I juni posta Jim Carrey eit opent brev til pressa som forklarte kvifor han trakk seg frå Dum & Dummere 2. Mellom anna meinte han at produksjonsselskapet ikkje var engasjerte nok for eit slikt prosjekt.

Men i presserunden for The Newsroom vil Jeff Daniels forsikre alle om at Carrey framleis er med, og at filmen framleis er på beina.

— Jim vil gjere det. Eg vil gjere det. Farrelly-brørne vil gjere det. Dei vil skrive om manuset litt og dei vil ikkje tvinge det fram før eg har gjort The Newsroom i november, seier Daniels til The Crave, og nemner mai eller juni som startdato for filming.

Pengane rår

Daniels forstår Carreys opphavlege reaksjon, og seier at han sjølv var frustrert på den tida.

Jeff Daniels slik han no kan sjåast i «The Newsroom» (Foto: HBO).
Jeff Daniels i «The Newsroom» – ei litt anna rolle enn i «Dum & Dummere» (Foto: HBO).
— Me trudde me gjorde det bra. Men studioet og dei andre ville ha meir arbeid gjort.

— Farrelly-brørne ville først ha meir arbeid gjort på den, så dei starta arbeidet og flytta prosjektet til neste år – mest sannsynleg fordi eg ikkje kunne flytte The Newsroom.

Men no er altså planleggjinga for Dum & Dummere 2 – eller Dumb & Dumber To som er arbeidstittelen – inntil vidare i gang.

Treng sårt ein hit

Aaron Sorkins The Newsroom har fått blanda mottaking, men Jeff Daniels gjer det trass alt ikkje så verst med karriera si akkurat no.

Derimot har Jim Carrey ikkje gjort særleg sidan den heilt ok Yes Man frå 2008, medan hans førre – Poppers Pingviner – vart ein stor flopp. Farrelly-brørne kunne også sårt trenge ein godfilm etter deiras Three Stooges, remaken av 50-talets slapstick-trio, gjekk ad undas tidlegare i år.

Men i ei tid som regjerast av remakes og oppfrisking av gamle konsept – sjå til dømes Total Recall-anmeldinga – er dette noko me eigentleg vil ha?