Ei ny veke er over, og ein ny bunke videoar er filtrert frå søkefelt, feeds, bloggar og idear. Her er Filmpolitiets sundagssamling av skjermgøy!

Synger «All night long» – all night long

Rhett og Link har vore med før, men denne gongen har dei overgått seg sjølv. Ved å synge Lionel Richie-låta «All night long» samanhengande gjennom 11 timar, har dei laga eit fint stykke Youtube-historie. Dersom du ikkje trur heilt på dei, så viser dei absolutt alle 11 timane her dersom du har god tid.

Beste augneblink: 2.50: «Actually, I think it’s a carousel»

Verdas verste dødsfall på film?

Ein kan nok seie mangt om tyrkisk film på 70-talet, men av det eg har sett er det iallfall ikkje særleg bra! Underhaldande, absolutt, men ikkje akkurat Oscar-verdig. Her er nok eit døme, frå 1973-filmen Kareteci Kız (omsett til Karate-jenta).

Beste augneblink: «AAAAaaaaaaaaaugh!»

Kva om alle leikene hadde døydd i «Toy Story 3»?

Ein ung, kreativ kar klipper om Toy Story 3 så det ser ut som om alle leikene døyr. Deretter viser han den til mora si, som aldri har sett filmen før. Eg skjønar no korleis slike «mødre mot teikneserier»-grupper vert starta.

Beste augneblink: Seier seg sjølv

EA-spel og realisme

Det fine med at sportsspel vert stadig meir realistiske, er at dei absolutt kan bli meir morosame å spele. Det som er aller finast med at sportsspel vert «meir realistiske» er at spelmotoren ikkje heilt taklar kva som hender når folk kræsjar i kvarandre.

Beste augneblink: Seier seg sjølv, berre sjå filmen.

Norsk dokumentar om ein ekstraordinær kunstnar

Regissørane Even G. Benestad og August B. Hanssen har fulgt den eksentriske kunstneren i over tre år. Birger kalte filmen «et fascinerende portrett av en unik skrue!» då den kom ut i 2011. Klikk på biletet og sjå den gratis i vår nett-TV!

Er «Luther» for mørkt for deg?

Dersom du synest at tv-serien Luther (som du kan sjå gratis i nett-TV her) er litt for mørk og dyster, kvifor ikkje sjå dette klippet? Det kombinerar iallfall den britiske krimserien med noko litt meir lystig.

Beste augneblink: Klapp-klapp-klapp-klapp!

Gjenskaping av «Ant-Man»-traileren

Det var berre dei som var på Comic-Con som har fått sett klipp frå Edgar Wrights Ant-Man-film. Men sidan då har ein ung kunstnar gjenskapt det han kan hugse i ein kortfatta storyboard-film, slik at du kan sjå – sånn cirka – kva du gjekk glipp av.

Beste augneblink: 0.39: Springe oppå eit pitolløp. Tøft!

«Prison Architect» er i alfaversjon

Tidlegare i år skreiv eg om spelhausten eg gledar meg til, og no har eit av spela eg vonar mest frå, Prison ARchitect, komen ut i alfaversjon. I spelet, som kan minne om alt frå Theme Hospital til Dungeon Keeper, skal du styre eit fengsel. Det vesle eg har prøvd hittil (som ikkje berre er alfa-bugs) lovar godt!

Beste augneblink: Alfahumor

Lær litt om første verdskrig då!

Dette hadde ikkje vore ein ordentleg artikkel om du ikkje skulle ha lært litt òg. John Green, forfattar og hobbyhistoriker, lager nokre flotte historievideoar på nettet. I serien Crash Course har han laga flotte videoar om verdshistoria sidan jordbruksrevolusjonen. Relativt korte, underhaldande videoar om korleis verda har blitt slik den er i dag.

Beste augneblink: Hysj, eg lærer ting!

Power Ball

Eg avsluttar med ein kult animert filmtrailer. Alphanim er tydeleg inspirert av alt frå anime til Genndy Tartakovsky sine tidlege serier, og foreløbig ser det då både sjarmerande og fartsfylt ut.

Beste augneblink: 0.35: «I love monkeys!»

Har du funne nokre kule trailerar eller kortfilmar på nettet denne veka? Del dei i kommentarfeltet!