nrk.no

Dette er nye «P3morgen»

Det blir fleire nye stemmer å høyra i morgonprogrammet på NRK P3.

I starten av januar vart det kjent at Martin Lepperød (29) skulle gi seg som programleiar i «P3morgen». I to år har unge nordmenn vakna til hans og Adelina Ibishi (29) si stemme.

– Eg skal ikkje slutta av nokon annan grunn enn at det er litt for tidleg for meg, sa Martin til P3.no i januar.

Programleiaren og komikaren hadde sin siste dag i «P3morgen» i slutten av februar, men er framleis å høyra i P3-podkasten «Dynga».

Då Martin fortalde at han skulle gi seg, måtte Adelina gå nokre rundar med seg sjølv for å finna ut om ho ville fortsetja utan kompisen.

– Det er ein livsstil, så ein skal verkeleg brenna for dette for å halda ut. Det kostar jo, men eg synest at gevinsten er større enn ofringa, seier ho og legg til at ho framleis gler seg til sending kvar einaste dag.

– Kriblar i kroppen

I fleire månadar har Adelina styrt skuta på eiga hand, med god hjelp frå ulike gjesteprogramleiarar.

Samtidig har arbeidet med å finna ein erstattar vore i full gang, og no har det endeleg blitt bestemt kven som skal vera med å vekka Noreg!

– Dette har vore ein lang prosess, og eg har vore med på store delar av den. Det har vore viktig, for eg vil jo at dette skal bli så bra som mogeleg. «P3morgen» er min vesle baby, og tøytene våre må vera i gode hender, seier Adelina til P3.no. (For ordens skuld: Lyttarskaren til programmet har blitt kjærleg døypt til «tøyter»)

Og det er store endringar i vente, for frå hausten av får 29-åringen med seg heile fem nye folk på laget!

I studio får Adelina selskap av Tete Lidbom (36) og Karsten Blomvik (27). I tillegg skal Henning Bang (21), Egil Andreas Skurdal (26) og Hani Hussein (27) vera med som utegåande reporterar.

Karsten, Adelina og Tete står tett saman. Adelina står i midten, litt framfor gutane. Karsten held Adelina på skuldera, ho har armane i kors og Tete held armane bak rygge. Alle smiler.
MORGONGJENGEN: Den nye programleiar-trioen. Foto: Jonathan C. Vivaas Kise

Adelina fortel at ho kjenner på ei intens lykkekjensle, samtidig som ho er spent på endringane.

– Det er luksus! Det er skikkeleg bra og forskjellige menneske som skal inn. Eg trur det blir gøy for meg og lyttarane å bli betre kjent med dei! Det kriblar i kroppen etter å komma i gang.

– Ein livsforandrande jobb

Den observante lyttar har nok lagt merke til at «Heia Fotball»-programleiar Tete Lidbom (36) har vore ein del innom «P3morgen»-studioet det siste halve året.

Den kjente P3-profilen fortel at sjølv om han eigentleg flytta til Oslo for å jobba meir med sport, la han fort ein plan for å snika seg inn på radioflata att.

– Eg kjente etter ei veke at eg sakna radio! Det er derfor de har høyrt meg så mykje i «P3morgen» og andre plassar. Eg elskar radio, eg elskar P3 og P3-lyttarane, så no kom det endeleg ei mogelegheit!

Sjølv om Tete lengta tilbake til radioen, innrømmer han at han var usikker på om det var «P3morgen» som skulle bli comeback-programmet.

– Det er jo ein livsforandrande jobb med tanke på å måtta stå opp tidleg, men det er såpass gøy å senda radio at det til slutt var ei ganske enkel avgjerd. Eg gler meg til å bli betre kjent med «morgontøytene», fortel trønderen.

Dette blir ikkje fyrste gong han og Adelina skal jobba saman. Dei har gått gjennom tøffe utfordringar i «P3aksjonen» i lag, og i fleire år var dei kollegaer i P3-programmet «Norske tilstander».

– Eg gret då eg flytta frå Trondheim, så det at våre stiar møtest igjen, er eg så glad for! Eg elskar å jobba med Tete, seier Adelina entusiastisk.

Med tommel opp frå sambuaren kjent som «Vinsjan», er Tete gira på å komma i gang med sitt nye liv som morgonperson.

– Eg er eit B-menneske som er på god veg til å bli eit A-menneske. Eg har ein draum om å vera den personen som står opp tidleg i helgene. Det er perfekt, for då har ein tre-fire timar for seg sjølv. Eg elskar det!

Diggar radio og koffein

Med seg på laget skal dei to radioveteranane få med seg ein som, fram til no, har gjort noko ganske anna enn radio.

Karsten Blomvik (27) er ein komikar og dataingeniør frå Sola, som hatar strender. 27-åringen har stått på standup-scenen i sju år no, men han er kanskje aller mest kjent frå humorkollektivet «4ETG».

Og det er ikkje utan vemod at han til hausten sluttar der, for å starta i P3.

– «4ETG» er draumejobben, men om det er ein jobb som er marginalt meir draumejobben, så er det «P3morgen», seier han.

Karsten diggar radio og gler seg til å få inn nye rutinar i kvardagen.

– No blir eg ferdig på jobb tidleg, så eg kan gå til tomme stadar og gjera ting aleine. Eg er litt glad for at eg blir tvungen til å stå opp tidleg og få noko ut av dagen.

Han gruar seg ikkje særleg til å skulle starta radiosendingar kl. 06.00 på morgonen.

– Eg inntar allereie ekstreme mengder koffein, og så er eg god til å snu døgnrytmen.

Karsten trur at det han vil bidra mest med i jobbgjengen, er å le av andre sine vitsar og innimellom ha nokre gode vitsar sjølv.

– Og datakunnskap! Sånn, dersom nokon treng å oppdatera ein PC, så kan eg hjelpa til, legg siddisen til.

Adelina og Karsten har ikkje jobba saman før, men ho fortel at ho har ein «venne-crush» på han.

– Karsten er ein type eg er veldig nysgjerrig på. Han er lite sjølvhøgtideleg, chill og morosam. Han elskar radio, noko som er viktig for å klara å halda ut i ein slik type jobb. Eg gler meg til å bruka meir tid saman og blir betre kjent med han, seier ho.

Scenevande reporterar

Men det blir ikkje berre Adelina, Tete og Karsten å høyra på morgonen. I løpet av veka skal tre reporterar ha ulike innslag under sendingane.

– Reporterane er innom på rullering, så dei er ikkje på radio kvar einaste dag. Det har vore viktig for oss å henta inn unge, nye, friske stemmer, og ikkje berre dei etablerte som allereie er store blant publikum, fortel redaksjonsleiar i NRK P3, Adiele Helen Krüger Arukwe.

Så, kven er eigentleg desse «unge, nye, friske stemmene»?

Henning Bang (21) er ei kjent radiostemme for mange av P3-lyttarane. Tjongsfjordingen er programleiar i «P3ligaen», men skal frå hausten av også vera «P3morgen»-reporter frå Trondheim.

– Eg likar å tru at eg er morosam, det er derfor eg driv med standup. Og så likar eg å tru at eg er spontan og at eg likar litt galskap, fortel Henning til P3.no.

Og det han gler seg mest til, er sjølvsagt:

– Det å få jobba i eit av dei største og kulaste radioprogramma, utanom «P3ligaen», då! Dette er folk eg har sett opp til i mange samanhengar, så eg gler meg til å få lov å jobba med dei.

Egil, Henning og Hani står tett og smilar breitt. Henning held rundt dei to andre.
UNGE LOVANDE: Egil (f.v.), Henning og Hani er klare for å vandra gatelangs med P3-mikrofon. Foto: Jonathan C. Vivaas Kise

Egil Andreas Skurdal (26) er ein komikar som har halde seg i Sagene-området i Oslo stort sett heile livet. Han står for det meste på scenen, men har også nokre TV-framføringar på CV-en. Han har blant anna vore sidekick på «Senkveld», hamna i topp 50 i «Idol» 2020 og har også vore å høyra som forteljarstemma i «Love Island».

– Og så har eg vore på til saman 45 «Skam»- og «Blank» auditionar på NRK. Men eg fekk aldri noka rolle, seier Egil oppgitt og spøkefullt.

Egil er utdanna som musikar og gler seg til å ta steget ned frå scena og inn i medieverda.

– Eg liker godt det å ha kontakt med publikum, uansett om det er at folk svarar på Snapchat inn til «P3morgen» eller om det er på ein scene.

Siste reporter i flokken er Hani Hussein (27).

Ho har vore med på parodirealityen «Fasternes Mester» og P3-programmet «Latterlig politikk» og har stått på standup-scener rundt om i heile landet.

– Eg er 183 og eg liker film, fotball og standup, svarar ho når P3.no spør om kven ho er.

Arsenal-supporteren frå Østensjø i Oslo har vore litt på P13 og P1, så radio er ikkje totalt utkjent territorium. Ho trur òg at sceneerfaringa er god å ta med seg inn i reporterjobben.

– Når du har stått på ein scene mange nok gongar mistar du frykta for både menneske og kleine situasjonar, så eg berre hoppar i det meste, seier ho og legg til:

– Og då eg var 21, jobba eg som vervar for Raude Kors på gata. Om eg greier det, då trur eg at eg skal greia å ha «P3morgen»-reporterjobben!

På plass til hausten

Etter å ha måtta halda korta tett til brystet i mange månadar, er Adelina letta over endeleg å kunna dela nyheita med både lyttarane og resten av verda.

– Eg føler nesten at eg har vore utru mot lyttarane når eg har sagt at eg ikkje veit noko, men så veit eg alt!

Sjølv om katta er ute av sekken, blir det for det meste Adelina å høyra på morgonane framover.

– Me har ein veldig flott gjesteprogramleiarar-kalender fram mot sommaren, med kjente fjes frå P3-universet, kollegaer frå NRK, artistar, skodespelarar og humoristar. Og så stiller me med noko heilt nytt etter sommaren, fortel sarpingen.

I tillegg til Adelina og fleire andre har redaksjonsleiar Arukwe vore djupt involvert i tilsetjingsprosessen.

– Fleire stemmer betyr meir variert innhald, så det vil bli noko for ein kvar smak, seier ho til P3.no og legg til:

– Det viktigaste er at «P3morgen» består og at «P3morgen» er det det alltid har vore. Det skal vera det beste morgontilbodet for unge folk på radio!

Adiele held armane i sida og smiler til kamera. Ho har brunt hår, brune auger og svart gensar. Bakgrunnen er heilt kvit.
NØGD: Redaksjonsleiar i NRK P3 Adiele Helen Krüger Arukwe er glad for å endeleg kunne sleppe nyheita. Foto: Chai Saeidi

Arukwe grunngir kvifor dei landa på Karsten og Tete som programleiarar.

– Karsten er godt likt blant publikum og den ungemålgruppa. Han er veldig oppfinnsam, og me trur han kan bringa mykje gøy inn.

– Tete har jobba med radio i sju-åtte år og er eit utruleg dyktig radiotalent. Han elskar å snakka med publikum og dela kvardagen sin med lyttarane, seier redaksjonsleiaren.

Ho har også mange lovord om reporterane.

– Henning er ein person som opplever dei raraste tinga, så han kjem til å bringa mykje galskap inn i programmet. Egil er det musikalske talentet som lagar låtar om kvardagen i rekordfart. Hani er «die-hard» Arsenal-fan som kan snakka for mange menneske som P3 ikkje har snakka for tidlegare på radio, fortel Arkuwe.

Sjølv om den offisielle oppstarten ikkje er før til hausten, kjem P3-lyttarane nok til å høyra litt frå dei nye profilane før det.

– Mange av stemmene vil poppa innom allereie før sommaren her og der, men premieren på den nye konstellasjonen er i midten av august.

Høyr «P3morgen» frå kl. 06.00 – 10.00 alle kvardagar på NRK P3, eller når du vil i appen NRK Radio!

Tekst: Marit Eide

Videoer: Daniel Rørvik Davidsen

LES MEIR FRÅ P3.NO:

SISTE FRÅ P3.NO:

Siste fra P3.no: