nrk.no

Skulle lage «ekte musikk»: – Det var eigentleg berre eit sideprosjekt der vi skulle tjene spenn

For ikkje mange år sidan var festmusikken avskriven som lågpanna, og artistane kjende seg ignorerte av bransjen. I år speler både Ballinciaga og Broiler på P3 Gull. Har sjangeren tatt klassereisa og blitt stoverein?

Foto: Runar Lindseth, NRK P3

Ballinciaga

For ikkje mange år sidan var festmusikken avskriven som lågpanna, og artistane kjende seg ignorerte av bransjen.

I år speler både Ballinciaga og Broiler på «P3 Gull».

Har sjangeren tatt klassereisa og blitt stoverein?

Festmusikkens samleband

Eit om lag like viktig innslag i det norske vorspielet som det sprit og lunkent øl er, er store mengder bass, fengande hooks og tekstar om rus, dans og tilhøyrande innhald.

Eller fest- og russemusikk, som det også vert kalla.

I spissen for scena i 2022 står Ballinciaga, tre anonyme menn i 20-åra iført rosa masker. For ordens skuld berre identifisert som Lys Stemme, Mørk Stemme og DJ-en.

Men vi skal ikkje gå lenger tilbake enn eit år for at Ballinciaga var ei smal gruppe det i hovudsak berre var russen som hadde høyrt om.

– Det var eigentleg berre eit sideprosjekt der vi skulle tjene spenn, og så skulle vi lage ordentleg musikk ved sidan av. Men så var vi sånn «men kva er den ordentlige musikken, det er jo dette som fungerer!»

Onde tunger skal ha det til at sjangeren er beint fram kynisk, men har slik motbør noko å seie for Ballinciaga og det enorme publikummet deira? Nei, skal ein tru Lys Stemme.

– No kan ikkje eg snakke på vegne av andre artistar, men eg kjenner ikkje på det med å lage musikk berre for meg sjølv. Altså, eg gjer det openbart for meg sjølv også, men det er mykje gøyare å sleppe ein låt, spele han live og få ein vegg av 10-20.000 som står og syng han mot deg.

Ikkje lenger berre «Tix-greia»

Det aller meste som er verd å nemne om Ballinciaga har skjedd i løpet av dei siste tolv månadene. Men før det hadde Ballinciaga allereie gitt ut eller deltatt på om lag hundre låtar. Kva er årsaka til at det er først no det har tatt fullstendig av?

– Eg trur generelt at om du lagar mange nok låtar, så blir du betre. Forskjellen mellom dei første russelåtane våre og det vi lagar no, er i hovudsak at vi lagar betre låtar.

Ballinciaga på en hotellsuite. Lys Stemme og DJ er i bakgrunnen, mens Mørk Stemme sitter nærme fotografen og ser i kamera. De er ikledd rosa gensere og masker. DJ har på seg hvit trøye.
Foto: Markus Indrebø-Langlo, NRK P3.

Ting har endra seg i løpet av dei siste åra. Dei viser til at sjangeren for nokre år sidan hadde fleire særskilde preg, med «160 beats per minute, glade akkordar og Tix-greia», men at det heile er breiare og meir diffust no.

I så måte trur dei at sjølv ein meir nedpå Ballinciaga-låt, relativt sett, som megahiten «Dans på bordet», kunne vore ein russelåt i 2022.

– Kall det ein overgang, men før laga vi russelåtar som berre heitte bussnamn og årstal. Det er avgrensa kor lenge det er fett, så vi tenkte vi kanskje kunne gjere låtane meir konseptuelle, gi låtane ein ordentleg tittel og ha bussnamnet i parentes. Det er lettare for folk utanfor å hekte seg på når låten ikkje er ein rein referanse til dei 28 ungdommane på bussen.

Til dømes er «Beklager» eit bestillingsverk frå russebussen «Guttaklubben», utan at det nødvendigvis er openbart for den uinnvidde.

Veteranar utan ein plan

Men Ballinciaga er langt frå dei første som peilar seg inn mot eit meir avgrensa segment innan ungdommen, for så å treffe langt, langt breiare. Tix har tatt reisa, El Papi også, og blant dei aller første var Broiler.

Eller DJ Broiler, som dei to medlemmene, Simen Auke og Mikkel Christiansen, først kalla seg. DJ Broiler var først eit internettfenomen, med låtar som «Hokksund» og «Møndarn». Låtane parodierte norsk festkultur og vart spelt på vorspiel over heile landet.

Medan det å slå seg opp gjennom sjokk- og partyfaktor i dag kan bli brukt som del av ein langsiktig strategi for unge artistar som seinare vil treffe breiare, var det ikkje slik for Broiler, fortel Mikkel.

Begge guttene i Broiler sitter ved siden av hverandre. Bak gutta er det en vegg med masse grønne striper. Mikkel Står til venstre. Han har hendene i lomma og har på seg en grønn vest og en grønn hettegenser og en hvit caps og en grønn bukse. Han andre står til høyre og har armene i kors. Og har på seg en grønn boblejakke og en hvit caps.
Foto: Kim Erlandsen, NRK P3

– Det ville vore løgn å seie at vi visste kva vi dreiv med, og at vi hadde ein plan. Det er veldig typisk at folk sit og seier det var ein plan heile vegen, men vi måtte berre trakke den stien sjølv.

Om dei ikkje reknar seg sjølv som dei absolutte pionerane innan denne typen norskspråkleg festmusikk, erkjenner dei å ha spelt ei rolle.

– Det er litt fint å ha bidrege til at det er greitt å booke slike artistar. Det er openbart at publikum set pris på det.

Ignorert av bransjen

Det er nemleg ikkje så mange år sidan det var nær umogleg å få spelejobbar eller å bli tatt på alvor om ein dreiv med det mange berre avskreiv som lågpanna forbruksmusikk.

mIKKEL cHRISTIANSEN HAR PÅ SEG EN GRØNN JOggebukse, hvite sko og en grønn boblevest og Caps. I bakgrunnen er det en vegg meg grønne striper. Han sitter i en lenestol.
Foto: Kim Erlandsen, NRK P3

Til dømes reagerte Tix med eit forsøk på å forstyrre «VG-lista» på Rådhusplassen i 2017, og Katastrofe sleppte låten «Spellemann» då dei opplevde å bli forbigått av bransjen, trass populariteten deira hjå folket.

For Broiler vart det nødvendig å pensjonere den overdrivne harrytassen «DJ Broiler» og den ironiske distansen om dei skulle leve av musikken. Ikkje nødvendigvis over natta, men det var uunngåeleg at musikken måtte gjennom ei markant utvikling.

Først gjennom folkelege hits som «Afterski» og «Vannski», og seinare med meir polerte, engelskspråklege klubblåtar. Til dømes gjekk remixen deira av Imagine Dragons-låten «Shots» forbi originalen med 200 millionar strøymingar på Spotify.

– Vi tok ein litt sånn sakte overgang der musikken utvikla seg og vart litt ryddigare heile vegen, fortel Simen.

Simen Auke i Broiler sitter i en lenestol bak en vegg med grønne striper. Han har på seg en grønn boblejakke og en hvit caps bak frem. Med en hvit bukse.
Foto: Kim Erlandsen, NRK P3

Men i haust har Broiler derimot gått attende til røtene. Kamelen og Emma Steinbakken-samarbeidet «BAP» er den første norskspråklege låten deira på ti år, og skamlause «Åtte shots» har rulla og gått på vorspiel landet over.

Ifølgje Mikkel gir det ein ekstra giv å vere tilbake på gamle trakter, og denne sida av Broiler har blitt ei nostalgigreie for store delar av publikummet deira.

– Det har ikkje vore så inspirerande som no på lenge, og vi ser jo effekten av å gjere det vi synest er gøyast.

Kan sjokkere på fleire måtar

Det har gått raskt for Ballinciaga det siste året, nesten altfor raskt, ifølge dei sjølv. Alle dei tinga dei for eitt år sidan hadde som mål å gjere i løpet av sju år, har dei fått gjere i løpet av 2022. Kvar går ein derifrå, og kva meir kan ein gjere for å sjokkere?

Må ein sjokkere i tradisjonell forstand, ved å referere til rusmiddel og sex, eller kan ein gjere det på andre måtar?

– Ta «Kjære alkohol», som vi har saman med Roc Boyz. Det er ein drum’n’bass-låt, og eg kan ikkje hugse sist den sjangeren toppa listene i Noreg. Det er ein switch der, for det er framleis festmusikk, men i ei anna drakt, påpeikar Lys Stemme.

Ballinciaga har funnet seg til rette på et hotellrom. Lys Stemme ligger i senga, Mørk Stemme ligger tilbakelent i en skinnstol og DJ-en sitter i en sofa.
Foto: Markus Indrebø-Langlo, NRK P3.

Det treng ikkje handle om musikken heller, seier Mørk Stemme. Mykje ligg i brandinga. Lys Stemme utdjupar:

– Som å selge ut Spektrum, lure nyheitsaviser og alt rundt. At det er noko som engasjerer og folk snakkar om. Det er veldig få i Noreg som engasjerer så mykje, og det saknar vi, for det er ein stor del av Ballin-brandet. Heile universet rundt.

Fansen først

Musikksjefen i P3, Ida Eline Tangen, understrekar at det ikkje er noko nytt at unge artistar ønsker å sjokkere på ulike måtar idet dei vil nå fleire publikummarar.

Då Broiler lanserte låten «Money», hadde dei ein promo der dei gjennomførte eit tilsynelatande livsfarleg stunt. Då El Papi gjekk frå å vere ein rein russeartist, var det med den overraskande rolege låten «Sykepleierinnen».

Sjokket som fekk fleire auge retta mot Ballinciaga, var samarbeidet deira med TikTok-fenomenet Kevin Lauren. Ida Eline trur alle desse sjokkovergangane, frå rein russeartist til «vanleg» artist, har ein fellesnemnar for å lukkast.

– Før artistane gjer ein slik overgang, sørgjer dei for å bygge opp ein trufast fanskare, anten det er russen eller nokre andre. Alle som digga Broiler frå start, følgde dei vidare då dei gjekk over til engelsk. Ein kan også trekke parallellar til ein artist som Kamelen. Han fekk eit lojalt publikum i rap-scena, som vart med han då musikken byrja å nå breiare ut.

Ho trur ikkje det nødvendigvis var vanskelegare å slå gjennom med smårar partymusikk for ti år sidan. Til dømes var «Æ vil berre dans» av Sirkus Eliassen ein av dei mest spelte låtane på P3 i 2012.

At P3 i år speler låtane til Ballinciaga, Beathoven og Tix på radioen, har ifølgje Ida Eline inga anna forklaring enn at det er gode låtar som også kunne vorte spelt på radioen for ti år sidan.

– Vi omtaler gjerne musikken deira som «festmusikk», som at det er ein heilt eigen ny sjanger. Men eigentleg er det pop/rap som folk vel så gjerne vil høyre på veg til jobb som på fest.

Sunn konkurranse

Nordmenn likar å feste, så festmusikken kjem det i alle fall ikkje til å bli slutt på, seier både Ballinciaga og Broiler. Det finst nok musikk å grine til, slår Ballinciaga fast, og over heile landet står unge boyband i kø for å melde seg på og gi dei konkurranse.

Mørk Stemme ønsker dei velkomne:

– Det er mange som vil bli dei nye Roc Boyz eller Ballin’, og det er dritfett at vi har inspirert dei.

Ballinciaga sitter ved en bassengkant. Bak dem er det er digert veggmaleri og på bassenget foran dem flyter en rosa, oppblåsbar flamingo.
Foto: Markus Indrebø-Langlo, NRK P3.

Han meiner konkurransen er positiv for alle. I starten tok dei sjølv alle triksa sine frå artistane dei såg opp til, før dei etablerte det gjeldande soundet. Det er berre naturleg om det kjem ei bølge som kopierer Ballinciaga no.

– Om dei berre gjer greia vår først, finn dei sitt eige sound om to–tre år, når dei har blitt flinke nok.

Musikken har blitt meir demokratisk, eller «free for all», som DJ-en seier. Til dømes har TikTok gjort det lettare for ein heilt ukjend 17-åring å lage enorm hype rundt ein sjølvprodusert låt, sleppe han sjølv og hoppe over steget med plateselskap og dyr marknadsføring.

Folket bestemmer, og då er det viktig å spele på lag med det som fungerer, seier han.

– Om du får rynker i panna over kvifor noko gjer det bra, forsøk å analysere kvifor, og lær av det.

Dei neste

Men vi kan ikkje avslutte ei sak som dette utan å finne ut kven Ballinciaga trur blir dei neste russeartistane til å slå gjennom.

Trioen er samstemde om at det fort kan bli gruppa bak låten «Mawbys», Brødrene Bausa.

– Dei er tre flinke karar, som nettopp har starta. Dei er berre 18, men har hatt to låtar på Spotify top 50 allereie, utfyller Mørk Stemme.

Gruppa består av Edvard Bræin Groth, Fredrik Von Krogh og Phillip Bergenstjerna. Låten deira «Mawbys» har over fem millionar strøymingar på Spotify.

Når P3.no slår på tråden, er det ein audmjuk gjeng vi møter.

– Vi har alltid halde på med musikk fordi vi synest det er utruleg gøy og kosar oss med det. Så er det sjølvsagt veldig morosamt når folk diggar det vi lager, seier Bergenstjerna.

Foto: Levi Wangensteen, promo

Gutane går framleis på vgs og har derfor ikkje framtidsplanane spikra i stein. Om dei gjer ein liknande overgang som Ballinciaga og Broiler får tida vise.

– Største målet vårt no er berre å halde fram med å leike oss med musikken. Så får vi sjå kva framtida bringer.

– Men det er klart at vi har nokre spanande prosjekt i baklomma som vi ser fram til å sleppe.

MER OM «P3 GULL»:

Siste fra P3.no: