Hu-hei, kor det går! Har ikkje før Rønning og Sandberg fått ein Oscar-nominasjon, så byrjer prosjekta å renne inn. No er ein ny avtale nær i boks, dei to regissørane er tilknytt filmen Spectral, i ei avtale som Deadline omtaler som eit 7-sifra dollarbeløp.

Spectral er seld inn som eit «overnaturleg Black Hawk Down» eller ein «hardbarka Ghostbusters» og omhandlar ei militær spesialstyrke som jakter på spøkelser i Manhattan. Historia har farta rundt i den amerikanske filmbransjen nokre år no, men har ikkje blitt knytt opp mot regissørar før no.

Konkurranse: Kven bør vinne Oscar? Send inn ditt forslag – vinn filmpakke

Opphavleg planlagd for 2014

Filmen har òg vore snakka om som ei mogeleg franchise – ei merkevare som det kan bli fleire filmar av – men det er ikkje kjend om fleire manus er skrive enno. Som alt anna i Hollywood vil oppfølgjarar kome an på populariteten til den første filmen.

Manuset er laga av det relativt ubeskrivne bladet Ian Fried, som dei siste åra har hatt nokre bidrag til The Black List – ei årleg kåring av dei best likte uproduserte filmmanusa i Hollywood.

Dette vert ikkje deiras første Hollywood-forsøk. I 2006 laga duoen westernfilmen Bandidas med Salma Hayek og Penelope Cruz i hovudrollene.

Produksjonsselskapet Legendary har tidlegare sagt at Spectral er planlagd å kome ut i 2014. Korleis dette påverkar Rønning og Sandberg sitt komande norske vikingfilm-prosjekt basert på boka Hard er mitt lands lov vitest ikkje.

Kva trur du om Rønning og Sandberg sitt visuelle uttrykk i New Yorks gater?