House of Cards no har allereie rykka opp som mest sette tv-serie i Netflix – over innkjøpt materiale som Lilyhammer og How I met your mother. Dette avslørte innhaldssjef Ted Sarandos på Dive Into Media-konferansa i går, ifølgje AllthingsD.

– Eg vil ikkje oppgi rangeringar, fordi det er som å samanlikne eple og appelsinar i forhold til tradisjonelle tv-sjåartal.

Netflix held dermed fast på politikken sin om ikkje å avsløre mengda sjåarar. Det dei derimot har avdekt er kor mykje pengar dei har nytta på tv-serien. Sarandos uttalte at 100 millionar dollar har vore ei betre investering her enn i innhald kjøpt frå andre serieskaparar, nettopp fordi serien er eksklusiv.

– Content is king

Redaktør i NRKbeta, Eirik Solheim, utdjuper i til NRK Morgennytt årsakan til at serien har slått an:

– Dette er gode gamle «content is king», det er ein god tv-serie – rett og slett.

Men at det nettopp er Netflix, og ikkje ein av dei klassiske kanalane, som har finansiert og produsert kan vere eit paradigmeskifte for tv-vaner meiner han.

– Den store skjermen i stova brukar me, men kanskje me fórar den med innhald på andre måtar. Tidlegare har me fóra den frå kabel og satelitt og den slags, no kan me fóre den med innhald via nettet.

Netflix-representantar seier til NRK Filmpolitiet at tv-serien etter kvart vil kome i fysisk format til heimemarknaden, og at den er tilgjengeleg for innkjøp hjå tv-kanaler i områder der Netflix ikkje er til stades – til dømes store delar av Europa.

House of Cards. (Foto: Netflix)
Journalisten Zoe og politikaren Francis. (Foto: Netflix)

Ein tredel av sjåarane såg heile serien

Netflix slapp alle episodene i første sesong samtidig, noe som òg har en viss effekt på oss.

– Du blir fort sitjande og sjå ikkje berre éin episode, men to, tre og fire. Bøker har alltid vært sånn. Du gir ut heile boka, og så snakkar me om heile boka. Ein gir ikkje ut kapittel og kapittel, og så må du vente til neste veke på neste kapittel, seier Solheim.

Graf for «House of Cards». (Bilete: Procera)
Graf for «House of Cards». (Bilete: Procera)

I det som nok er ei styrt lekkasje frå Netflix (via op-5.no) har analysebyrået Procera avslørt at heile ein tredel av alle amerikanske abonnentar som såg House of Cards på Netflix endte med å sjå heile serien.

Samtidig har 5-10 prosent av amerikanske Netflix-kundar sett på serien. Alt i alt, veldig sterke tal.

Det er kanskje ikkje overraskande, med tanke på promoteringa og at serien er ein av dei første som er sleppt på tenesta i heile verda samtidig. Det er likevel spennande å sjå utviklinga, og at Netflix får til det dei prøver på.

Anmelding: House of Cards: – The West Wing sin vonde tvillingbror

Dreamworks-filmen «Turbo» skal òg bli Netflix-serie. (Foto: Dreamworks)
Dreamworks-filmen «Turbo» skal òg bli Netflix-serie. (Foto: Dreamworks)

Vil kopiere suksessen med borne-TV

House of Cards er den første av fleire seriar i år som er eksklusivt for nettplattformen. Dei skal òg samarbeide med Dreamworks på ein serie basert på ein av sumarfilmane deira – Turbo.

– Dei var pionerar for tv-dramaet med House of Cards og no vil me gjere det same med TV for born, seier Dreamworks-sjef Jeffrey katzenberg til Variety.

Dette kjem i tillegg til dei framtidige lanseringane av humorserien Arrested Development, skrekkserien Hemlock Grove, kvinnefengselskomedien Orange is the new Black, og sjølvsagt andre sesong av Lilyhammer (som dukkar opp samtidig på NRK i haust).

Les også: Arrested Development tilbake i mai

Konkurransen tilspissar seg i strøymemarknaden

Sarandos seier at Netflix har som mål å få fleire eksklusive seriar, men insisterer på at dei ikkje forsøker å plukke frå kvarandre tradisjonell TV.

– Dette gjer til at NRK, TV2 og dei norske kanalane må bli flinkare til å lage eiget innhald, seier Solheim.

– Det byrjer å bli ordentleg konkurranse på nett, utfyller han og trekk i tillegg til Netflix, HBO, Comoyo, Sumo og NRKs nett-tv fram Youtube og Amazon som mogelege jokerar i innhaldsdiskusjonen.

Ein Netflix-talsmann uttalte forresten at sjølv om House of Cards er den mest populære tv-serien, finst det filmtitlar som er sett meir. Eg tippar at syndaren er ein eller anna «guilty pleasure». The Blind Side? 10 things I hate about you?

Har du sett House of Cards? Vil tv-kvardagen din endre seg i 2013?