Andre kvartal 2012 har ikkje vore ei fantastisk tid for Square-Enix. Tidlegare denne veka offentleggjorde dei resultata sine, som viser seg å vere eit tap på 151 millioner kroner, skriv GamesIndustry.

— Med vidareutviklinga av nettverk og digitalisering, og spreiinga av smarttelefonar har utløst ein fundamental endring i bransjen miljøet rundt [Square-Enix]-gruppa, skriv selskapet i ei pressemelding. Dei skriv òg at forretningsmodellane vert stadig fleire, noko dei no prøver å tene pengar på.

Og dette visar seg nok i at nokre av deiras største spel i den omtalte tida, er nettlesarspelet Sengoku Ixa og mobilspelet Final Fantasy Brigade – ved sidan av 3DS-spelet Dragon Quest Monsters Terry No Wonderland 3D.

Square-Enix håpar nok at rebootar av spelunivers som Hitman og Tomb Raider – båe er antekne å selgje bra det komande året – vil ta igjen det tapte.

Verre situasjon for Sony

Sony har òg posta dårlege tal, men i motsetning til Square-Enix rapporterar dei òg om svakare spelsalg, heile 266 millionar av det totale tapet på 1.8 milliardar kroner blir tillagt tap i salg, ifølgje Venturebeat.

Spel- og hardwaregiganten skuldar på at Playstation 3 byrjar å bli gammal og at deiras mobile konsollar ikkje har fått like mykje merksemd som dei håpte på.

Investorar er heller ikkje like begeistra, noko som visest igjen på aksjekursen som er på sitt lågaste på tre tiår. Men ei omstrukturering i selskapet – kutt i 10000 arbeidsplassar – samt finansiell suksess med filmar som 21 Jump Street og The Amazing Spider-Man hjelper nok på.

Activision Blizzard eit av unntaka

Diablo 3. (Foto: Blizzard)
Storsalget av «Diablo 3» har nok hjulpe Activision Blizzard ein del. (Foto: Blizzard)
Desse to er ikkje åleine i tapa blant større selskap. Både Nintendo og EA har sine verste resultat sidan årtusenskiftet, og noko av årsaken til dette kan vere mangel på profitt for selskap som prøver å gjere absolutt alt i ein marknad som vert meir og meir mangfaldig.

Eit av unntaka frå dette er Activision Blizzard som – rett nok ikkje gjer det fantastisk – men i det minste held seg nokonlunde på nivå med resten av børs-verda.

Les også: Anmelding av Diablo 3

Det er for så vidt skummelt i seg sjølv. Som Gamesindustry skreiv tidlegare i sumar: når det mesttenande spelselskapet i verda knapt held gjennomsnittleg vekst, så er det noko ròte i spelselskapsverda.

Funcom

Vår norske representant Funcom har òg falt på børsen i det siste, mykje grunna at folk er usikre på kva dei tenar på deiras siste storsatsing The Secret World.

For å forhåpentlegvis bøte på dette melder Dagens Næringsliv i dag at Funcom vil lansere salgstal for The Secret World allereie i morgon – nokre veker før planlagt.

Det vert spennande å sjå korleis det går. Spelet har vore inne på fleire bestselgjerlister, og Funcom nyttar nok sjansen til aktiv brannslukking.

Les også: Redningsaksjon for Funcom-aksjen

There’s something rotten in the state of gaming

Det er vanskeleg å spekulere i ein såpass stor bransje, men eg trur poenget om at selskap ikkje bør prøve å gjere absolutt alt er viktig.

Samtidig er det klart at mangelen på nye konsollar uansett bremsar antalet nye kjøp, spesielt i det som vert anteke å vere tida like før den nye generasjonen vert lansert.

Og, når éinpersonsutviklarar kan selgje eit spel til nokre dollar stykket, og tene mange millionar, så er kanskje dei gigantiske selskapa litt utdaterte?

Kvar brest det først? Kva trur du er framtida for dei store spelselskapa?

Stikkord: