Med denne vekas nyheit om at GTA-serien er oppe i 125 millionar selde eksemplar – 25 millionar for GTA IV åleine – snakka Take-Two-sjef Strauss Zelnick om kvifor dei likevel ikkje ynskjer å gjere GTA til ei årleg utgiving, som til dømes Call of Duty og Assassins Creed.

– Merkevarer som får årlege utgivingar ser ut til å treffe veggen til slutt, og me vil ikkje at merkevara vår skal treffe veggen, sa Zelnick ifølgje Gamespot.

Som James Bond

Faktisk går Zelnick så langt som å meine at GTAs suksess kjem frå at dei let vere å gi ut eitt spel i året. Han samanliknar det med James Bond-filmane, ein anna serie som gjerne ventar eit par år mellom filmane sine. Dette gjer båe franchisene meir spesielle, hevdar han.

Losby Santos er hovedbyen i GTA V. (Faksimile fra Gameinformer.com)
Byer som dette tar tid å lage. (Faksimile fra Gameinformer.com)

– Det er vårt synspunkt at dersom merkevarene dine er permanente, så risikerer du at kundane sluttar å elske franchisen. Activision ser det tydelegvis annleis.

Activision eig Call of Duty-namnet, og dei to seriane Modern Warfare og Black Ops som båe er salgsrekordhaldarar.

Det nyleg utgitte Black Ops 2 har teke innteningsrekord, men har likevel ikkje seld like mange eksemplar som fjorårets Modern Warfare 3. Dette meiner Zelnick tyder på ein trend.

Les også: Black Ops 2 sopte inn 2.9 milliardar kroner i løpet av dei 24 første timane

— Spelskaparar veit ikkje når dei skal stanse

Ubisoft er kanskje snikmordaren mot straumen i dette tilfellet. Ubisoft, som står bak franchisen, seier sjølv at dei tenkjer eit godt stykke framover i planlegginga si. Alex Hutchinson, kreativ leiar på Assassins Creed 3, meiner at problemet ikkje nødvendigvis er hyppigheit, men for mange like element gjennom spelets gang.

– Ein tabbe spelskaparar ofte gjer er at dei ikkje veit når dei skal stanse. Og det betyr ikkje nødvendigvis stanse franchisen, men avslutte ei historie eller ein bestemt del av det.

Ifølgje Hutchinson, er utskifting av hovudpersonar og stader årsaka til at folk oppfattar Assassins Creed-serien som frisk. Til Filmpolitiet seier han at Assassins Creed er langt frå over enno – ni spel og fem år inn i serien.

– Håpet er at me kan gjere serien på ubestemt tid, me håper at det er ein serie som kan leve veldig, veldig lenge.

Med stadig auka sal er det iallfall ingen grunn for Ubisoft til å stanse spelserien, som etter kvart har blitt ein av 2000-talets hittil største seriar.

Anmelding: Assassins Creed 3 er tidenes historietime!

(Artikkelen held fram under intervjuet med Alex Hutchinson)

– Gjer det betre kvar gong

Minkande sal er tydelegvis heller ikkje noko Take-Two og utviklaren Rockstar ser for seg. Zelnick viser til GTA-seriens vekst.

Holder muren i FIFA 13? (Foto: Electronic Arts).
Det store unntaket er sportsspel, seier Zelnick. (Foto: Electronic Arts).

– Det har aldri hendt med eit av våre. Våre spel gjer det betre kvar gong.

Det einaste Zelnick reknar som eit unntak er sportsspel. FIFA-seriens nyaste spel sel stort sett betre enn fjorårets, til trass for årlege planlagte versjonar til evigheita.

Les også: GTA V får tre hovudpersonar

Så gjenstår det berre å sjå kva strategi som visar seg å vere best. GTA V er venta våren 2013, og det kjem sikkert representantar for både Call of Duty, Assassins Creed og FIFA til neste år òg.

Kvifor lever nokre seriar lenger enn andre?