Teenage Mutant Ninja Turtles

  • Teenage Mutant Ninja Turtles
  • Teikneserie om fire ninjaskilpadder, starta i 1984.
  • Leonardo, Michelangelo, Rafael og Donatello beskytter jorda frå fare – og et mykje pizza.
  • Cowabunga!

Nylanseringa av Teenage Mutant Ninja Turtles har vore gjennom ein lang og hard prosess, og no kjem det foreløbig siste støtet i ei rekkje av problemer. På grunn av det Deadline omtalar som budsjettproblemer er filmen utsatt frå jula 2013 til mai 2014.

The Hollywood Reporter meinar at manuset – laga av blant anna Turtles-skapar Kevin Eastman – er problemet.

Ninja Turtles handlar tilsynelatande om ein invasjon frå rommet som skapar ein gjeng med ninjaskilpadder som i staden for å hjelpe til med angrepet rettar seg mot romvesena. Om dette har noko med jordas forsyning av pizza å gjere, seier kjeldene ingen ting om.

Les også: Ingen Turtles igjen i kåringa av Verdas Beste Superhelt, men stem fram dine andre favorittar

Denne utsetjinga er ikkje åleine

Avgjersla er den siste ei lang rekke utsetjingar frå Paramount, som i den siste tida har flytta datoen for fleire av sine actionfilmar. Berre den siste veka har Brad Pitt-zombiefilmen World War Z og 80-talsnostalgien i G.I. Joe 2 fått endra dato på grunn av manusproblemer.

Tidlegare i år vart det óg kjend at Tommy Wirkolas Hansel and Gretel: Witch Hunter – som Paramount óg står bak – vart flytta til 2013.

Les også: Tommy Wirkola: — Eg elskar Hollywood!

Jonathan Liebesman (World Invasion: Battle Los Angeles, Wrath of the Titans) er framleis knytta til prosjektet som regissør.

Velvel, kor gale kan det bli? Verre enn Vanilla Ice som rappar om Turtles?

Kva er ditt forhold til Teenage Mutant Ninja Turtles?