarga.

Ikkje spør!

Om du er blant dei heldige som ikkje kan relatera til rødme-problematikken: Her kjem nokre gode råd til akkurat deg.

Det å spørja «vart du flau no?» er kanskje det verste eit menneske kan gjera mot ein rødmar.

Det siste rødmaren treng er at nokon påpeikar denne openberre, ufrivillige reaksjonen.

Om du ser at nokon blir heit i toppen, er det best om du lèt som ingenting. Ta gjerne ordet slik at resten av gruppa skiftar fokuset over til deg sjølv. Då gir du rødmaren eit pusterom til å komma seg etter snikangrepet frå sin eigen kropp.

Nokre gode råd

Vår rødme-ekspert Moberg, har ikkje berre kunnskap om rødming på eit profesjonelt nivå. Ho veit godt korleis det er å vera den rosa elefanten i rommet.

– Eg likar ikkje å rødma, og eg har gjort det mykje. Det sette litt bremser på aktiviteten min i skulen og litt sosialt. MEN eg stoppa ikkje opp, og vil ikkje at ungdom skal gjera det heller.

– Eg vil at du skal godta at du har ein hudtype der rødming visast godt, men eg vil også at du skal vita at det er normalt å rødma og at det ikkje seier noko om deg som person. Det betyr ikkje at du skammar deg, eller at du er veldig sjenert, seier Moberg.

Enkel illustrasjon av to store auger som ser håpefullt opp, med ein munn som smiler og rosa kinn.

Og ho har fleire gode råd til dei som blir plaga av rødming:

– Bli bevisst på korleis du fokuserer på rødminga di, og kor mykje du bryr deg om rødminga. Er det alternative måtar å tenka omkring rødming? Visste du at mange synest at det er søtt?

– Det er eit teikn på at du lever, at du føler og at du er.

Moberg forstår godt kor ubehageleg det kan kjennast å lysa opp når ein helst berre vil forsvinna i mengda, men det beste er å berre fortsetja med det du gjer.

– Ikkje fokuser så mykje på rødminga, lat som ingenting eller le det vekk. Det kan vera veldig krevjande for ein «fersking», men det blir lettare.

Ikkje la eit raudt fjes stoppa deg!

Desse råda stiller eg meg bak, for dei funkar faktisk.

Eg visste jo at sjansen var stor for at eg ville bli heit i toppen kvar gong eg tok opp handa i klasserommet, eller kvar gong eg sa noko i lunsjen på skulen. Men uansett kor ubehageleg det var, gjorde eg det likevel.

STOPPA IKKJE: Artikkelforfattaren er glad for at ho ikkje let seg stoppa av rødminga i ungdomsåra. Foto: Kim Erlandsen

Eg møtte nyleg ei god veninna frå vidaregåande, og då nemnde eg korleis eg alltid rødma i lunsjen på skulen. Ho svara: «Hæ? Gjorde du det? Det hugsar ikkje eg.»

Då innsåg eg kor lite folk brydde seg, eller kor lite dei faktisk la merke til rødminga mi. Problemet var tydelegvis mest i mitt eige hovud.

Men hugs at dersom rødminga plagar deg så mykje at du begynner å unngå sosiale situasjonar, eller dersom det går ut over skule eller jobb, kan det vera lurt å prata med nokon.

Ein enkel illustrasjon av eit trist ansikt, blanke auger og rosa kinn.

Det er også rådet frå Moberg:

– Prat med legen din, helsesjukepleiar eller skulepsykolog. Det finst medisinar og medisinske inngrep, men det viktigaste er det psykologiske: Å læra seg å leve med det, forsøka å godta det og ikkje stoppa opp dersom varmen kjem.

Det blir betre

Etter kvart som eg vart eldre og meir komfortabel i mitt eige skinn, rødma eg mindre og mindre – sjølv i situasjonar med høg rødme-faktor. No bekymrar eg meg ikkje så mykje for det lenger.

Av og til rødmar eg i eit jobbmøte eller i situasjonar eg er usikker i, men det plagar meg ikkje slik som det gjorde før. Eg gøymer meg ikkje lenger på do. No later eg som ingenting, eller spøkar med det.

Alt i alt trur eg at rødminga har gjort meg til eit betre menneske.

Ei teikning av ei tomat, som har eit ansikt som smiler og roser i kinnene.

Eg trur nok ikkje at eg hadde vore like sympatisk når eg ser andre som hamnar i flaue situasjonar. Det har også lært meg å tenka to gongar før eg seier noko høgt (i dei fleste tilfelle).

No har eg skjønt at det å bli litt raud i fjeset innimellom faktisk ikkje så farleg, for kvifor skal me alltid ta oss sjølv så høgtideleg?

Eg er kanskje den X-mannen med den kjipaste superkrafta, men i det minste har eg ei superkraft!

Illustrasjonar: Mia Aasbakken

LES FLEIRE KOMMENTARAR: