Hansel & Gretel: Witch Hunters skulle opphavleg ha premiere i mars i år. Historia, som omhandlar eventyrklassikarane Hans og Grete som vaksne heksejegerar, vart i staden flytta eitt år framover, til 2013. Frå bassengkanten fortel regissør og manusforfattar Tommy Wirkola kvifor.

– Det var veldig mange store filmar rundt oss. Blant anna Hunger Games, som viste seg å sluke alt som var rundt den, så det var jo ei lur avgjersle akkurat det. Men hovudsakleg var det Jeremy Renner, som [distributøren Paramount] såg at forhåpentlegvis kunne bli ei stor stjerne innan eit år.

Les også: Jeremy Renner: – Jeg digger Tommy!

Etter Oscar-vinnande The Hurt Locker i 2010 hadde Jeremy Renner fleire filmar på plakaten, og sidan Wirkola-filmens vekklagde premieredato har han blitt eit større namn med store roller i filmar som Mission Impossible: Ghost Protocol, Jason Bourne og ikkje minst storsuksessen The Avengers.

Blant anna Bjørn Sundquist og Ingrid Bolsø Berdal har biroller i «Hansel & Gretel: Witch Hunters». (Foto: SF Norge)
Blant anna Bjørn Sundquist og Ingrid Bolsø Berdal har biroller i «Hansel & Gretel: Witch Hunters». (Foto: SF Norge)

Bruker fleire norske skodespelarar

Tommy Wirkola har nytta dei same skodespelarane i ei rekkje av filmane sine. Det same gjeld for hans Hollywood-debut. Både Stig Frode Henriksen, Vegard Hoel, Jeppe Bech Laursen, Ingrid Bolsø Berdal, Christian Rubeck og ringreven Bjørn Sundquist er med i ulike deler av filmen.

– Det er ingen grunn til at norske skodespelarar ikkje skal kunne brukast! Dei er akkurat like gode som svenske, danske og amerikanske for den saks skuld.

Les også: Hansel & Gretel får nest strengaste aldersgrense i USA

Ettersom handlinga i Hansel & Gretel går føre seg i et fiksjonelt Tyskland, var det lettare å få gjennomslag for å nytte europeiske – og dermed norske – skodespelarar.

– Ingrid og Bjørn har store roller i filmen, det blir artig. Eg gler meg til å vise det til Noreg.

Premieredato på Hansel & Gretel: Witch Hunters vert 1. februar 2013. For tida snikrast òg Kill Buljo-oppfølgjaren ferdig. Den får premiere allereie i mars.

På Filmbonanza på NRK2 i kveld får du i tillegg Wirkolas topp 3-liste over beste bruk av ordet «FUCK» på film, samt intervju med Michael Haneke om hans Oscar-favoritt Amour.