Disney tviheld på Johnny Depp så lenge dei kan, og i kjølvatnet av Pirates of the Caribbean-filmane treng dei ein ny suksess. No kan det sjå ut som om Depps lange draum om å få lage ein film frå Don Quijote-romanane endeleg skal bli verkelegheit, ifølgje Entertainment Weekly.

1600-talsbøkene fortel historia om godseigaren Alonso Quijano, som har forlese seg på riddarromanar og starter sitt eiget forvirra krosstog for å redde heimstaden La Mancha frå «drakar» og andre ikkje-eksisterande fiendar.

Les også: Johnny Depp tek inn på Wes Andersons hotell

Depps havarerte hjartebarn

Johnny Depp har gjort karriere på merksnodige roller, og historiene om Don Quijote er absolutt i hans ånd. Saman med regissør Terry Gilliam – framleis best kjend for Monty Python og merkelege sci-fi-filmar – har han allereie forsøkt å stable ein film som dette på beina i over ti år. Denne vart aldri ein realitet, blant anna på grunn av pengetrøbbel.

Eit årelangt mareritt for Gilliam og Depp, og ei historie det faktisk vart laga ein dokumentar av.

I den sjåverdige filmen Lost in La Mancha frå 2002 får me blant anna sjå scener frå den uferdige Gilliam-filmen med Depp som Toby – ein mann som har falt inn frå framtida og ender med å bli Quijotes hjelpar.

(Sjå klipp frå den uferdige filmen til høgre!)

Det siste me høyrde frå denne var at den nok ein gong vart utsett i juli 2012.

Depps nye prosjekt har førebels ingen fastsett regissør, det er dog ikkje ikkje utenkjeleg at det vert nokon andre enn Terry Gilliam.

Melding: The Imaginarium of Doctor Parnassus: — Velkommen til Terry Gilliams fantasiunivers!

Få detaljar om filmen

Både tittel, rolleliste og regissør er altså ukjend på den nye filmen, men det vert omtala som ein moderne vri på Don Quijote, noko som absolutt kan vere i tråd med filmen Gilliam forsøkte å lage.

Det nye manuset skal bli skrive av Steve Pink og Jeff Morris, som for tida er oppteken med The True Memoirs of an International Assassin. Pink stod blant anna bak manuset på High Fidelity, og han regisserte tidsreisekomedia Hot Tub Time Machine frå 2010.

Det er uvisst om Johnny Depp har ei rolle i Quijote-filmen, men ettersom det er hans produksjonsselskap Infinitum Nihil står bak er det ganske sannsynleg. Dei stod òg bak The Rum Diary, Dark Shadows og den komande Depp-filmen The Lone Ranger.

Melding: The Rum Diary: — Depp gjør narko ubehagelig morsomt

Dette vert langt frå første gong figuren er filmatisert, allereie i 1933 kom den første Quijote-filmen, regissert av den historisk viktige Georg Wilhelm Pabst.

Kven bør regissere denne filmen?