Fleire TV-seriar dei siste åra har forsøkt å vise kor langt menneske kan gå for å halde det økonomiske livet sitt i orden. Men ikkje så mange av dei større har vist hovudrollene sine i faktisk fattigdom.

I Shameless er figurane innom det aller meste av kriminalitet for berre å halde hovudet over vatnet. Familien Gallagher er mildt sagt dysfunksjonell. Far Frank (Willim H. Macy) er kraftig alkoholikar, og difor har dottera hans, 21 år gamle Fiona, vore mor for sine fem yngre søsken.

Familieforholdet dei imellom er sterkt, men høgst uvanleg. Situasjonane dei hamnar oppi er tidvis frykteleg morosame, men serien har ikkje heilt bestemt seg for kva den er etter første sesong.

Anmeldelse: Anger Management: Charlie Sheen er tilbake

Ein stor familie

Shameless er til tider hysterisk artig, og fullasta med svart humor som eg ikkje klarar å late vere å elske. Gjengen med gatesmarte ungar som trass akutt mangel på fast inntekt, likevel klarer å dele dollars og kjærleik mellom seg varmer både hjartet og smilemusklane.

Seriens figurgalleri – ein sjupersoners familie og omliggande naboar og vener – kan verke litt stort, men serieskaparane har klart å veve historiene deira saman så det aldri er vanskeleg å følgje med.

Alle har sine samhandlingar, sine samtaler og sitt samspel. Av og til kan dei mjukare sidene bli litt for klissete, men Franks stort sett kalde og kyniske framtoning vegar opp for det søte.

Fantastisk som fyllik

William H. Macy som Frank er seriens sentrum, sjølv om han eigentleg ikkje får så mykje skjermtid. Til å spele ein figur som raskt kunne ha blitt ein karikatur av trygdesnylteren – amerikansk «white trash» – tippar han aldri over i monsterfasen, trass kynismen. Macy har stålkontroll på slike elskelege, patetiske figurar.

Ellers er eg imponert over «borna» i serien. Emmy Rossum er familielimet og matriarken Fiona, og samspelet mellom Cameron Monaghan og Jeremy Allen White som brørne Lip og Ian er noko av det beste i heile serien.

Ian og Lip i «Shameless» (Foto: Warner Bros. Entertainment AS).
Ian og Lip i «Shameless» (Foto: Warner Bros. Entertainment AS).

Remake av britisk serie

Produsent Paul Abbott, har teke med seg denne serien over havet frå England.

Der har han allereie har gjort fem sesongar med Shameless som manusforfattar og regissør. Det merkast kanskje på ein svart humor som eg ofte forbind meir med britiske enn amerikanske komedier.

Eg har ikkje sett den britiske sjølv, men eg har oppfatta at seriens framgang omtrent er ein direkte kopi av originalen – utan at det nødvendigvis gjer noko. Sett i amerikansk kontekst fungerer det veldig godt, og serien får ekstra slagkraft av godt bruk av kamera, spesielt i meir kaotiske scener.

Anmeldelse: Boardwalk Empire sesong 2: Denne gongen er det personleg

Endrar stemning

Mot slutten av sesongen endrar TV-serien seg litt. Familien får besøk av folk dei ikkje har sett på lenge, og stemninga vert meir dramatisk. Det er ikkje dårleg, men latteren sit ikkje like laust, og serien mistar litt av det skarpe og raske den gjorde så godt i starten av sesongen.

Etter enda oppleving framstår serien kanskje som litt forvirra. Eg er absolutt interessert i å vite kva som hender med Frank, Lip, Fiona og resten av gjengen, men avslutninga held ikkje heilt oppe det starten lova.

Om Shameless er heilt lik det britiske opphavet, så har dei kanskje gått glipp av ein sjanse til å gjere det litt meir heilskapleg mot slutten. Serien er likevel sjåverdig, og eg ser fram til meir.

Første sesong er tilgjengeleg på DVD/Blu-ray no. Andre sesong startar på C-More den 5. oktober.

Om SERIEN

Shameless
  • Shameless
  • Slippdato: 03.10.2012
  • Sesong: 1
  • Regi: Paul Abbott
  • Utgiver: Warner Bros. Entertainment AS
  • Sjanger: Drama, Komedie