Skyfall er ikkje berre den mest utbytterike Bond-filmen i historia. No har den 23. Bond-filmen i rekkja også blitt den mest lønsame kinofilmen i Storbritannia. Det melder The Hollywood Reporter.

Filmen har så langt tent inn 851,9 millionar kroner frå kinoar i Storbritannia – som er ny rekord. Dimed har han i løpet av éin månad slått Avatar med tre millionar kroner.

Les også: Filmmelding av Skyfall

Stas med femtiårsjubileum

– Me er overvelda av takkseme til kinogjengarane i Storbritannia som har gjort Skyfall til den mest lønsame filmen nokosinne i Storbritannia, seier produsentane, Michael G. Wilson og Barbara Broccoli til The Hollywood Reporter.

Det er 50 år sidan den første Bond-filmen, noko Peter Taylor frå Sony Pictures meiner gjer rekorden ekstra stas.

– Det er spesielt passande at det siste Bond-eventyret blir den mest lønsame filmen i Storbritannia akkurat på femtiårsjubileet, seier Taylor.

Les også: Rekordtal for Skyfall

God kritikk er lik stor suksess?

Skyfall har også gjort det godt i andre stader av verda. I Japan var det nærare 400 000 kinogjengarar som såg filmen i opningshelga, noko som er 69 % betre enn den førre Bond-filmen, Quantum of Solace. Filmen tente inn 30 millionar kroner på opningshelga.

Sjølv om Skyfall hadde premiere 3. november, gjeld ikkje dette for heile verda. I Kina har ikkje Skyfall premiere før etter jul, mest sannsynleg i januar eller februar.

I Noreg nærmar filmen seg 700 000 selde kinobillettar, på ein førebels tredjeplass bak Kon-Tiki og Istid 4.

Skyfall har hausta god kritikk frå filmmeldarar over heile verda. Spesielt har Javier Bardem i skurkerolla blitt trekt fram som ein glimrande skurk – mellom anna av Filmpolitiets filmmeldar Birger Vestmo. På Imdb har Skyfall ein rating på 8,1 – den høgste poengsummen blant Bond-filmane.