Inga overrasking kanskje, ettersom Borderlands 2 nyleg slo fleire av årets spelsalgrekordar, men i eit intervju med Revision 3 fortalte nyleg spelets manusforfattar Anthony Burch at dei har skrudd opp prioriteringa på Borderlands 3.

Anthony Burch i intervju hjå Revision 3

– Greia med speldesign er at ting er så flytande at det endrar seg heile tida, så eg vil ikkje bli for spesifikk. Då vert det berre ‘Oi, skitt, eg må skrive meg ut av dette holet som eg trudde kom til å bli ein god idé for to år sidan’.

– Men ja, eg har absolutt nokre generelle idear for Borderlands 3 som eg håper kjem til å realiserast, seier Burch (som elles òg er kjend for webserien Hey, Ash, Whatcha Playin)

Det kan vere skummelt å tolke fråsegnet om «to år» for nøyaktig, men det er nok logisk å anta at det vert for neste generasjon spelmaskiner ettersom dei har uttalt at dei trefte eit teknologisk tak på denne generasjonens konsollar.

Å gjere alt større, betre og meir eksplosjonsarta kan bli vanskeleg på sju år gamle maskiner som Xbox og Playstation 3.

Les også: – Neste generasjon har alt vore tilgjengeleg for oss eitt år, seier EA-sjef

Tenkjer mest på DLC akkurat no

Først vil dei nok gjere det same som dei gjorde for Borderlands, å lage fleire DLC-pakker (ekstra nedlastbart innhald) for å halde spelet levande så lenge som mogeleg.

Dette stemmer overeins med det Brian Martel sa då me snakka med han under årets Gamescom.

– Me tenkjer mest på DLC og den type ting no, men eg reknar med at så lenge folk kjøper det, og dei verkeleg likar det, så kanskje – om dei er verkeleg forsiktige – får me eit Borderlands 3, sa han då.

Ifølgje Martel er målet med «mechromanceren» – den komande, femte klassen til Borderlands 2 – nettopp å teste ut korleis det fungerer å lansere fleire klassar.

– At nokon kan kjøpe éin ny figur og få 60+ timar med speletid? Det verkar som auka verdi for oss, og me hadde elska å gjere det for folk, avsluttar Martel.

Men først, eit «Aliens»-spel

I «Aliens: Colonial Marines» får du ingen detaljer på skjermen (Foto: 2K Games).
I «Aliens: Colonial Marines» har lite metainformasjon i brukargrensesnittet (Foto: 2K Games).
Før den tid skal Gearbox gi ut eit taktisk lagspel basert på filmen Aliens.

Aliens: Colonial Marines skal etter Gearbox’ fråsegn bli ein nedstrippa førstepersonsskyter der du kan spele både menneske og aliens – mot maskina eller mot kvarandre.

Les også: Melding av Alien Anthology: – Ser ut som de kunne vært filmet i fjor!

Kvar bør vegen vidare gå?

Eg har, som allereie nemnt fleire gonger, veldig sansen for Borderlands-universet, og måten spela klarar å aktivere Pavlov-refleksen min gjennom våpensystemet sitt. Difor ser eg fram til kva Gearbox kan halde fram med i denne verda.

Men det er òg viktig at dei utviklar spelet i større grad enn frå 1 til 2. Om det vert jakta på innhaldet i endå eit kvelv kan det bli litt gjentakande historiemessig. Kva med ein prequel sett tidlegare i historia? Korleis vart Pandora slik det var?

Ellers hadde det jo vore gøy med meir varierte våpen basert på fysikkens lover, fleire køyretøy og alt det fanboys vanlegvis maser om. Med utvida konsollkapasitet vil ikkje PC-versjonen av spelet bli haldt tilbake av eldre konsollteknologi heller! Vel, så lenge humoren og figurane er der, så har dei uansett kome langt.

Kva synest du om Borderlands-serien så langt? På tide å stanse før det vert oppbrukt?