Den nyaste tilskotet frå førproduksjonssamlebandet til Marvel er Guardians of the Galaxy. Filmen har fått planlagt lanseringsdato den 1. august 2014, i følgje Deadline.

I motsetning til heltane i The Avengers er dette ein litt meir ukjend serie – iallfall i Noreg. Difor tenkte eg å gi ein liten introduksjon til dette superlaget!

Det er ikkje til å kome vekk frå at Guardians of the Galaxy er av Marvels litt merkelegare superheltar – anten du snakkar om den gamle reinkarnasjonen frå 60-talet eller den nye som er nokre år gammal.

Etter alle solemerker er det 2008-versjonen som skal bli filmatisert.

Les også: Ny rekord for The Avengers

Star-Lord, Gamora og Drax

Det faste laget består av over 10 ulike figurar. Star-Lord er lagets sjef og grunnleggjar, han er ein taktisk meister og står seg utmerka i kamp mot både menneskelege og utanomjordiske fiendar.

I am Grooot (Bilete: Marvel)
For å beskytte jorda mot aliens av alle slag har han rekruttert blant anna Gamora – sagt å vere universets farligaste kvinne – og Drax the Destroyer – som var ein heilt vanleg mann inntil titanen Cronos gav han ein ny kropp og ei sak å kjempe for.

Groot og Rocket Raccoon

To av lagets meir kuriøse heltar er romvesentreet Groot – som kan kontrollere og absorbere trær og plantevekstar – og Rocket Raccoon – ein triggerhappy vaskebjørn som er oppkalt etter ei Beatles-låt.

Desse to reiser rundt i galaksen og speider etter farer, og er nære vener – til trass for at Groot ikkje kan kommunisere på nokon anna måte enn med orda «I AM GROOT!» (han går difor Batman ein høg gang når det gjeld innarbeida catch phrase).

Desse to er kanskje hovudårsaken til at eg ser fram til ein film om Guardians. Dei er kjempemorosame!

Les også: Vi møtte Batman: — Eg er Batman

Resten av laget

Andre støttespelarar til laget er Cosmo – ein telepatisk hund som fungerar som lagets sikkerheitssjef, og Mantis – tidlegare prostituert bartender, som no er eit kampsporttalent utan like.

I tillegg har ein mindre lagmedlemmer – bokstaveleg talt – som Bug, ein superhelt på størrelse med eit insekt.

I tillegg fungerar Vance Astro AKA Major Victory, sjefen for det gamle Guardians of the Galaxy, som mentor for det nye laget.

Samanheng med The Avengers

Ein av Guardian of the Galaxy sine argaste fiendar er Thanos, ein superskurk som jaktar ei kosmisk kube som skal befinne seg på jorda ein stad. Fleire Guardian-medlemmer har møtt på han – både som medhjelparar, slaver og offer – så dei har mange grunnar til å gå etter han.

Mykje av dette vert omtalt i The Thanos Imperative, ein av dei beste Guardians-historiene. Det er spekulert i om den komande filmen vert basert på denne, sidan Thanos dukka opp etter rulleteksten på The Avengers – han var den lilla fyren med det onde blikket.

The Avengers: Dette er litt av et superheltsirkus!

(Artikkelen held fram under biletet)

Fredzilla har alle 6-årige gutters drøymeeigenskap – han kan bli til ein dinosaur (Bilete: Marvel).

Big Hero 6

I tillegg til liveactionfilmane Iron Man 3, Thor 2, Captain America 2, og no sist Guardians of the Galaxy, skal Marvel óg produsere ein animasjonsfilm av Big Hero 6.

Dette er endå eit merkeleg teikneserieunivers med Japan-inspirerte superheltar, som blir den første Marvel-filmen som Walt Disney Animation skal ta for seg. I følgje Indiewire skal Don Hall (Ole Brumm) regissere filmen.

Big Hero 6 inneheld blant anna Silver Samurai – Wolverines tidlegare fiende – og Fredzilla – ein mann som heiter Fred, som kan forvandle seg til eit Godzilla-liknande monster.

Stem: Finn din favoritt i kåringa av Verdas beste superhelt

Er marknaden snart metta?

Marvel-universet på film vert med andre ord berre større ettersom antalet planlagde filmar nærmar seg tosifra. Er det verkeleg plass til alle desse superheltane på lerret og heimekino?

Trur du superheltsjangeren kjem til å brenne seg ut før Marvel får ut alle sine planlagte filmar?