Medan me stadig byrjer å nærme oss limboet som oppstår mellom to konsollgenerasjoner går Sony og Playstation ut med framtidsplanane for sine eksisterande spelmaskiner. I eit intervju med IGN seier Sonys hardwaresjef John Koller at Vitaen skal leve i minst eit tiår.

— Me er i det første året, så me kjem til å støtte den i god til enno. Men ja, den har sin eigen ti års livssyklus, seier Koller. Alle plattformane våre har det – det er eit maraton, ikkje ein sprint. Me forventar langtidssuksess frå alle plattformane våre.

Om Playstation 3 og dens etterkomar kjem til å konkurrere mot kvarandre på marknaden vil ikkje Koller seie noko om.

Les også: Wii U til Norge i november

PS3 er langt frå død

Fergal Gara (Foto: Sony).
Fergal Gara (Foto: Sony).
For å ytterlegare påpeike Sonys tru på seg sjølv, har Playstations direktør i Storbritannia – Fergal Gara – gått ut og sagt at heller ikkje Playstation 3 skal gløymast enno.

Til trass for EA-meldingar om at neste generasjon er tilgjengeleg innan eitt år, har Gara trua på den sju år gamle konsollen.

— Me er ikkje i nærleiken å gi opp PS3. Om du ser på PS3, så klarar den seg betre enn andre, det krev støtte frå oss, seier Gara til CVG.

Det er framleis seld fleire Xboxar enn Playstationar, men gapet mellom dei vert stadig mindre.

— Om du ser på fastlands-Europa, så har ikkje PS3 nådd toppen ein gong. Kvifor skulle ein springe vekk frå konsollmarknaden når ein ikkje ein gong er på toppen av bakken? Me skal iallfall ikkje springe frå det.

Det er kanskje ikkje anna å vente enn at Sony tenkjer i lange baner. Det kjem framleis spel til 12 år gamle Playstation 2, deriblant Fifa 13 (som rett nok viste seg å vere EAs forsøk på å gi ut Fifa 12 i ny ham).

Playstation-eigarar nyttar mest pengar og tid

John Koller er glad i den lojale Playstation-kunden, og meiner at dei gjer skilnaden mellom seg og dei andre.

— Det er mykje research som viser at PS3-kunden nyttar mest tid på konsollen sin av alle kundar. Dei nyttar mykje tid og mykje pengar. Slike kundar er veldig verdifulle. Sjølvsagt set me dei veldig høgt.

Dette er gode nyheiter for Sony, som på årets Gamescom gjekk ut med Cross Buy-konseptet, der ein får Vita-versjonen av enkelte spel dersom ein kjøper PS3-versjonen. Ikkje overraskande er det fordi eigartala overlappar.

— Me har ikkje gått ut med tala offentleg, men eg kan fortelje deg at dei fleste Vita-eigarar òg er PS3-eigarar. Stort sett er dei Playstation Nation-kundar som er lojalistar, seier Koller.

— Me kan kjøpshistoria deira. Me veit kva spel dei liker. Me veit kva som fangar interessa deira.

Les også: Cross buy: Vita + PS3 = sant!

I august vart det kjend at Vitaen også skal kunne nyttast som kontroller for PS3. Ifølgje Fergal Gara er det ikkje utenkjeleg å kunne selje Vita og PS3 i same pakke, og skape fleire spel som kan likne på Wii U-ens komande toskjermsløysing.

— Me tenkjer på det, og det er fleksibelt for nettopp å gjere det, seier han.

(Artikkelen held fram under traileren for Assassins Creed: Liberation.)

«Assassins Creed» legg lista

Koller legg fram dei samanhengande, men heilt ulike historiene i Vita-spelet Assassins Creed: Liberation og konsollspelet Assassins Creed III som det ultimate.

— Det er det me driv mot. Når du ser på spela som er på veg, så prøver me å tilby unike opplevingar mellom plattformane. Så langt, har me gjort dette riktig, seier Koller.

Det me har sett av dei komande Assassins Creed-spela på Gamescom verkar lovande, og det ser absolutt ut som om Liberation kan skape ei fin utviding av AC-universet slik me kjenner det, men er det for seint for Vitaen?

Les også: Alt Filmpolitiets innhald frå Gamescom

Til sjuande og sist er det salstala for som gjelder. Koller insisterer på at Vitaen møter Sony sine forventningar, sjølv om dei siste tala (frå juni) viser at salet berre ligg på litt over 2 millionar totalt. Prisen kan ha hatt noko med det å gjere, samt ei hittil ganske lågt mengd storspel. Men Koller er positiv (som han strengt talt er betalt for å vere):

— Innhaldet som er på veg – ikkje berre i jula, men det me ser over dei neste åra – held Vita-utviklinga glovarm!

Korleis er framtida for PS Vita? Og burde Sony halde Playstation 3 levande lenger, eller satse hardt på neste generasjon?