Dei som hadde gledd seg til den neste sesongen av Sherlock må nok vente litt til. BBC-serien vert nemleg nedprioritert blant arbeidet til seriens to stjerner Benedict Cumberbatch og Martin Freeman (hhv. Sherlock Holmes og John Watson).

Opphavleg skulle innspelinga starte i januar 2012, og sendast midten av same år. No kan det sjå ut som om ventetida for britiske sjåarar vert heilt til slutten av 2013.

For utombritiske sjåarar vert nok 2014 det aktuelle året, skriv Entertainment Weekly.

Les også: Dette veit me om tredje sesong av «Sherlock»

Steven Moffat på Comic-Con i 2008 (Foto: Ewen Roberts via Creative Commons)
Manusforfatter Moffat er òg ein travel kar. (Foto: Ewen Roberts via Creative Commons)

Opptekne herremenn

Båe hovudrolleinnehavarane har roller i dei komande Hobbiten-filmane. Freeman som Bilbo, og Cumberbatch som stemma til draken Smaug, samt The Necromancer.

Cumberbatch er i tillegg oppteken med blant anna ei skurkerolle i den komande Star Trek-filmen.

Dette, i kombinasjon med showrunner og manusforfattar Steven Moffat sitt arbeid på sci-fi-serien Doctor Who, er årsaka til utsetjinga.

Melding: Sherlock, sesong 2: – Ypperleg Sherlock Holmes

I eit tidlegare intervju har Moffat sagt at folk må bli vant til litt sulteforing når det gjeld hans Sherlock:

– Desse seks filmane kunne ha gått på kino. Du kan ikkje fabrikklage dette – det er ein anna type TV-serie.

Første sesong av Sherlock gjekk allereie i 2010, og den vart sendt saman med andresesongen på NRK tidleg i 2012. Andre sesong slutta med ein uløyst tråd som det har blitt spekulert mykje i, ei hending som mange helst vil ha svar på så raskt som mogeleg.

Kva tykkjer du om Sherlock? Skriv di meining i kommentarfeltet!