Mange spekulerte at fredagens kinoskyting kom til å påverke tala for The Dark Knight Rises, men sjølv om filmen var venta å klokke inn høgare – alt frå rundt 175 til 198 millioner dollar – har den likevel trukke godt med publikum.
The Avengers-rekorden var med andre ord utanfor rekkevidde, men regissør Christopher Nolan tok rekorden for beste opningshelg for ein 2D-film frå sin eigen The Dark Knight. The Dark Knight Rises endte opp på rundt 162 millioner dollar, og slo forgjengeren sin med rundt 4 millioner dollar, i følgje New York Times.
Dei offisielle tala vart ikkje sluppe i helga av Warner Brothers, men vart utsatt til i dag av omsyn til offera frå Aurora-skytinga.
Les også: The Dark Knight Rises imponerar anmeldarane
Nolan: — Kinosalen er heimen min
Likevel, hendingane har lagt demparar på feiringa. Etter at Warner Brothers blant anna stansa rød løpar-premiera i Paris gjekk Christopher Nolan ut med din djupaste kondolansar til familiene til offera:
— Ingenting nokon av oss kan seie kan nokonsinne uttrykkje kjenslene våre for dei uskuldige offera for denne forferdelige kriminelle handlinga, men tankane våre er hjå dei og familiene deiras.
— Eg kan ikkje anta å vite noko om offera for skytinga, men dei var der i går for å sjå ein film. Eg meinar at filmar er ein av dei store amerikanske kunstformene, og den delte erfaringa med å sjå ein film på skjermen er ein viktig og koseleg tidsfordriv.
— Kinosalen er heimen min, og tanken på at nokon kunne bryte den uskuldige og håpefulle staden på ein så ulideleg vill måte er øydeleggjande for meg, avsluttar han.
Seinare har òg blant andre Christian Bale og Gary Oldman gått ut med liknande kondolanser.
Trakk trailer for Gangster Squad
Som følgjer av hendingane har Warner Brothers stansa visningar av The Dark Knight Rises-teaserar på fleire amerikanske TV-kanalar.
Dei har òg stansa ein trailer for den komande Ryan Gosling-filmen Gangster Squad på grunn av ei skytescene i filmen som foregår i ein kinosal.
Det vert spekulert i om scena kjem til å bli kutta fullstendig frå filmen, men regissør Ruben Fleischer har ikkje gått ut med uttalelsar om dette enno.
Fleire superheltar for Nolan
Dette er Nolans siste Batman-film, og rapportar seier at han òg har avslått å vere med på dei planlagde Justice League-filmane.
Han skal derimot vere produsent for Man of Steel – neste års Supermann-reboot med Henry Cavill i hovudrolla – og har skrive manus saman med David S. Goyer (som han òg var manusforfattar med på Batman-filmane).
Kva hans neste prosjekt er, er uvisst, men han har tidlegare uttalt at han er veldig interessert i å regissere James Bond.