Så er me her, ved det endelege oppgjeret. 100 superheltar er slått ut, og igjen står dei to store som no skal ut i den siste avgjerande duellen. Finalen vert heftig, og du avgjer kven som går av med sigeren.

Dagens slåsskjemper er to av dei best kjende superheltane i verda, to av dei mest tradisjonelle, og to klassiske typer superhelt.

Trykk på knappen for å stemme på din favoritt, eller les meir om Batman og Supermann under.

Batman

Batman. (Foto: DC Comics).

Alter ego: Bruce Wayne
Skaper: Bill Finger, Bob Kane
Første opptreden: Detective Comics #27, 1939
Født: ?
Forlag: DC Comics

Milliardær, playboy, industriherre og filantrop – Bruce Wayne har ingen superkrefter, men han er veldig, veldig smart.

Sidan han som gutunge såg foreldra bli drepne har han sverga hevn over alle kriminelle. Med formuen i bakhand – som gir han tilgang til dei heftigaste duppedittane i verda – gjer han Gothams gater trygge med sine detektivevner.

Hans hovudvåpen er ei glimrande evne til å forberede seg på einkvar situasjon, samt å skape frykt hjå fiendane. På trass av sine kampevner har han alltid som mål å ikkje drepe sine motstandarar.

Ulempa med dette er at hans erkefiendar så godt som aldri vert vekke – men i staden vert satt inn i Arkham Asylum, på den andre sida sikrar dette oss mange år med gode Batman-historier.

Les også: Birger møtte Batman: — Eg er Batman!

Supermann

Supermann. (Foto: DC Comics).

Alter ego: Clark Kent
Skaper: Jerry Siegel, Joe Shuster
Første opptreden: Action Comics #1, 1938
Født: ?
Forlag: DC Comics

Kal-El kom til jorda fra planeten Krypton som barn. I ein åker vart han funne av mor og far Kent som tok vare på han gjennom oppveksten.

Men Kal-El var ikkje kven som helst. Han har røntgensyn, kan flyge, er raskare enn ei kule og har overmenneskeleg styrke. Med andre ord, han er ganske super!

Når Supermann ikkje er Supermann er han journalist (kven vil vel ikkje det? – journ.anm.) for The Daily Planet, dette er eit fint påskot for alltid å vere på rett stad når ei ulukke eller ei kriminell handling tek stad

Supermanns erkefiende er Lex Luthor – eit ondt kriminalgeni som ikkje skyr nokre midler for å ta knekken på vår kappekledde ven. Berre éin skurk har derimot teke knekken på superhelten, Doomsday slo han tilsynelatande i ærleg nevekamp i 1992 (han kom sjølvsagt attende etterpå).

Supermann er rekna for å vere den første ordentlege superhelten med superkrefter, det krever nesten ein applaus uansett.

Les også: Batman og Supermann møtes i ny film

Frelser mot ridder

Batman og Supermann har kjempa før – både side ved side, og mot kvarandre. Dette er to kolossar innanfor teikneserieverda, og forholdet dei i mellom er stort sett prega av gjensidig forståing og respekt.

Supermann har ei enorm viljestyrke og rettskaffenheit ovenfor oss stakkars jordbuarar. Han er av dei sterkaste superheltane i DC-universet, og har mang ein gong redda oss frå situasjonar som verkar håplause. Samtidig vert han veldig påverka av Krypton-mineralet kryptonitt, som i sine ulike former kan gjere alt frå å svekke han til å gjere han rasande ond.

Batman er ein taktikar og planleggjar av fremste sort. Han er kjend for å planleggje for så godt som alle utfall, og har ein bankkonto og utallege duppedittar til å hjelpe seg med å utføre planane. Samtidig er han berre eit menneske og er slik sett like dødeleg som oss andre.

Uff, dette vert vanskeleg. Kven vert vinnaren, mon tru?

Det er det opp til deg å bestemme. Trykk på knappen under for å stemme på din favoritt, og hjelp han til siger i kåringa av Verdas beste superhelt!

Hei! Les dette før du skriver en kommentar:
Vi vil gjerne ha engasjerte debattanter og setter pris på konstruktive bidrag til samtalen. Det er lov å være kritisk eller uenig, men hold deg til tema og vær saklig i dine begrunnelser (husk at det er lett å bli misforstått). Personangrep og trakassering er ikke greit - slike innlegg blir slettet. Vi vil også gjerne at du bruker ditt fulle navn når du kommenterer. Takk for dine bidrag, hilsen oss i P3 Filmpolitiet.