— Lyden er 50 % av filmopplevinga for meg, sjølv i ein stille film, seier regissør Scott Derrickson.

Hans siste skrekkfilm Sinister har eit lydspor som er verdt å merke seg. Både fordi det er ein av filmens beste element – med suggerande, stemningsfulle lydar – men òg fordi fleire av bidraga er norske.

Regissør Scott Derrickson på «Sinister»-premiere (Foto: Frederick M. Brown/Getty Images/AFP)
Regissør Scott Derrickson på «Sinister»-premiere (Foto: Frederick M. Brown/Getty Images/AFP)

Melding: Sinister: — Mye av uhyggen kommer fra filmens lydspor

— Om eg kunne finne dei rette låtane for Super 8-filmane ville eg ha eit godt utgangspunkt for å setje stemninga i filmen. Eg nytta fleire veker på nettet for å finne den skumlaste, mest interessante atmosfæriske musikken eg kunne finne – og mykje av den musikken er norsk.

Det viktigaste musikalske bidraget i filmen er Aghast Manor, eit av musikaren Andrea Nebel Haugen sine prosjekt, men òg det norske bandet Ulver er med på soundtracket.

Spelte av musikken på settet

I dei aller fleste filminnspelingar høyrer skodespelarane aldri musikken før filmen er redigert. For å bokstaveleg talt dra musikken tydelegare inn i Sinister tok Scott Derrickson med låtane på settet, slik at skodespelarane skulle kjenne på stemninga.

— Det første me spelte inn var Super 8-scenene. Då eg spelte dei inn, spelte eg musikken av på settet gjennom høgtalarar, slik at alle kunne høyre den merkelege stemninga, seier Derrickson.

Derrickson trur dette hadde ein tydeleg påverknad, òg på dei bak kamera.

— Spesielt på Chris Norr, som er kameramann i tillegg til cinematograf. Han var i stand til å røre på kameraet så det passa med humøret i songane.

Les også: Vi har funnet frem de beste og mest uhyggelige Halloween-låtane

18-årsaldersgrense. Heldigvis.

Sinister er ein skummel film, men den overøser ikkje sjåaren med blod og gørr. Dette er absolutt med vilje frå regissørens side.

— Det er mykje meir effektivt på den måten, det er mykje skumlare slik. Om du ikkje viser det, om du berre antydar det sterkt, så er publikum nøydd til å sjå det for seg – noko dei ikkje kan snu seg vekk frå. Dei kan snu hovudet ned alt dei orkar, men dei vil framleis sjå for seg nokon filmen er laga for å vise dei, seier Derrickson.

— Når du får nokon til å sjå ting for seg er det alltid mykje verre enn noko du faktisk klarer å vise på skjermen.

Les også: Topp 5 skrekkspill: — Ikke spill disse alene!

I USA har filmen fått R-rating, den strengaste aldersmerkinga for 18-åringar og oppover. Grunngjevinga var ikkje banning, nakenheit eller vald, det var rett og slett «distrurbing images and terror».

— Jason Blum, filmens produsent, sa til meg ‘Vel, om du får ein R for det, så betyr det at du har gjort jobben din!’.

Høyr heile intervjuet med Scott Derrickson (25 minutt) i avspelaren under:

Kva slags låt gir deg gåsehud (på den dårlege måten)?