Eg har tidlegare meldt sesong 3 av Chuck for Filmpolitiet. No er den fjerde sesongen ute på DVD, og fyrste halvdel er ei magisk gåvepakke til fansen.

Fansen, som har jobba hardt for å halde serien flytande. Massivt trykk ovanfor sponsorane fekk fjernsynskanalen NBC til å bestille ein liten fjerdesesong. 13 episodar. Og det verkeleg sprutar av desse 13.

MELDING: Chuck S03 – herleg underhaldning

Problemet oppstår når der, i siste liten, blir bestilt 11 episodar til.

I fyrste halvdel er historia engasjerande, sjarmerande og morosam. Alt er nydeleg sydd saman. Spenningsnivået er høgt. Ein blir formeleg kasta frekke cliffhangers og twistar etter.

Jaktar på mor si

Det heile startar med at Chuck (Zachary Levi) oppdagar at mor hans er i live. Han byrjar leite etter henne. Kvar er ho? Kvifor er ho der? Samstundes er Chuck sitt forhold til Sarah (Yvonne Strahovski) sjølvsagt prega av drama.

Kompisen Morgan (Joshua Gomez) vil så frykteleg gjerne vise at han kan fungere som spion, med Casey (Adam Baldwin) som skeptisk læremeister. Resten av figurgalleriet er med òg. Dei skin, alle saman.

Dette er figurar ein verkeleg blir glad i, og sjarmen er absolutt til stades òg i denne fjerde sesongen.

Dessutan dukkar Dolph Lundgren opp i ei aldri så lita badguyrolle i fyrste episoden, medan Timothy Dalton (James Bond, yeah!) og Linda Hamilton (Terminator) etter kvart blir fast inventar i serien.

(meldinga held fram under biletet)

Chuck S04. (Foto: NBC)
Actionhelten Dolph Lundgren hadde si storheitstid på 80-talet, men har seinare plukka opp nokre birollar i både filmar og TV-seriar. Her er han i aksjon i 'Chuck'. (Foto: NBC)

Seig restart

Der skjer så mykje i starten av denne sesongen. Sikkert fordi manusforfattarane trass alt ville vise oss Chuck på sitt beste i episodane dei fekk tildelt. Episode 13 er intens, forrykande og nydeleg. Den sluttar så perfekt, som den ultimate sesongavslutning, i total stillheit i ein sjukehuskorridor.

Eit verdig punktum for sesongen. Det var nok planen.

Men så må serien rett og slett restarte. Byggja seg opp att frå scratch, midt i sesongen.

ANMELDELSE: Pus med støvler – katta fra Shrek er kul nok for egen film

Og her går alt gale. Den gjennomgåande historia som har heldt meg engasjert er ferdig, og vi støyter på ei rekkje individuelle episodar. Du veit, sånne der alt får ei løysing rett før episoden er slutt, og kor du sit med ei kjensle av at alt har stagnert.

Nokre av desse småhistoriene er beint fram keisame.

Spenningsnivået og den gode, gjennomgåande historia kjem heldigvis attende, til ei viss grad, mot slutten. Ei og anna overrasking dukkar opp, og eg let meg engasjere. Likevel har den trauste duppen vore for lang, og når alt er over, blir eg sitjande att med eit heilskapsinntrykk rett over middels.

Kva er di meining om serien? Legg inn din kommentar under traileren.

Om SERIEN

Chuck S04
  • Chuck S04
  • Slippdato: 08.02.2012
  • Sesong: 4
  • Utgiver: NBC
  • Sjanger: Action, Komedie