Etter den karismatiske Steve Jobs død i 2011 var det berre eit tidsspørsmål før livet hans kom til å bli ein film. Då det i fjor vart kjend at Ashton Kutcher skulle ta hovudrolla som Apple-sjefen var mange skeptiske.

Filmen, som har fått namnet jOBS (skrivefeilen er med vilje – journ. anm.), starta innspeling i fjor, og i natt dukka det første klippet frå filmen opp på Entertainment Tonight.

Klippet viser den første scena, med ein entusiastisk og vidløftig Jobs på slutten av 70-talet:

– Ingen vil ha ei datamaskin, seier Josh Gad i rolla som Apple-grunnleggjar Steve Wozniak.

– Korleis veit nokon kva dei vil ha om dei aldri har sett det?, svarer Kutcher som Jobs.

Dei snakkar om maskina som skulle bli Apple I, selskapets første datamaskin, hovudsakleg bygd av Wozniak for å imponere Homebrew Computer Club – ein elektronikkhobbygjeng dei båe var medlem av.

Jobs-ven reagerer

I motsetning til Jobs er Steve Wozniak høgst levande, og etter klippet dukka opp kommenterte han det i kommentarfeltet hjå teknologinettstaden Gizmodo:

Steve Wozniak, med-grunnleggjar av Apple. (Foto: REUTER/Aly Song)
Steve Wozniak, med-grunnleggjar av Apple. (Foto: REUTER/Aly Song)

– Ikkje ein gong i nærleiken, me hadde aldri slike samhandlingar eller slike roller.

Wozniak meiner at det på det stadiet var han som var filosofen, medan Jobs såpass tidleg var mest ein handelsmann. I ein mail til Gizmodo utdjupar han dette:

– Steve hadde seld overskotsdeler (…) og såg alltid etter ein måte å tene pengar på designa mine. Denne typen svevande prat kom mykje seinare, skriv han.

Teknologigiganten anbefaler naturleg nok si eiga bok, iWoz for eit betre bilete på situasjonen, og seier scena gjer han litt flau – men at det er bra om det gjer filmen morosam og underhaldande.

Han tek dermed ei meir tilgivande retning enn andre som har reagert på endringar i filmar som visstnok er «basert på verkelege hendingar».

Les også: Assange fordømmer filmen om Wikileaks

jOBS får amerikansk premiere 19. april, den har ingen norsk dato inntil vidare.

Kor mykje fridom bør filmskaparar kunne ta seg når dei lagar filmar om ekte menneske?