Ein skulle tru at å overføre Metal Gear Solid-spela til lerretet var den enklaste saken i verda. Eit spel som allereie har halvtimeslange filmsekvensar burde iallfall vere mogeleg å flytte frå det interaktive mediet til filmen.

Det har iallfall ikkje stått på forsøka frå spelskapar Hideo Kojima og selskapet Konami, men det førre prosjektet stranda i 2008.

På eit arrangement for 25-årsjubileumet for serien i natt, viste dei fram komande prosjekt med Snake og venene hans.

— Videospela er den nye teikneserien

Avi Arad har arbeidd med teikneseriefilmar i over eitt tiår, no vil han gjere videospelfilmar (Foto: Reuters/Gonzalo Fuentes)
Avi Arad har arbeidd med teikneseriefilmar i over eitt tiår, no vil han gjere videospelfilmar (Foto: Reuters/Gonzalo Fuentes)
Produsenten for filmen er Avi Arad, som òg har produsert The Amazing Spider-Man, Iron Man, samt den (no havarerte) Uncharted-filmen.

I følgje Kotaku har han store forhåpningar til videospela som kjelde for filmforteljingar.

— I mange år kjempa eg for å få teikneserier til kinosalane, seier han frå scena i Japan, og refererer til at han heilt sidan X-Men har arbeidd med teikneseriefilmar.

— Teikneserier er no den største sjangeren på film. Videospel er notidas teikneserier.

Til dei som er miljøskada av diverse Uwe Boll-adapsjonar kunne Arad betrygge forsamlinga:

— Me kjem til å ta oss tid til å fortelje historia med alle dei nyansar, ideologiar og forsiktigheiter me trenger.

Det første biletet frå «Metal Gear Solid: Ground Zeroes» via Famitsu (Bilete: Konami).
Det første biletet frå «Metal Gear Solid: Ground Zeroes» via Famitsu (Bilete: Konami).

Les også: Hideo Kojima ut mot japanske spelutviklarar

Tidleg i prosessen

Foreløbig verkar det som dei er tidleg i prosessen, og verken skodespelarar eller regissør er klart enno.

Kojima har nok ynskjer, men av dei han nemnde på scena var det hovudsakleg hans favorittar – deriblant regissør Christopher Nolan og skodespelarar som Matt Damon og Hugh Jackman.

Det er Columbia Pictures – eigd av Sony – som skal distribuere filmen.

— Game without Game Over

I tillegg til spelet kunne Konami skilte med eit nytt spel, Metal Gear Solid: Ground Zeroes.

Fram til no har Metal Gear Solid-spela i hovudsak vore ganske lineære forteljingar, men her ynskjer Kojima i større grad å trekkje Snake ut i ei open verd.

Oppdatert: Her er traileren

I staden for dei sedvanlege «Du har blitt oppdaga, Game Over»-meldingane vert ein del av spelet heller å kome seg unna fiendar og i skjul igjen. Kojima seier dette er ein del av konseptet «Game without Game Over».

Ein trailer for spelet vart vist bak lukka dører i Tokyo og publikumsreaksjonane verkar å vere gode. Spelet vart vist på ein PC, men er visstnok planlagd til både Xbox 360 og PS3.

Kven tykkjer du bør spele Snake i ein film frå Metal Gear Solid-universet?

Her er redaksjonens stalltips:
Rune: — Viggo Mortensen kan fungere.
Birger: — Tom Hardy kan brukast til alt!
Andreas: — Kurt Russell som den gamle Snake, Johnny Whitworth som den unge.