Nokre har slått opp, nokre har blitt saman, og Glee-klubben har fått eit nytt medlem. Men mykje er også det same på William McKinley High School: New Directions er framleis likte lite kule, dei får framleis slushie kasta i andletet, og ungdommar og vaksne er framleis like umodne.

MELDING: Glee – sesong ein

Ungdomar og vaksne er framleis like umodne.

Spekka av stjerner

Andre sesong startar med at den sjølvutnemnte stjerna i New Directions, Rachel Berry (Lea Michele), gjer sitt beste for å fryse ut eit potensielt nytt medlem, spelt av Charice, medan Will Schuester (Matthew Morrison) og Sue Sylvester (Jane Lynch) faktisk samarbeider – dog berre for å få den nye fotballtrenaren, Shannon Beiste (Dot Jones), sparka.

Men ein serie spekka med Broadway-stjerner, kjendisar som Britney Spears , John Stamos og Gwyneth Paltrow i gjesteroller, og ikkje minst mange, herlege vokalprestasjonar, får lov til å sleppe unna med litt high school-drama.

LES OGSÅ: Kjære gleeks – amerikanske meldarar om andre sesong

Glee (Foto: SF Norge AS)
Heather Morris som Brittany S. Pierce og Britney Spears som seg sjølv. (Foto: SF Norge AS)

Frysningar på ryggen

For eg kan vel innrømme det først som sist: musikalar er min guilty pleasure. Eg har mellom anna sett Les Misérables både på engelsk (med Carola i rolla som Fantine) og på nynorsk, Phantom of the Opera og We will rock you på West End, og seinast Chicago på Broadway.

Eg har prøvd å sjå Glee både åleine og saman med andre, og vil anbefale det første!

Og Broadway-stjernene og resten av skodespelarane i Glee skuffar ikkje; allereie i første episode av sesong to gir dei meg frysningar på ryggen med songar frå A Chorus Line og Dreamgirls. Eg har i tillegg gått musikklinja og sunge i kor i ei årrekke, og kjenner meg litt igjen i universet Ryan Murphy, Brad Falchuk og Ian Brennan har skapt. Og det er på ingen måte berre show tunes som er representert her: Sesong to byr på musikk frå Justin Bieber, Adele, Michael Jackson, Queen og Fleetwood Mac. Noko for ein kvar smak, med andre ord. Personleg synest eg det er veldig kult at dei har via ei heilt episode til The Rocky Horror Show, for dei som kjenner til den, eller filmversjonen av den.

Kurt Hummel

Glee (Foto: SF Norge AS)
Chris Colfer som Kurt er ein av mine favorittar. (Foto: SF Norge AS)

Det er mange unge, talentfulle skodespelarar i Glee, og eg har lyst til å trekke fram Chris Colfer i rolla som Kurt Hummel.

Vokalmessig er Kurt ein av dei flinkaste, og hans rollefigur er den desidert mest truverdige – om enn noko ekstravagant.

Denne sesongen byr på fleire utfordringar skodespelaren som også har spelt Kurt i Sound of Music meistrar med glans! Som sin rollekarakter er han opent homofil. Rolla som Kurt gav Chris Colfer Golden Globe for beste birolle 2010, og han var også nominert til ein Emmy for same år. Vel fortjent.

Glee (Foto: SF Norge AS)
Matthew Morrison saman med John Stamos, kjent frå serien Full House. (Foto: SF Norge AS)

Best i einerom

Men sjølv om eg ofte får frysningar på ryggen før eg har høyrt ein einaste tone, blir Glee i sin andre sesong nokre gonger rett og slett litt for mykje, og nokre gonger verken morosamt eller sjølvironisk eller rørande. For eksempel når alle medlemmane i New Directions står på scena iført kvitt og syng Joan Osbournes What if God was one of us etter at faren til ein av karakterane har vakna frå koma. Eg har prøvd å sjå Glee både åleine og saman med andre, og sidan ein lei bieffekt av serien er at ein når som helst kan bryte ut i song, vil eg anbefale det første.

Glee er og blir, i alle fall for meg, ein guilty pleasure.

Sesong tre har allereie byrja å gå på Fox i statane, og det er også laga ein film i 3D, så om du vil sjå meir av denne gjengen er det moglegheit for det. Men eg vil kanskje anbefale deg å gjere det ein dag du er åleine heime.

Denne meldinga er basert på dei fem første episodene av sesong to.

Om SERIEN

Glee