– Den beste Dagny-låten hittil?

Vår «Best akkurat nå»-liste er oppdatert med seks nye låter! Sjekk ut ny musikk fra blant annet Kaizers Orchestra og Cezinando.

Kaizers Orchestra – «Dine gamle dager er nå»

Kaizers Orchestra har sleppt ny musikk! Den setninga har eg venta på å skrive i ti år no. Og skulle ein sett, det er til og med bra musikk. Veldig bra musikk!
«Dine gamle dager er nå» bekreftar at Kaizers i 2023 framleis har det som alltid har gjort dei så spesielle. Og eg føler meg ekstra heldig som har billett til comeback-konsertane etter sommaren.

Byggesteinane i låten kjenner fansen allereie til: Balkaninspirert kabaret-rock pakka inn i sigarrøyk og andre verdskrigsnostalgi. Men her er det òg 80-tals David Bowie-referansar og masse strykarar. Og det høyrest STORT ut! Kaizers feirar seg sjølv, og eg er lett med på fest.

For å sitere ein kompis av meg: Her er det berre å smørje seg inn med partyfaktor 50 – for det kan bli heitt i konsertlokalet i haust!

Jesper Nondal
Journalist

Jesper Nondal

Cezinando – «Joker (Neet)»

Tre år siden forrige fullengder er melodiføringen til Cezinando fortsatt seg selv lik, men musikken er mer innviklet på «Sprengkulde».

Nå er musikken uten hemninger. Det er kontrastene som gjelder. Både når det kommer til Cezinandos musikk, men også det idolet han har blitt og kulturen som har dyrket ham frem.

Det er en plate der bassen ikke er begravet i miksen, men et bærende element. Aller villest er «Joker (NEET)». Det er som britisk ravekultur har vært på norgesferie.

Omtalen er hentet fra anmeldelsen av Cezinando sitt album «Sprengkulde». Les hele anmeldelsen her!

Ellisiv Sunde Myrva
Anmelder

Dagny – «Same Again (For Love)»

Den beste Dagny-låten hittil? Jeg tenker ja! Etter sertifiserte pop-perler som «Backbeat», «Somebody», «Come Over» og «Love You Like That» er det litt av en jobb tromsøværingen har for å skulle toppe seg selv. Men nå har hun jaggu klart det!

Energiske «Same Again (For Love)» er en 80-tallsinspirert-fest som kler svette dansegulv vel så godt som pride-parader, for ikke å snakke om store festivalscener.
Sistnevnte beviste Dagny under urpremieren på Neon-festivalen i Trondheim for en snau uke siden. Da refrenget kom for andre gang, var melodien og teksten allerede godt under huden på samtlige i publikum.

Dronningen av bops serverer her en umiddelbar klassiker som kommer til å spilles høyt og ofte gjennom hele sommeren. Denne får vi ikke nok av.

Dagny med «Same Again (For Love)» er ukas låt på NRK P3!

Janne Monsen Tveit
Musikkprodusent

Langva + Hanna Emilie – «I Don’t Feel Like Summer»

Eirik Langva Lie har til vane å meistre det musikalske han forsøker seg på. Fights-trommisen er visstnok punkbandets beste gitarist, og i tillegg trakterer han alle instrument når han lagar feiande flott pop under eige namn. Stort spenn og fleire talent, får ein seie.

Tittelen på den ferske låten er av det misvisande slaget, i alle fall om ein skal gå etter soundet. Up-tempo og stødige trommer, luftige synths og ein nesten funk-inspirert gitar legg grunnlaget under dei to litt henslegte vokalistane. Eg trur ikkje han har pengane til det, Langva, men her høyrast han i alle fall som ein fyr som kan køyre ein veldig imponerande båt i veldig fint vær.

Eg er eigentleg ikkje ein «shorts og kule solbriller»-fyr, men om noko skulle få meg til å bli det, er det kanskje musikk som dette. Det seier ikkje så reint lite, for ein sta vestlending er eit tungt skip å snu.

Sjur Systad Tyssen
Anmelder

Linni – «Slagsmål»

Oppfølgeren til albumet «Nighridah» -«Daywalkah» – har blitt varslet, og i mellomtiden slipper Linni en dundrende singel.

Faktisk har denne låta så harde beats og brølere at klubbstemningen er på grensen til metalstemning.

Stemmen er velkjent, og lyrikken er som alltid i en egen særklasse med Linni. Sangen er på underlig vis uhyggelig, men innbydende: drit i moshpit, her er det snakk om slagsmål.

Alle varsellamper bør egentlig blinke, men de er et godt supplement til strobelys og klubbing til låta! Slipp løs aggresjonen din sammen med kongen av knusehits.

Frida Wattne Lindland
Journalist

Kristi Brud – «Når vi først tar fart»

Ein samtale eg har hatt med ymse bergensmusikarar og folk frå tid til annan, er om den ekte bergensrocken framleis er vital. Eller om det berre er nokre få, tapre aktørar som held han i live. Ut frå det Kristi Brud har levert sidan førstesingelen kom ut i haust, vil eg hevde at det i alle fall ikkje er nødvendig å skrive ein nekrolog heilt enno.

«Når vi først tar fart» tar opp tråden etter dei førgåande låtane, og gir oss meir av det som har gjort dei til eitt av dei meir spanande norske banda nett no. Tre gitarar i full vigør (more is more!), store lydbilder og ein enorm, forløysande arenafaktor.

Det er som skapt for konsertscena, dette. Eg skulle gjerne vore der når dei opnar turneen sin på Bergenfest denne helga.

Sjur Systad Tyssen
Anmelder

Hør «Best akkurat nå» på radio hver fredag mellom 09.00-11.00 på NRK P3.

SE OGSÅ:

MER OM LÅTANBEFALINGER:
Tidligere «Best akkurat nå»-lister
Slik bestemmer vi hva vi spiller på P3

SISTE FRA P3. NO: