Vikings tok eit blad or boka til HBO då dei i natt lanserte den første teaseren til TV-serien Vikings. Undertittelen «The Storm is coming» er iallfall mistenkjeleg likt Games of Thrones sin «winter is coming».

TV-kanalen History er for tida kanskje mest kjend for «dokumentarar» om romvesen og verdas undergang, men satsar no på sin første fiksjonsserie, skriv ScreenCrush.

Vikings handlar om den ambisiøse nordmannen Ragnar Lothbrok (Travis Fimmel) som søkjer å finne nye sivilisasjonar og ressursar. Lothbrok er basert på sagafiguren Ragnar Lodbrok, ein dansk småkonge som hevda han hadde ætt etter guden Odin.

Torbjørn Harr. (Foto: SF Norge AS)
Thorbjørn Harr. (Foto: SF Norge AS)

Les også: Endelig kommer vikingserien

Thorbjørn Harr i birolle

For å gi serien ein meir autentisitet er det òg med skandinavar i serien.

Thorbjørn Harr (Mars & Venus, Reprise) skal spele vikingleiaren Jarl Borg, og Skarsgård-broren Gustaf – som tidlegare i år spelte kameramannen Bengt Danielsson i Kon-Tiki – speler Ragnars ven Floki.

Vikings er skapt av Michael Hirst som tidlegare har laga The Tudors og Camelot. Med seg på laget har han blant anna TV-serieveteranar som Gabriel Byrne (In Treatment), og Katheryn Winnick og Clive Standen som du kanskje har sett i Bones og Camelot.

Les også: «Kon-Tiki»-regissører planlegger vikingfilm

Går i viking i mars

Serien har foreløbig ingen fast sendetid på norske TV-kanalar, men med eit såpass rotnorsk opphav som dette skulle det ikkje overraske meg om nokon plukkar dei opp.

Vikings er hovudsakleg innspelt i Irland. Opphavleg ville dei spele inn serien på vestlandet, men produksjonskostnadene i Noreg vart rett og slett for dyre.

– Det er underleg at staten gjer så lite for å legge forholda betre til rette for utanlandske filmproduksjonar i Noreg, sa Sigmund Elias Holm i Vestnorsk Filmkommisjon til Aftenposten tidlegare i år.

Vikings får premiere på 3. mars 2012, ein liten månad før sesongpremiera på Game of Thrones (som har ein anna nordmann i ei birolle).

Sjå video: Her er første klipp av Kristofer Hivju i «Game of Thrones»

Blir vikingane 2013 sitt svar på zombiane?