Eg innrømmer det gjerne, denne artikkelen er litt for å vise fram kule plakatar – og litt i håp om at Drew Struzan får jobben.

Illustratør Drew Struzan hadde eigentleg ikkje gjort så veldig mykje arbeid på filmplakatar før han i 1978 fekk oppgåva med å hjelpe til for relanseringa av Star Wars.

Plakaten – og filmen – vart ein stor suksess, og seinare fekk han jobben med å måle blant anna Indiana Jones-filmane, Bladerunner, Back to the future og Rambo.

Sjå fleire av Struzans verk i galleriet i bunnen av saka.

Eigentleg pensjonert

No har han eigentleg pensjonert seg, 66 år gammal som han er, men han gjer av og til prosjekt som interesserer han spesielt. På eit intervju for plakaten han nyleg gjorde for TV-serien Being human avslørte han at han òg er kontakta for dei komande Star Wars-filmane.

– Aldri sei aldri, fordi, eg fekk nokre telefonar tidlegare denne veka om Star Wars frå Disney, seier han til popkulturbloggen Fanhattan.

– Herregud, eg prøver å vere pensjonert! Du veit, eg har nytta 35 år på å måle Star Wars. Eg måla Star Wars før dei fleste av dykk var fødd!

Sjå video: Vil vi ha mer Star Wars?

Desse gamle plakatane, gjerne målt med akryl på lerret, har ei eiga kjensle, som det er vanskeleg å gjenskape på dagens filmar. Innleigde modellar, Photoshop og eit kraftig blå-og-oransje-skjær vert liksom ikkje heilt det same. Men, det er klart, dei verste filmplakatane frå den tida er gløymd i dag, og det finst både gode og dårlege filmar no til dags òg!

Nokre eksempel frå kvar si side av skalaen på nyare filmplakatar:

Drew Struzan sitt arbeid

ILM – Industrial Light & Magic – sin første logo.
ILM – Industrial Light & Magic – sin første logo.

Struzan står oppført som illustratør på ei rekkje filmplakatar, mest sannsynleg nokon du har sett dei siste fire tiåra. Han fekk til og med i oppdrag å måle Industrial Light & Magic–George Lucas sitt effektmakeriselskap–sin første logo.

Mot 90-talet, når det vart billegare med digitale plakatar, fekk Struzan mindre arbeid–sjølv om han haldt fram med teikneseriecover, plateomslag og diverse filmplakatar.

Les også: Er ikkje desse plakatideane litt for like?

Han har tidlegare uttrykt tristheit på vegner av nedgangen i tradisjonell kunst til fordel for digitale middel:

– Eg elskar overflata til måling laga av farga jord, olje frå tre, og på lerret og papir. Gåva mi er å dele livet mitt ved å late andre sjå i hjartet og sjela mi gjennom slike handfaste, forståelege og attkjennande måtar. Målinga er ein del av uttrykket.

Her er fleire av plakatane hans, nokre utan tittel for å framheve bileta betre:

Kva er den beste filmplakaten du veit om? Har du nokon favorittplakatkunstnarar?