1 av 7 menneske har symptom på coulrofobi – frykt for klovnar. Med eit nedslagsfelt på 14 % av befolkninga er det kanskje ikkje så rart at klovnar allereie er eit velkjend verkemiddel i skrekkfilm og skumle historier.

Peter Stormare er ein gjengangar i Hollywood, men som oftast i litt merkelege biroller. Denne gongen er det intet unntak, når Eli Roth – mangeårig Tarantino-ven og regissør av blant anna Hostel – produserer ein film der myten om den vonde klovnen er sentral, melder Empire Online.

Forbanna klovnekostyme

I filmen, som har fått namnet Clown, speler Andy Powers ein far som må hoppe inn i klovnekostymet sjølv då den innleigde klovnen til sonens bursdagsselskap aldri dukkar opp. Så viser det seg at kostymet han har ikledd seg i er umogeleg å ta av, og at det i tillegg kviler ei forbanning over den.

Tulletraileren frå Waverly Films

Opphavleg var dette ein tulletrailer på internett, men Eli Roth oppdaga den og fann ut at han ville produsere den. Ikkje heilt ulikt Machete, med andre ord.

Stormare tek rolla som ein ekspert med djup kjennskap til klovnar og deira historie, og Laura Allen – kjend frå blant anna Awake, spelar familiens mor.

Stormare er kanskje best kjend for ei rekkje fantastiske biroller i filmar som Fargo og The Big Lebowski, og her i landet blant anna i Tatt av kvinnen eller Hjelp, vi er i filmbransjen.

Regissør Jon Watts har tidlegare blant anna gjort TV-serien for satirenyheitsnettstaden The Onion, og dette er hans første større prosjekt.

Skumle klovnar i filmhistoria

Dette vil vere langt frå første gong klovnar er skumle på film. Den største ulempa og den største fordelen med skrekkfilmar er at dei er så altfor, altfor billege å lage. Når filmskaparar så får mogelegheita til å tappe inn i dei mørkaste fryktene våre, er nok klovnekostymet – lett tilgjengeleg i alle leiketøysforretninger – eit enkelt og billeg val.

Tallause klovnar har skremt folk, deriblant klovnedukka i Poltergeist, romvesenklovnane i Killer Klowns from outer space, dei psykopatiske mordarane i Clownhouse eller kanskje til og med klovnezombien i Zombieland?

Jokeren – framstilt av både Jack Nicholson og Heath Ledger – vert ein litt anna klovnefigur, sjølv om han absolutt kan vere skummel han òg. Fremst av dei alle står nok Tim Curry som klovnen Pennywise i It. Scroll eit hakk lengre ned – om du tør.

Klovnen Pennywise. (Foto: Warner Bros Home Entertainment)
BØH! Tim Curry som klovnen Pennywise. (Foto: Warner Bros Home Entertainment)

På ein skala frå 1 til 10, kor redd er du for klovnar?