Om ein først ser forbi den dørgande keisamme norske tittelen har Sommerbryllup i Italia mykje som ein skulle tru talar til fordel for seg. Pierce Brosnan, Trine Dyrholm og Kim Bodnia framfor kamera, samt ein Oscar-vinnande regissør og manusforfattar i skuggane.

I 2011 vann nemleg Susanne Bier Oscar for dramaet I en bedre verden. Det kjem ikkje denne filmen til å klare. Sommerbryllup i Italia er ikkje dårleg, men den er langt frå dei filmane ein burde kunne vente av eit slikt mannskap.

Anmelding: I en bedre verden: — Sterk og flott film om hevntanker

Alle familiar har problem

Som i tidlegare Bier-filmar er det familien som står i sentrum. Denne gongen møtest to slekter på ein italiensk sitronplantasje i anledning bryllaupet mellom familiane sine to håpefulle.

Brura si mor Ida (Trine Dyrholm) er kreftpasient og frisør som går frå mannen sin (Kim Bodnia) etter at ho finn han med den unge, blonde rekneskapsassistenten frå jobben.

Sommerbryllup i Italia. (Foto: Nordisk Film Distribusjon)
Bryllaupet feirast i vakre Italia. (Foto: Nordisk Film Distribusjon)

Brudgommen sin far Phillip (Pierce Brosnan) er ein misantropisk business- og enkemann som føretrekk å vere åleine, især frå si innpåslitne svigerinne (Paprika Steen). Alle har sine problem å stri med, og i samla flokk kjem konfliktane for dagen. Par møtest, par svever, og par splittar opp.

Anmelding: Sjå alle filmane som har premiere 1. juledag her!

Dette er ei romantisk dramakomedie – eit slags kammerspel hovudsakleg sett til villaen ved sitronplantasjen. Eit artig nok konsept, med fleire gode skodespelarar, som diverre strever med eit klisjéfylt manus. Spesielt slit filmen i scenene som skal fylle ut «romantisk»- og «komedie»-kvoten.

Drama derimot, det kan både Bier og hennar mangeårige manusforfattarpartner Anders Thomas Jensen. Filmen har sine augneblink, men det er for langt mellom både den gode latteren og den gode gråten, og 90 minutt ut i filmen sine to timar lange løpetid er eg lei.

Sommerbryllup i Italia. (Foto: Norsk Film Distribusjon)
Kim Bodnia som den sjølvopptekne Leif – med elskarinna på slep. (Foto: Norsk Film Distribusjon)

«When the moon hits your eye…»

Brosnan er sitt sedvanlege belevne eg, med eit stikk av noko djupare ein stad. I Trine Dyrholm sin skikkelse ser han – og absolutt eg som publikum – noko som friskar opp kvardagen. Diverre tvingar manuset han til å levere oppstylta sjekkereplikkar som at «sitronen er eit bær». Au.

Sommerbryllup i Italia. (Foto: Norsk Film Distribusjon)
Trine Dyrholm er god som kreftsjuke Ida. (Foto: Norsk Film Distribusjon)

Filmen sitt val om å nytte ei handfull ulike versjonar av «That’s Amore» for å beskrive alt frå romantikk og glede til bittersøtleik og tristesse forsterkar inntrykket mitt: Sommerbryllup i Italia er tidvis frykteleg banal.

Hadde den teke det lenger ut – som i nokre av Bier sine tidlege komediar eller hennar sterkare drama – kunne det likevel ha blitt festleg, eller i det minste ikkje så tamt. Gi meg ei overrasking! Handlinga i filmen er så føreseieleg at det er synleg i horisonten lenge før me kjem fram.

Les også: Hva betyr et terningkast?

Italienske Sorrento er fargesterkt og kontrastert til det litt grå Danmark me får sjå før og etter bryllaupet. Til tider kan det nesten sjå ut som Pierce Brosnans førre storsuksess i Noreg, Mamma Mia!, sjølv om han heldigvis slepp å synge her.

Kanskje passer tittelen Sommerbryllup i Italia eigentleg betre enn eg trudde. Den høyrest ut som eit kva som helst gjennomsnittleg romantisk drama, og ender også med å bli det. Trist nok, frå ein dansk regissør som vanlegvis er av dei betre på familieforteljingar.

Er romjula kinotid for deg?

Om FILMEN

Sommerbryllup i Italia
  • Sommerbryllup i Italia
  • Slippdato: 25. desember 2012
  • Regi: Susanne Bier
  • Utgiver: Nordisk Film Distribusjon
  • Originaltittel: Den skaldede frisør / All you need is love
  • Sjanger: Drama, Komedie, Romantikk