Så var me her då, ved kåringas endelege slutt. For ei veke sidan la me ut finalen mellom Batman og Supermann, og lot alle få stemme over kven som var Verdas Beste Superhelt.

No er altså resultatet her, og vinnaren av kåringa vår vart:

Batman

Gjennom gruppespel og finalane er det få som har hatt så klare sigrar som både Batman og Supermann, men når dei to møttest til dyst mot kvarandre var det ingen tvil: Batman vant.

Me elskar kommentarfeltet

Faksimile frå The Dark Knight Returns (Bilete: DC).
Faksimile frå The Dark Knight Returns (Bilete: DC).
Diskusjonen har gått varmt i kommentarfeltet på kven som burde vinne, og sjølv for ein Batman-fan som meg har fleire Supermann-innlegg vore nær ved å vinne meg over.

Vidar Daatland appellerte til hjartet ved å forklare kvifor Supermanns evige begrensingar på seg sjølv gjer han meir interessant enn Bruce Wayne.

Kommentatoren T. Evans gjekk derimot kronologisk gjennom DC-kanon for å forklare kvifor Batman hadde blitt grusa, sånn reint teknisk.

Likeins har Batman hatt mange fans i diskusjonane. Johannes Ytreberg Meløe meinar at heltemot kjem frå sjølvoppofring, og at Batman difor bør sigre på grunn av at han set seg i dødeleg fare kvar gong han bekjemper kriminalitet.

Mange har òg påpeikt at Batman har slått Supermann før, til dømes i Frank Millers The Dark Knight Returns, og den veldig alternative historia Red Son (som fortel historia om kva som hadde hendt om Batman og Supermann hadde vokst opp i Russland).

Les også: Sjå heile cupsystemet her

Til sjuande og sist

Men til slutt er de lesarane sine stemmer som bestemmer kven som vant. Og anten de stemte av rein nostalgi, kulskap eller teknisk forståing av teikneserieuniverset, så endte Batman opp med betrakteleg fleire stemmer enn Supermann.

Me har sendt dette diplomet til Alfred, og håpar det vert hengt opp på heidersplass i the Bat Cave!

Her er beviset!

I ein kommentar til Filmpolitiet seier den nykrona vinnaren: — EG ER BATMAN!

For ei innsikt, for ein mann. Gratulerer!

Les også: Birger møtte Batman: — Eg er Batman!