Desse kan vinna gullbilletten

Du kan og vera med i konkurransen om ei draumehelg i Oslo under P3 Gull – sjå bidraga som har komme inn så langt.

Det øvste bidraget kjem frå Jo Vegard Goderstad, som er berre ein av fleire som er med i konkurransen som P3Gullbilletten.

Han, ein av dei andre du ser her, eller DU kan vinna ei fantastisk helg med P3 Gull, med reise, opphald og ein ordentleg fest inkludert.

Me flyr deg hit, gir deg full tilgang til kostymelageret til NRK, tek deg med på Gullfesten, og får deg trygt heim igjen.

Bli bedre kjend med P3Gull-artistane – møt Envy, Truls og Emilie Nicolas

Les meir om konkurransen her, og bli inspirert av bidraga under. Vil du vera med sjølv? Lag din reklamefilm for P3 Gull, send den til oss på Facebook, Instagram, e-post til p3gull@nrk.no, brevdue, med bud – det er opp til deg! Berre hugs at me ikkje kan sjå videoen om Instagram-kontoen din er privat – send den heller på Facebook i så fall.

Hugs at konkurransen har ei aldersgrense på 18 år!

Her er dei ulike kategoriane og dei nominerte til P3Gull

Andreas Imeland

Andreas tek oss gjennom ein dag i livet sitt. På jobb, under middagen og opp på fjellet. Med på turen er P3 og musikken – og slik inviterer han til P3 Gull. Sjå her:

Marteyh

Du treng ikkje reisa på fjellet for å laga reklamevideo – du kan og vera heime i di eiga stove.

Det gjorde Instagram-brukaren Marteyh saman med veninna si – sjå bidraget her:

Christine

Då konkurransen starta, viste Christine Dancke korleis det kunne gjerast på ein enkel måte.

Terskelen er med andre ord ikkje høg – så send inn ditt bidrag!

Christine held og eit auge med konkurransen på radioen, kvardagar mellom 13 og 15.

Chirag og Tommy

Til slutt får du eit døme på korleis kostymer og kjende skodespelarar kan brukast. Inspirert av andre sesong av Broen (slapp av, dette er ikkje ein spoiler) fekk me Tommy Tee og Chirag Patel med på ein eigen reklamevideo.

Sjå den her: