Siste sesong av fantasyserien Game of Thrones er nær sagt ferdiginnspelt, og no har dei første klippa dukka opp på nettet.
Se klippet nedst i saka.
Blant seriens mange nye figurar denne sesongen er Tormund Giantsbane – spela av norske Kristofer Hivju. Han har ein sentral del i plottet som går føre seg nord for «The Wall» – det iskalde øydelandet der skrælingane styrer.
I bøkene er han ein hardtslåande, kvithåra brande med (stort sett) godt humør, i TV-serien har Hivju fått behalde det karakteristiske raude skjegget.
Melding: Game of Thrones S2: – Det beste som har skjedd fantasysjangeren på ti år
Første glimt av sesong 3
Hivju fekk rolla etter audition i juli i år, etter ein lang periode med Hollywood-rykte.
I videoen under (frå Game of Thrones Youtube-kanal) kan du sjå dei første ordentlege glimta frå sesong 3, og fleire av miljøa me får møte. Der får me òg sjå Hivju i samtale med Jon Snow (Kit Harington) i noko som ser ut som eit bak-scenene-klipp.
TV-serien er basert på George R.R. Martin sine bøker om det eventyrlege Westeros og dei omliggande områda. Tredje sesong tek handlinga frå første halvdel av den tredje boka A Storm of Swords.
Game of Thrones sesong 3 får premiere på amerikanske TV-skjermar 31. mars 2013.